Du er her

Leier utval med vidt mandat

Ingunn Skre leier arbeidsgruppa som har fått i oppgåve å spå konsekvensane av dei nye endringane i psykolog- og psykologiutdanningane.

Publisert
1. mai 2006

UTVALET: (Bak frå v.) Anders Skuterud, Anders Wahlstedt, Ragnhild Klingenberg Stokke, Ingvild Svenkerud Aasen, Torleif Odland og Ingunn Skre.

– Sidan arbeidsgruppa blei nedsett i juni i fjor, har vi brukt mykje tid på å setja oss inn i situasjonen slik den er i dag. Vi har òg hatt tre møte – to i haust og eitt i vår – og vi har hatt representantar på profesjonsrådet sine to møte i Bergen og Roma, fortel Skre, som til dagleg er førsteamanuensis ved institutt for psykologi, Universitetet i Tromsø.

Voldsam utvikling

Arbeidsgruppa sitt mandat er tredelt. Dei skal greia ut effektane av endringane i utdanningane, både med tanke på dei nye masterstudia i psykologi og det sokalla EuroPsy-diplomet. Vidare skal dei vurdera kva konsekvensar den nye situasjonen har for Psykologforeningen, og til sist også freista spå om framtidas arbeidsmarknad for psykologar og psykologiske samfunnsvitarar.

– Det har vore ei sterk utvikling innanfor psykologiutdanningane. Vi følgjer med og høyrer etter og prøver å få med alle syn. Det er viktig at alt er representert i innstillinga. Noko av det viktigaste vi kan gjera, er å lytta – til representantar for dei fire universiteta og til medlemene i Psykologforeningen, seier Skre.

Ein ting er å kartleggja og få oversikt. Ein heilt annan sak er å konkludera om det som skal koma.

– Eg siterer Fredrik Stabel: «Det er vanskeleg å spå – især om framtida.» Mange har prøvd å spå om arbeidsmarknaden for psykologar før. På slutten av 70-talet hevda Bjørn Kristensen at psykologar gjekk dårlege tider i møte, utan at det slo til. I samband med satsinga i Psykisk helse er det dei siste åra oppretta 800 nye psykologstillingar her til lands, og trass i utviding av studietilbodet står om lag 400 psykologstillingar til kvar tid ledige.

Skre er likevel oppteken av at den stadige veksten, og det at alle domedagsprofetar til no har teke feil, ikkje treng bety at marknaden for psykologar er utan grenser.

– Vi må vera forsiktige med å konkludera, men det verkar som det framleis er behov for fleire psykologar innanfor Psykisk helse, seier Skre.

«Ikkje-identitet»

Når det gjeld arbeidsmarknaden for dei med mastergrad i psykologi, er arbeidsgruppa komen fram til at denne eigentleg deler seg i to.

– Dei som til dømes fordjupar seg innan organisasjonspsykologi, har ein klar kompetanse, og gjerne ein betre sjanse på arbeidsmarknaden enn konkurrerande psykologar. Men eg er meir uviss når det gjeld dei med mastergrad i generell psykologi. Det vert frå universitetssida snakka om ein «ikkje-identitet». Desse studentane blir fortalt at dei er «ikkje-psykologar». Eg er oppteken av at universiteta har eit stort ansvar, både for den faglege identiteten og arbeidssituasjonen til personane dei uteksaminerar.

Statistikk utført av Norsk forening for Psykologiske Samfunnsvitere (NPS) syner at av dei som gjennom åra har teke hovudfag i psykologi ved NTNU, jobbar grovt rekna ein tredel med forsking, ein tredel med offentleg administrasjon eller organisasjonspsykologi, og ein tredel innanfor PP-tenesta.

– Av desse er det eigentleg berre den siste gruppa som står i direkte konkurranse med psykologar. Samstundes viser tal frå utdanningsinstitusjonane at det allereie blir utdanna tre firedelar så mange med mastergrad i psykologi som med profesjonsutdanning [sjå tabell på side 245 i nr. 3/06]. Det skal ikkje mykje til før gruppene er like store, konkluderar Skre.

Ny kompetanse

– Dette er eit veldig stort spørsmål for Psykologforeningen, seier Ingunn Skre når vi kjem inn på det som har å gjera med dei nye masterane si organisasjonstilknyting.

Alternativa er fleire. Skal Psykologforeningen opne opp for nye medlemsgrupper? Og skal dei eventuelt opne for alle, eller bare nokre? Kan det vera aktuelt med ein paraplyorganisasjon som organiserar både psykologar og masterutdanna?

– Vi kan velja å leggja oss på ei proteksjonistisk linje, men det er mange omsyn å ta. Når det gjeld det faglege, så representerer dei nye psykologvitarane ei høgt utdanna gruppe som kan tilføre faget mykje. Eg kan vanskeleg sjå at det er eit problem at vi får så mykje god psykologisk kompetanse i Noreg. Så er det konkurranseperspektivet. Nokon vil seia: Burde vi ikkje stå nær kvarandre for å arbeida saman for løn, i staden for å koma i ein situasjon der den eine gruppa kan underby den andre på arbeidsmarknaden?

Avsporing

Men det er ei problemstilling Skre ikkje vil ta stilling til.

– Debatten om psykologtittelen er rein avsporing. Tittelen er regulert av helselova, og er ikkje i vår myndigheit å avgjera. Denne ballen er rett og slett komen i feil gard. Vi kan gjerne gje råd, men det er politikarane som vedtek lover.

– Samstundes er det vanskeleg å sjå at andre enn helsepersonell, og kan henda dei som jobbar med born, kan ha lovbeskytta tittel som psykolog i Noreg. Kvalitetsreforma ved universitet og høgskular har gjeve oss ei rekkje nye yrkesgrupper. Kvifor skal nye grupper ha gamle namn? seier Ingunn Skre, og avsluttar slik med eit spørsmål. Det kjem altså ikkje på tale å konkludera med noko enno. Inne i tankesmia har arbeidsgruppa så vidt fått varme i essa. Men det er visst heller ingen grunn til engsting for at elden skal døy ut. Til det er tematikken altfor brennbar.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 5, 2006, side 523-524

Kommenter denne artikkelen