Du er her

Nevropsykolog/psykologspesialist/psykolog

Helse Fonna HF - Nevropsykologisk enhet Haugesund

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Nevropsykologisk poliklinikk i Avdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus søkjer frå 05.09.22:


- 100 % stilling som nevropsykolog/psykologspesialist/psykolog.


Nevropsykologisk poliklinikk høyrer til Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna. Eininga er i ein særstilling då den er eit resultat av samarbeid på tvers av psykisk helse og somatikk i Helse Fonna-området, og utgreier heile aldersspekteret frå barn til eldre. Pasientane kjem primært frå Nevrologisk avdeling, psykisk helsevern og førstelinetenesta. Den nevropsykologiske eininga har seks psykologstillingar og eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium som disponerer 3,5 testtekniker-stillingar.
 
Avdeling psykisk helsevern Haugesund, kor eininga er lokalisert, har eit miljø som er sterkt med henblikk på utgreiing av kognitive funksjonar. Vi har i tillegg til den nevropsykologiske poliklinikken ein lærevansker og utvikliningsforstyrrelsespoliklinikk med to psykologspesialistar og ein under spesialisering. Ein samarbeider også nært med Eldremedisinsk poliklinikk som har ein psykolog under spesialisering. Seksjonen er knytta til forskningsmiljøet i helseregionen. Per dags dato har vi tre ansatte med PhD.


Arbeidsoppgåver

  • Nevropsykologisk poliklinikk har ansvar for barn og vaksne frå både somatisk og psykisk helsevern som treng utgreiing og/eller oppfølging relatert til nevropsykologiske problemstillingar


Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer fortrinnsvis psykologspesialist/nevropsykolog, men psykolog kan og søkje
  • Vi vektlegg at søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
    Profesjonsstudium
  • Norsk (C1 nivå påkrevd for personer utan norsk som hovudmål)


Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Engasjert
  • Like varierte utfordringar


Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom NPF og Helse Fonna HF
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Spesialistutdanning blir tilbydd, om ein ikkje er spesialist
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)  
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring


Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.


Kontaktinformasjon: Monica Haraldseid Breitve, funksjonsleiar, tlf. 916 41 047 

Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
24. juli 2022