Du er her

Hva fanden nøler I efter?

Publisert
5. januar 2011

Kjell Underlid, denne månadens kronikkforfattar, er dr.philos. og professor ved Høgskolen i Bergen. Saman med Nadia Ansar, Guri Vindegg, Svein Øverland, Arnulf Kolstad og Karen Kollien Nygaard er han invitert av Tidsskriftet som fast kronikør. Neste gong: Nadia Ansar.

Samanhengen mellom økonomisk likskap i samfunnet og helse er no veldokumentert. Vi veit i dag at folkehelsa er betre i land som er relativt egalitære når det gjeld fordeling av «gods og gull». I boka The Spirit Level av R. Wilkinson og K. Pickett vert perspektivet utvida til ei rekkje andre indikatorar på samfunnskvalitet. Det viser seg at i dei landa der det er størst likskap mellom innbyggjarane, er det også lågast spedbarnsdødelegheit, skuleprestasjonane er betre, kvinnene har høgare status, det er mindre fedme, mindre rusmiddelproblem, lågare kriminalitet og høgare tillit menneska imellom.

Empati blomstrar helst i dei nære relasjonane, og dei som har makt til å influere på politikken, lever gjerne fjernt frå fattigdommens lukt og smak

Noreg vert rekna som eit relativt egalitært land, og har blitt kåra som det beste landet å bu i av SN i ei årrekkje. Men inntekts- og formuesskilnadene har blitt større her til lands i dei siste tiåra. Det er ingen grunn til å kvile på laurbæra; også i vårt land finst det eit monaleg betringspotensial. Spørsmålet som då reiser seg, vert om vi ikkje skulle ta sikte på å byggje vidare på den norske suksesshistoria, altså bruke meir av den «medisinen» som har vore så vellykka. Det er min påstand at Noreg treng meir sosial utjamning, og at noko av argumentasjonen trygt kan hentast frå kunnskap om kva som gagnar helse og velferd.

Vi veit at dei store skilnadene i helse og velferd i det norske folket har nær samanheng med kvar ein er plassert i klassepyramiden. Fattige mister mange leveår, har skrøpelegare helse på nesten alle diagnosekategoriar og kjem (sjølvsagt) dårlegare ut på ulike velferdsindikatorar. Oslo-undersøkelsen viste at fattige menn på austkanten døydde 7,3 år tidlegare enn rike menn på vestkanten. Einskildstudiar kan støtt problematiserast og kritiserast; ulike metodiske tilnærmingar kan sjølvsagt gje noko ulike resultat. Men slikt noko er ikkje ærendet mitt her. Eg er oppteken av det store biletet og dei politiske og menneskelege implikasjonane av nokre hovudfunn som ingen har tilbakevist. Det spørsmålet som reiser seg her, er om vi kan slå oss til ro med topp-plasseringa til SN, så lenge helse og sosial velferd er så skeivfordelt i det norske samfunnet som tilfellet er. For er ikkje helse og velferd like viktig for Jørgen Hattemakar som for Kong Salomo? Nok ein gong er «medisinen» økonomisk utjamning.

Det vert ofte peika på at dette helse- og velferdsbiletet er ein gradient som gjeld for heile folket, og ikkje berre for fattige og rike. Men dei rike har det best, og dei fattige har det verst. Med Ivar Aasen kan det vel då vere rimeleg å hevde at «det høver best å hjelpe den som det trenger mest». Ei omfordeling frå toppen til botnen vert då vegen å gå, i alle fall som eit første steg, og som eit alternativ til ei millimeterrettferd som kan vere eit blindspor i slike samanhengar.

Somme opponerer mot denne økonomiske tilnærminga, og vil innvende at utjamning ikkje berre gjeld «gods og gull», inntekt og formue. Men i eit materialistisk, konsumeristisk og kommersialistisk samfunn som det norske, der pengar er blitt det universelle bytemiddelet, har det materielle mykje å seie for helse og velferd, og slike utjamningsmål er relativt konkrete og handterbare. Ved å fokusere på økonomisk-materiell fordeling går vi til rota av problemet; dette er ikkje økonomistisk reduksjonisme.

Dersom vi held fast ved dei universelle velferdsytingane som har vore sentrale kjenneteikn ved den skandinaviske velferdsstaten, til dømes gratis helsetenester og skulegang, vert det lettare å vinne aksept for at dei rike lyt dele av overfloda si. Slike universelle velferdsordningar gagnar heile folket og styrkjer den sosiale kapitalen – tilliten menneska imellom, samfunnslimet. Og dei er av umisteleg verdi for dei som har minst. Med slike velferdsordningar og mindre økonomiske skilje mellom menneska vert det lettare å få folk til å løfte i flokk, til dømes for å realisere sentrale mål i miljøpolitikken.

Forskingsfunna om samanhengen mellom likskap og folkehelse/velferd kan ingen lenger nekte for. Men det er likevel mangt ein kan undre seg over når det gjeld måten denne forskinga har blitt motteken på, og korleis ho har blitt handtert, i akademia, i helse- og sosialfeltet, i media og i det politiske liv. Eg skal her avgrense meg til to ulike tilhøve.

For det første verkar det som dei faglege, politiske og menneskelege implikasjonane av dei nemnde forskingsfunna ikkje heilt har «gått inn» i merksemds- og medvitsfeltet hos mange. Kan hende har dette samanheng med det vedvarande stimulusbombardementet som vi vert utsette for i vår moderne tid. Det er mangt som tevlar om merksemda vår, og det er ikkje alltid lett å skilje det viktige frå det mindre viktige og det grunnleggjande frå det overflatiske. Og det er så mykje som kjennest viktig i vår tid. Jamvel om helse og velferd rører ved noko av det mest grunnleggjande ved menneskelivet, er det likevel ikkje slik at desse helse- og velferdsskilnadene utan vidare aktiverer empati, medkjensle og sympati for «helse- og velferdstaparane». Det er ein lang veg frå «tørre» forskingsrapportar, tal og statistikk til innleving. Den fattige mannen på austkanten, som døyr sju år tidlegare enn sin rike motpart i eit «pent» villastrøk på den andre sida av byen, vert ein statistisk gjennomsnittskategori, jamvel om han gjerne kunne vore venen vår, faren vår, broren vår. Empati blomstrar helst i dei nære relasjonane, og dei som har makt til å influere på politikken, lever gjerne fjernt frå fattigdommens lukt og smak.

Dei færraste maktar å sjå slikt i samanheng med det større sosioøkonomiske ulikskapsbiletet. Likevel er dei som ligg på botnen av helse- og velferdsgradienten menneske, medmenneske, av «kjøt og blod», med det same menneskeverdet som alle andre. Dei fortener uansett vår sympati, medkjensle og solidaritet, og ein meir egalitær og rettferdig fordelingspolitikk skulle då vere det beste botemiddelet. Vakre talemåtar hjelper derimot lite.

Dette fører oss over til den andre undringa mi. Kvifor har ikkje samanhengen mellom økonomisk likskap og helse/velferd blitt nedfelt i praktisk politikk på ulike politiske område, og særleg i den økonomiske politikken og i helse- og sosialpolitikken? Vi ser elles at nye innsikter som følgje av forsking på mange område kan få praktiske konsekvensar nokså raskt – anten det er tale om teknologisk innovasjon i næringslivet, eller produksjon av nye medikament, til dømes.

I boka Sosial rettferd argumenterer eg for innføring av eit inntekts- og formuesgolv og eit tilsvarande inntekts- og formuestak og for sikring av universelle velferdsgode og -rettar. I denne boka drøftar eg eit dusin mogelege innvendingar mot desse reformforslaga og konkluderer med at dette må vere den rette vegen å gå for å skape eit meir egalitært samfunn, og for å redusere helse- og velferdsgradientane. Eg er sjølvsagt merksam på at politikk ikkje er så enkelt; her er det mange motstridande interesser og verdiar. Men samanlikna med dei djerve forkjemparane for den norske velferdsstaten i tidlegare tider framstår dagens topp-politikarar og byråkratar som puslete og handlingslamma. Med den kunnskapen vi har i dag, kan det vere freistande å seie med Tordenskjold: «Hva Fanden nøler I efter?»

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 1, 2011, side 92-93

Kommenter denne artikkelen