Du er her

Avspark til betre samarbeid

For første gong på ni år var fagsida i Psykologforeningen nyleg på felles seminar. Eitt av måla for seminaret var å gjera det lettare for psykologar på alle nivå å «spela ball».

Publisert
1. april 2006

LYTTANDE: Visepresident og leiar av fagsida i Psykologforeningen, Hanne Reichelt, vil vita kva fagleg støtte medlemene har bruk for.

Under lunsjen på andre dag av seminaret møter vi ei strålande nøgd Hanne Reichelt på Vettre konferansesenter i Asker. Ho er visepresident og leiar for fagdelen av Norsk Psykologforening.

– Vi har fått til det vi hadde lyst til, fortel ho.

Ny innsikt

– Vi har samla folk frå forskjellige stader og brukt tid på å bli kjent og visa arbeidsfelta våre til kvarandre.

Dei frammøtte fekk høyra både Ansgar Gabrielsen, Lars Lillo Stenberg, Michael de Vibe og Helge Rønnestad, men dette var som krydder å rekna. Store delar av seminaret gjekk med til eigenpresentasjonar frå dei ulike utvala, der dei fleste av dei om lag 70 deltakarane blei viste fram og nemnde ved namn.

– På førehand åtvara nokon meg mot å gjennomføra ein slik runde. Dei meinte det ville bli keisamt og ta altfor lang tid. Men no er eg veldig glad for at vi gjorde det. Medlemene i dei ulike utvala har fått innsikt i kva som er likt og kva som skil, og er blitt gjort merksame på utfordringar. Presentasjonsrundane har også gjeve idear til utvida samarbeid. I tillegg var det god tid til gruppearbeid, der alle fekk høve til å bryna seg på sentrale tema for arbeidet på fagsida. Dette har gjeve viktige innspel til vidare arbeid i dei to nye og overordna utvala: Spesialitetsrådet og Kvalitetsutvalet.

Reichelt dreg også fram kor nyttig det har vore for henne sjølv å sjå fagsida ho skal leia. Ho er oppteken av å skapa møtepunkt på tvers av dei ulike utvala.

Tenarar for psykologane

På landsmøtet for to år sidan vedtok Psykologforeningen ein ny og forenkla organisasjonsstruktur. Ein av salderingspostane var Profesjonsutvalet (PU), som tidlegare samla representantar for dei ulike fagområda til felles møter.

– Mange saknar PU, men ein kan sjå det som at vi no har fått ein sjanse til å få på plass nye kommunikasjonsstrukturar. Av og til er det sunt å tåla kaos og la ting flyta litt. Vi treng kanskje å kjenna på saknet av ein felles møtestad for på sikt å få dette til betre.

– Kommunikasjon er alltid ei utfordring. Det gjeld også å etablere kanalar for å få tak i kva det er medlemane treng av fagleg støtte frå Psykologforeningen. Vår oppgåve er å tena psykologane sine behov – vi skal gjera det lettare for dei å fylla krava der dei jobbar. Desse endrar seg kontinuerleg, og det må vi ta høgd for når vi tilbyr vidareutdanning og etterutdanning. Utan god kontakt mellom utval og med medlemer vil det ikkje vera mogleg å gjera dette godt nok.

I garderoben

Hanne Reichelt og dei andre arrangøranehar kalla arrangementet eit Kick off – eit avspark. Men eit avspark til kva?

– Det er kanskje litt feil ord. Eigentlig skal vi jo bare halda fram spelet, seier Reichelt.

Men kanskje er det ikkje så dumt likevel, tenkjer eg. På Vettre har trenaren Reichelt samla psykologlaget i garderoben til peptalk før ein ny omgang. Dei ulike spelarane er spesialistar på kvar sine felt, som Drillo kunne sagt det. Men det er viktig å ha noko som samlar: ein felles strategi. Det er fint å sjå kven ein spelar på lag med, kven ein kan spela ball med. Og psykologilaget (les: faget) vil aldri bli betre enn summen av dei ulike spelarane (les: spesialistområda) sine enkeltprestasjonar.

Bryt med tabu

I god sportsjournalistisk ande tek vi ein tur i garderoben og intervjuar tre av spelarane.

Den første er Berit Nielsen, til dagleg verksemdleiar for PP-tenesta i Lier Kommune. Under leiar Inger Hodne sitt fråver snakkar ho for Spesialistutvalet klinisk born og unge. Nielsen fortel at utvalet er eit resultat av ei samanslåing av to tidlegare profesjonsutval: eitt for skule og eitt for barne- og ungdomspsykologi. Opprettinga av det nye programmet førte til ny merksemd kring utvikling av kvaliteteten på tilbodet.

– Vi har hatt mange debattar kring korleis vi skal vita at det faktisk skjer endring, fortel Nielsen.

Dei kom fram til tre ulike nivå av evaluering: av programmet, av seg sjølv som deltakar og av det endelege resultatet i praksis. Dette siste kallar dei tredjepartsevaluering. Målet er å få i stand rutinar for å måla om brukar og arbeidsgjevar faktisk opplever at psykologen har endra seg i løpet av spesialistutdanninga.

– Kan ein seia at dette siste punktet har vore eit tabu?

– Ja. Det er gjort svært lite på dette. Eg har fått høyra at SEPREP har gjort noko på feltet, som vi kan sjå på. Målet for ei spesialistutdanning må jo vera at arbeidsgjevaren faktisk får noko att for pengane, konkluderer Nielsen.

Meir samarbeid

Elisabeth Grindheim leier Spesialistutval habilitering. Habiliteringspsykologien er oppteken av å forstå utviklinga og potensialet til individa i relasjon til konteksten dei lever i. Begge faktorene må med dersom ein skal kunna skapa endring.

– Vår kompetanse er retta mot folk med endra føresetnader for deltaking på ulike livsarenaer. Dette gjeld mange, så kunnskapen innan habilitering kan nyttast for menneske med forskjellige vanskar, både innan førebygging og behandling av psykisk helse.

– Klientane våre har ofte multidiagnosar, og fell mellom alle stolar i hjelpeapparatet. Difor ønskjer vi meir samarbeid med andre spesialistfordjupingar, som til dømes rus, arbeid og geronto. Målet er å betra kompetansen i hjelpeapparatet. Ein veit til dømes lite om aldringsprosessane hos ulike grupper med utviklingshemming. For ei tid tilbake gjorde vi eit litteratursøk på autisme og aldring, men fann ikkje ein artikkel, fortel Grindheim, som til dagleg arbeider som forskar ved Autismeeiniga på Rikshospitalet.

Psykologien ut i samfunnet

Kring 1980 var Thor Johansen med på å stifta Norsk Organisasjonspsykologisk Selskap.

– Medlemskontingenten var på fem kroner, og vi hadde berre faglege ambisjonar, fortel han.

Men interessa for å diskutera arbeid og samfunn i lys av psykologi, og vice versa, synte seg større enn venta, og selskapet talte snart 100 medlemer.

– I 1984 tok vi kontakt med Psykologforeningen, og det viste seg at vi var på rett stad til rett tid. Spesialistordninga var oppe til revidering, og i 1985 vart Spesialistutvalet for arbeids- og organisasjonspsykologi ein realitet.

Johansen representerer ei lita gruppe i Psykologforeningen, men hevdar at samfunnet veit å setja pris på kompetansen deira.

– Når domstolane tek kontakt i samband med ei arbeidsrettssak, spør dei: «Har du spesialisering i arbeids- og organisasjonspsykologi?»

Johansen kjem med eit hjartesukk i høve til respekten for spesialisttittelen.

– Organisasjonspsykologar opplever ofte at andre organisasjonstilsette psykologar nyttar tittelen utan å ha spesialiseringa. Området er litt fritt vilt. Det handlar om respekt. Eg ville aldri finna på å kalla meg klinisk psykolog, sjølv ikkje i søvne. Folk skjønar det den vegen, men ikkje den andre, konkluderer arbeids- og organisasjonspsykologen.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 4, 2006, side 390-391

Kommenter denne artikkelen