Du er her

Jobbar saman for å bli sett

Samfunnskontakt Liv Jørgensen kjem til å jobba tett saman med presidenten i Psykologforeininga. An-Margritt Aanonsen har lenge ønskt seg ein slik samarbeidspartnar.

Publisert
1. februar 2006

– Vi har til no ikkje hatt ei stilling retta mot det å kommunisere ut, seier ho.

– Det er behov for ein person som kan hjelpa til med å profilera Norsk Psykologforeining i samfunnet; som kan jobba mot media, politikarar og forvaltinga. Vi ønskjer oss meir systematisk påverknadsarbeid.

Kvardagsproblem

– Psykologien har dei seinare åra fått ei relativt sterk stilling i samfunnet. Psykologar blir i dag bedne om å uttala seg om svært mange spørsmål. No sist vart vi kontakta i samband med saka om fusk i forsking. Journalistar ønska kommentarar på kva som kan driva menneske til å gjera slikt, fortel Aanonsen.

– Det vert også stadig fleire psykologspalter i media, der spørsmåla i stor grad handlar om alminnelege kvardagsproblem, og ikkje nødvendigvis patologi.

Meir tilgjengelege

Aanonsen meiner den gode psykologutdanninga skal ha mykje av æra for at faget på kort tid har oppnådd ei såpass sterk stilling.

– Utdanninga gjev spesialkompetanse, men er samstundes ålmenn nok til å gje kunnskap som er relevant på mange område i samfunnet. Men det er eit misforhold mellom behovet som kjem til syne i media si interesse for faget, og graden av tilgjengelegheit. Vi ønskjar å bli meir proaktive. Tilsettinga av ein samfunnskontakt er eit ledd i dette.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 2, 2006, side

Kommenter denne artikkelen