Tilsvar til Haldor Øvreeide

I samband med kommentaren frå Haldor Øvreeide vedrørande bokmeldinga av Profesjonsetikk for psykologar, ser forlaget det nødvendig å komme med nokre utfyllande saksopplysningar.

Publisert
10. mars 2020
Emner

Boka Profesjonsetikk for psykologar inngår i Samlagets serie Profesjonsetikk. Konseptet for serien blei utvikla av forlaget i samarbeid med Einar Aadland. Tanken var at Aadland skulle skrive om generell etikk (etiske nøkkelomgrep, grunnlagsetikk og refleksjonsmodellar), og at forfattarar frå ulike felt innan helse- og velferdsprofesjonane skulle skrive profesjonsspesifikke kapittel.

Då eg fekk Nina og Knut Dalen si bok i hende vart eg forundra. Ikkje nokon stad er det nemnt, eller referert til mine og/eller mine europeiske kollegaers tekstar.

Forlaget og Aadland kom i fellesskap fram til kva fagfelt ein ønskte bøker for, og kven ein ønskte å kontakte med tanke på samarbeid. Sidan psykologi låg an til å bli omfatta av Nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningene (RETHOS) ønskte ein også ei bok på psykologi, og Nina Dalen blei kontakta som mogleg medforfattar.

På dei profesjonsspesifikke kapitla utarbeidde forlaget i samarbeid med Einar Aadland og Nils Gilje eit forslag til disposisjon som forfattarane stod fritt til å bruke. Dette blei gjort for å sikre at bøkene hadde med dei same momenta. I denne disposisjonen inngjekk kapittel om verdigrunnlaget, profesjonshistoria, lover og retningslnjer, vanlege etiske dilemma i profesjonen og forskingsetikk. For forlaget var det viktig at gjennomgangen av vanlege etiske utfordringar blei framstilt gjennom konkrete eksempel som studentane kunne kjenne seg att i, og dette blei gjennomført i alle bøkene.

Temaet fagetikk er for viktig til at denne boken skal være forbeholdt studenter.

Alle bøkene er redigerte av same redaktør og etter same prinsipp: Dette er bøker retta til studentar og det som er viktig å få fram er korleis kunnskap om etikk, etisk sensitivitet og etisk refleksjon kan hjelpe dei i deira profesjonsutøving. Bøkene har ikkje som mål å gi ein utfyllande presentasjon av tidlegare litteratur om emnet.

Alle bøkene er også fagfellevurderte og vurderte av konsulentar som underviser i etikk på det aktuelle faget. På psykologiboka var tilbakemeldinga frå undervisarar at dei ikkje ønskte ein så omfattande første del om generell etikk, og dette blei følgt opp. Einar Aadland trekte seg ut og i staden skreiv Nina Dalen og Knut Dalen (som kom inn siste året av prosjektet) eit eige kapittel om etiske nøkkelomgrep og grunnlagsetikk.

Dei andre bøkene i serien er:

  • Geir Heivoll og Einar Aadland: Profesjonsetikk for politiet, 2018
  • Tone Dahl-Michelsen, Karen Synne Groven og Einar Aadland: Profesjonsetikk i ergoterapi og fysioterapi, 2018
  • Turid Aarhus Braseth, Anne Synnøve Røsvik, Milka Satinovic og Einar Aadland: Profesjonsetikk for bioingeniørar og radiografar, 2018 
  • Herdis Alvsvåg og Einar Aadland: Profesjonsetikk for sjukepleie, 2019
  • Nina Dalen og Knut Dalen: Profesjonsetikk for psykologar, 2019
  • Karl Elling Ellingsen, Lars Rune Halvorsen og Einar Aadland: Profesjonsetikk i vernepleie (kjem 2020)

Kommenter denne artikkelen