Du er her

Nevropsykolog/ Psykologspesialist til fast stilling og årsvikariat

Helse Bergen - PBU, Spesialpoliklinikken

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) gir spesialisert helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske vanskar, og deira pårørande. Vi er lokalisert i det nye barnesjukehuset på Haukeland universitetssjukehus. Vår seksjon har tre team; nevroteam, autismeteam og konsultasjonsteam. Vi har 12 psykologspesialistar/ nevropsykologar, 2 barnepsykiatrar/barnelegar, psykologi spesialisering, 5,5 fagkonsulentar, 2.5 konsulent/sekretærar, spesiallogoped og fysioterapeut hos oss. Vi har stort fokus på korleis vi samhandlar internt og eksternt for å gi best mogleg tenester til våre pasientar.

Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).


Arbeidsoppgåver

  • Stillingane er tiltenkt ugreiing av utviklingsforstyrringar og/eller nevropsykologiske problemstillingar. Ut i frå kva kompetanse kandidaten vi tilset vil vi vurdere kva for  team (autismeteam/ nevroteam) vår nytilsette blir knytt til
  • Vi jobbar med rettleiing/ konsultasjon til kollegaer i BUP innanfor vårt fagfelt. Vi held også nokre kurs til pasientar/føresette og fagfolk


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog med spesialisering innan klinisk barn og unge, nevropsykologi eller habilitering/ helsepsykologi. Psykologar som er kome godt i gang med spesialisering kan også søkje
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Må ha gode kommunikasjonsferdigheter og evne til å bidra til å utvikle et spennende fagmiljø


Personlege eigenskapar

  • Fagleg nysgjerrig
  • Utadvent med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Løysingsorientert og raus
  • Evne til å bidra til trygt, utviklande og fagleg og sosialt arbeidsmiljø


Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fadderordning, rettleiing og internundervising
  • Nye flotte omgjevnader 
  • Fleksibel arbeidstid


Kontaktinformasjon: Veslemøy Sandvik, seksjonsleiar, tlf. 55 97 44 92, e-post veslemøy.sandvik@helse-bergen.no


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
30. januar 2020