Du er her

Nevro­psykolog / psykolog­spesialist / psykolog, 100 % fast

Helse Fonna HF - Nevropsykologisk eining Haugesund

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Nevropsykologisk eining høyrer til Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna. Eininga er i ein særstilling då den er eit resultat av samarbeid på tvers av psykisk helse og somatikk i Helse Fonna-området, og utgreier heile aldersspekteret frå barn til eldre. Pasientane kjem primært frå Nevrologisk avdeling, psykisk helsevern og førstelinetenesta. Den nevropsykologiske eininga har fem psykologstillingar og eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium som disponerer 3,5 testtekniker-stillingar.

Den som får stillinga må pårekna å arbeide i Poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemma (PPU) frå tilsetjingsdato til 30.06.2020. PPU er en spesialisert poliklinisk teneste for vaksne med utviklingshemning og består av psykologspesialist (PhD), lege, spesialpedagog og vernepleier. Arbeidet består av utgreiing og individualbehandling i tillegg til rettleiing retta mot kommunehelsetenesta. PPU driv en vel strukturert teneste som vektlegg en forskningsbasert tilnærming.

Seksjon Spesialisert Behandling Haugesund, kor eininga er lokalisert, har eit miljø som er sterkt med henblikk på utgreiing av kognitive funksjonar. Vi har i tillegg til den nevropsykologiske eininga ein eigen alderspsykiatrisk poliklinikk med en nevropsykolog (Ph.D.) og en i spesialisering. Seksjonen er knytta til forskningsmiljøet i helseregionen. Per dags dato har vi fire ansatte med PhD.

Den utlyste stillinga er primært tiltenkt spesialist i nevropsykologi. Alle spesialistar får 4 mnd utdanningspermisjon per 5 år dei arbeider i føretaket. For psykolog i spesialisering tilbyr ein eit komplett utdanningsforløp, i løpet av spesialiseringa tener ein opp 1 veke permisjon per år til å skrive spesialistoppgåve.

 

Arbeidsoppgåver

  • Nevropsykologisk eining har ansvar for barn og vaksne frå både somatisk og psykisk helsevern som treng utgreiing og/eller oppfølging relatert til nevropsykologiske problemstillingar
  • PPU har ansvar for vaksne med utviklingshemning som treng tenester innan psykisk helsevern, samt en regional funksjon for barn og vaksne med utviklingshemning, autisme og alvorlege tilleggsvanskar


Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer fortrinnsvis psykologspesialist/nevropsykolog, men psykolog kan og søkje
  • Vi vektlegg sterkt at søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring
  • Norsk (B2-nivå er påkrevd for personar uten norsk som hovudmål)


Utdanningsretning

  • Psykologi


Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
  • Høgskule/universitet, doktorgrad


Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Engasjert
  • Du må like varierte utfordringar


Språk

  • Norsk


Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Spesialistutdanning blir tilbydd, om ein ikkje er spesialist
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen

Kontaktinformasjon: Monica Haraldseid Breitve, funksjonsleiar, tlf. 916 41 047 / 52 73 27 72.

Lenke til annonsen og søk på stillingen

Arbeidssted
Helse Fonna HF - Nevropsykologisk eining Haugesund
Søknadsfrist
21. februar 2019