Du er her

Barndom på vent

– Det er ikkje noko skilje mellom politikk og enkeltlagnadar, sa psykologane. Politikarane kvitterte med eit samstemt ja til forbetring av asylsøkjarborna sin situasjon.

Publisert
27. oktober 2006

PANELDEBATT: Journalist Lars Neru Sand (t. v.) leia paneldebatten mellom Karin Andersen (SV), Karin Volseth (FrP), Atle Hagtun (V), Åshild Smith (KrF) og Liv Gulbrandsen (RV).

Det finst på verdsbasis i dag kring 9 millionar born som er flyktningar. 2250 av desse er i Noreg, og mange av dei lever store delar av oppveksten på asylmottak. Torsdag 28. september inviterte Norsk Psykologforenings menneskerettighetsutvalg (MRU) politikarar og interessegrupper til open høyring om livssituasjonen til denne utsette gruppa.

Soria Moria-lovnadar

FNs Barnekonvensjon blei ein del av norsk lov i 2003. I fråsegna etter Soria Moria-forhandlingane understreka den nye regjeringa at konvensjonen også skulle gjelda for born i asylmottak. Men etter vitnemål og talmateriale som kom fram på høyringa om emnet, er det framleis ein lang veg å gå før denne utsette gruppa er sikra tifredsstillande rettar.

Statssekretær Kjell Erik Øye i Barneog likestillingsdepartementet understreka at lovnadane frå Soria Moria står fast. Han hevda vidare at ein del var gjort i løpet av året Stoltenberg-regjeringa har sete med makta, mellom anna når det gjeld å få barnefagleg kompetanse inn i asylmottaka og å tilby barnefamiliar bustad utanfor mottak. Men at Psykolgoforeningen finn det naudsyn å arrangera høyring, seier vel sitt om at måla på langt nær er nådd.

Kjernen av psykologarbeid

Psykologen Kerstin Søderstrøm jobbar til dagleg ved BUP Lillehammer og sit som representant i MRU. Då Psykologforeningen sette av 2006 til å fokusera særleg på asylsøkarborna sin situasjon, drog Søderstrøm til eit flyktningmottak i Gausdal for å sjå med eigne augo korleis dei hadde det der. Bileta frå mottaket som ho viste på høyringa fekk tydeleg fram kva saka handla om. Dei viste ein kummerleg kvardag for så vel born som vaksne.

Søderstrøm drog fram artikkel 12 og 13 i barnekonvensjonen der det heiter at born har rett til å seia meininga si og bli høyrt, og å få og gje informasjon.

– Å bli høyrt er å bli sett, og det å fortelja gjer at tankar og røynsler blir organiserte og gjort gyldige. Slik hjelper vi barnet til å takle si eiga historie, sa Søderstrøm, og streka under at dette går inn i kjernen av psykologarbeidet.

Ho kom seinare inn på kor viktig det var å gje desse borna lommer av tryggleik. Det kan handla om å innføra maksimaltid på to år på mottaksopphald for born, slik dei har prøvd det ut i Trondheim. Eller det kan vera så enkelt som å gje borna ei forsikring om at dei ikkje skal bli henta den komande veka. Slik det er i dag lever mange asylsøkjarborn fleire år av oppveksten sin i total uvisse om morgondagen.

Plikt til å hjelpa

Eit anna medlem i Menneskerettighetsutvalget, Ragnhild Dybdahl, fortalte korleis psykologar som er i kontakt med asylsøkjarar ofte opplever konfliktar, til dømes i samband med at personar som slit med psykiske helseplager blir henta av politi og sendte ut av landet.

– Som helsepersonell har vi plikt til å hjelpa alle, men korleis skal vi kunna sikra behandlinga når personen skal tilbake til Sudan?

Frøydis Heyerdahl frå Barneombodet takka Psykologforeningen for initiativet til høyringa. Ho peika på korleis Barnekonvensjonen hevdar born sin rett til liv og utvikling og at tilhøva på mottaka er lite barnevenlege, ofte med fleire personar i mental uballanse, ein uroleg natterytme og politi som kjem og går. Med adresse til politikarane etterspurte ho ei reell vurdering av det enkelte barnet sine behov.

Høyringa blei avslutta med ein paneldebatt med representantar frå SV, FrP, Venstre, KrF og RV. Alle sa seg einige i statssekretær Øye si poengtering av at dette var ei dårleg sak for politisk prestisje. Alle sa og at arbeidet med å sikra asylsøkjarborna sine rettar går alt for smått. Midt i all konsensusen understreka representanten frå RV kor viktig det var at ikkje den uvanleg store semja blei ei sovepute.

Varm sak

Leiar i MRU, Nora Sveaas, er positiv i omtalen sin av høyringa.

– Vi har vore med å halda saka varm. Ei slik høyring er eit signal til politikarar og fagfolk om at asylsøkjarborna krev merksemd. Vi har og tydeleggjort at psykologar har eit fagleg ansvar for denne gruppa. Born er born, og vi har eit ansvar sjølv om dei blir sende ut av Noreg.

MRU har lenge arbeidd for at omsorgsansvaret for mindreårige asylsøkjarar skal overførast frå utlendingsstyresmaktene til barnevernet. I eit brev til Psykologforeningen frå desember i fjor lova barne- og familieminister Karita Bekkemellem at desse borna skulle få ein likestilt omsorgssituasjon innan årsskiftet 2006–2007.

– No må vi sjå på korleis lovnadane blir praktiserte, understrekar Sveaas.

MRU-leiaren ser etter tilhøva lyst på asylsøkjarborna sin situasjon.

– Statssekretær Kjell Erik Øye var kjempegod i sitt innlegg og viste at departementet har skjøna kva saka handlar om.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 11, 2006, side 1219-1220

Kommenter denne artikkelen