Du er her

Nevro­psykolog / psykolog­spesialist / psykolog

Nevropsykologisk enhet Haugesund, Helse Fonna HF

Nevropsykologisk eining i Seksjon for spesialisert behandling Haugesund søkjer nevropsykolog/psykologspesialist/psykolog frå 02.08.21

Nevropsykologisk eining høyrer til Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna. Eininga er i ein særstilling då den er eit resultat av samarbeid på tvers av psykisk helse og somatikk i Helse Fonna-området, og utgreier heile aldersspekteret frå barn til eldre. Pasientane kjem primært frå Nevrologisk avdeling, psykisk helsevern og førstelinetenesta. Den nevropsykologiske eininga har seks psykologstillingar og eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium som disponerer 3,5 testtekniker-stillingar.

Seksjon Spesialisert Behandling Haugesund, kor eininga er lokalisert, har eit miljø som er sterkt med henblikk på utgreiing av kognitive funksjonar. Vi har i tillegg til den nevropsykologiske eininga ein eigen alderspsykiatrisk poliklinikk med ein psykologspesialist og poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemma med to psykologspesialistar og ein under spesialisering. Seksjonen er knytta til forskningsmiljøet i helseregionen. Per dags dato har vi fem ansatte med PhD.

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF, Stad: Haugesund, Heiltid/Deltid: Heiltid,
Tilsetjingsform: Fast, Stillingsprosent: 100, Webcruiter-ID: 4392706000

Kontaktinformasjon
Monica Haraldseid Breitve, funksjonsleiar, tlf. 916 41 047
Heine Hagenberg, seksjonsleiar, tlf. 52 73 27 22
 

Lenke til annonse
 

Annonsen er fra Psykologtidsskriftets juni-utgave som utkommer 1. juni 2021 
 

Søknadsfrist
15. juni 2021