Du er her

Nevropsykolog/psykologspesialist/psykolog

Helse Fonna HF - Nevropsykologisk enhet Haugesund

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook

Nevropsykologisk eining i Seksjon for spesialisert behandling Haugesund søkjer frå 02.08.21:

- 100 % stilling som nevropsykolog/psykologspesialist/psykolog.


Nevropsykologisk eining høyrer til Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna. Eininga er i ein særstilling då den er eit resultat av samarbeid på tvers av psykisk helse og somatikk i Helse Fonna-området, og utgreier heile aldersspekteret frå barn til eldre. Pasientane kjem primært frå Nevrologisk avdeling, psykisk helsevern og førstelinetenesta. Den nevropsykologiske eininga har seks psykologstillingar og eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium som disponerer 3,5 testtekniker-stillingar.
 
Seksjon Spesialisert Behandling Haugesund, kor eininga er lokalisert, har eit miljø som er sterkt med henblikk på utgreiing av kognitive funksjonar. Vi har i tillegg til den nevropsykologiske eininga ein eigen alderspsykiatrisk poliklinikk med ein psykologspesialist og poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemma med to psykologspesialistar og ein under spesialisering. Seksjonen er knytta til forskningsmiljøet i helseregionen. Per dags dato har vi fem ansatte med PhD.


Arbeidsoppgåver 

  • Nevropsykologisk eining har ansvar for barn og vaksne frå både somatisk og psykisk helsevern som treng utgreiing og/eller oppfølging relatert til nevropsykologiske problemstillingar


Kvalifikasjonar 

  • Vi søkjer fortrinnsvis psykologspesialist/nevropsykolog, men psykolog kan og søkje
  • Vi vektlegg at søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring
  • Norsk (C1-nivå påkrevd for personer utan norsk som morsmål)


Personlege eigenskapar 

  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Engasjert
  • Like varierte utfordringar


Vi tilbyr 

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Norsk psykologforening og Helse Fonna HF
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Spesialistutdanning blir tilbydd, om ein ikkje er spesialist
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) 
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring


Kontaktinformasjon: Monica Haraldseid Breitve, funksjonsleiar, tlf. 916 41 047 og Heine Hagenberg, seksjonsleiar, tlf. 52 73 27 22.


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
15. juni 2021