Du er her

Grønt lys for «psykologenes hus»

Ja til Psykologforeningens hus! Dette var bodskapen frå delegatene som samla seg til ekstraordinært landsmøte på Gardermoen torsdag 17. august.

Publisert
1. september 2006

QUO VADIS?: Psykologforeininga sitt sentralstyre på taket av eit aktuelt bygg i Kongensgate 11, Oslo. I bakgrunnen kan ein sjå Akershus festning.

«Psykologforeningens sentralstyre har vedtatt å sluttføre forhandlinger om kjøp av eget hus sentralt i Oslo. Dette er forhåpentlig det endelige vedtaket etter en lang prosess med vurderinger av hvordan vi best skal løse behovet for mer plass når kontrakten med vår nåværende utleier utløper.»

Slik starta president i Norsk Psykologforening, An-Magritt Aanonsen leiaren i juliutgåva av Tidsskriftet. Men allereie før trykkpressene var blitt kalde kom det interne signal om at siste kapittel i «hus-thrilleren» ikkje var ferdigskrive. Fordi saka er så viktig – det handlar om langsiktig plassering av storparten av foreininga sine disponible midlar, og opptak av lån på mange millionar kroner – vart det reist spørsmål om kva organ som burde handsama den. Etter å ha konferert med juridiske ekspertar, tromma sentralstyret saman til det første ekstraordinære landsmøtet i Norsk Psykologforening si historie.

Høg temperature

Totalt 65 representantar av 100 moglege hadde funne vegen til konferansesalen på Gardermoen 17. august. Kor vidt Sentralstyret skulle få fullmakt til kjøp av eigedom var einaste sak på lista, og den fyllte også dagen. Engasjementet var stort, og rundt ein tredel av representantane tok ordet i debatten, mange fleire gongar. Sentralstyret var allereie i forhandlingar om ein eigedom i Kongensgate 11 i Oslo. Sjølv om det ikkje var dette konkrete huset som skulle opp til vurdering, kom naturleg nok mykje av debatten likevel til å dreia seg om det.

Oslorepresentanten Inge Arne Teigset sette nok ord på det mange kjente då han sa at dei to sakane var vanskelege å skilja så lenge ein visste at om ein gav Sentralstyret fullmakt til å kjøpa, så ville dei i neste omgang skriva kontrakt på Kongensgate 11. Teigset var kritisk til at saka var for dårleg presentert for landsmøtet, og sanka anerkjennande mumling frå salen. Både frå tilhengarar og motstandarar av huskjøpet kom det kritikk mot Sentralstyret på grunn av for dårleg grunnlagsmateriale til landsmøtedeltakarane. På dette stadiet av debatten var det urå å ana kva lei saka ville ta.

Mange bekymringar

Mange sette ord på bekymringar kring Psykologforeininga sin økonomi, og det blei stilt spørsmål ved om eit eventuelt huskjøp ville påverka andre aktivitetar negativt.

An-Magrit Aanonsen sitt kronargument for kjøp gjaldt den politiske gevinsten. Denne ville ifølgje presidenten bli stor. Sentralstyret hadde gjort vurderingar som viste at om lag ein tredel av medlemane i Norsk Psykologforening i løpet av eit år ville vera innom huset i samband med kurs og møter. Ingen av dei frammøtte sette spørsmålstegn ved nytta av eit eige Psykologforeningens Hus, men mange meinte dette kunne lata seg like godt gjera i leigde lokaler.

Vest-Agderrepresentanten Anders Wahlstedt formulerte det slik: – Spørsmålet blir til sjuande og sist: Kva ønskjer vi? Å leiga, eller å eiga?

Ja til kjøp

Etter kaffi var det tid for å vurdera alternative vedtaksforslag. Etter at eit utsetjingsforslag blei nedstemt, var tida komen for den endelege avstemminga, og sentralstyret sitt opprinnelege forslag blei vedteke.

Et hus å bli inspirert i, men også av. Et hus med pulserende psykologliv. Et fagtorg. Visjonene for psykologenes hus er tallrike.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 9, 2006, side 969-970

Kommenter denne artikkelen