Du er her

Arbeidsløyse og psykologi

Publisert
5. juli 2010

Kjell Underlid, denne månadens kronikkforfattar, er dr.philos. og professor ved Høgskolen i Bergen. Saman med Nadia Ansar, Guri Vindegg, Peder Kjøs, Magne Raundalen og Karen Kollien Nygaard er han invitert av Tidsskriftet som fast kronikør. Neste gong: Nadia Ansar.

Arbeidsløyse er eit ektefødd barn av det kapitalistiske industrisamfunnet. Dagens arbeidsløyse er på mange måtar annleis enn i tidlegare tider, samstundes som det også er lett å peike på fellestrekk. Samfunnet har gjennomgått ei rekke endringar, særleg dei siste tiåra, der viktige stikkord er den vitskapleg-tekniske revolusjonen, velstandsvekst, velferdsstat og den såkalla globaliseringa. I eit tid då arbeidsløysetala ikkje er langt unna å vere sekssifra her til lands, og ein femtedel av arbeidsstokken står utan arbeid i somme europeiske land, fell det naturleg å spørje kva for relevans arbeidsløyse har for psykologar.

Visst skal vi vere psykologar og ta vare på faget og profesjonen sin eigenart, og det fremste kompetanseområdet vårt er ikkje historie, økonomi og politikk. Men eit kritisk samfunnsperspektiv er ikkje for mykje å krevje

Eitt svar kan vere at psykologar er samfunnsmenneske (eller burde vere det), og at psykologien ikkje kan frikoplast frå den historisk gjevne samfunnskonteksten som omkransar faget – økonomisk, politisk, sosialt og kulturelt. Klientane våre er del av denne samfunnsveven og av dei samfunnsmessige prosessane. Dei kan vere arbeidsledige, det kan vere slik at dei er redde for å misse jobben, eller dei uroar seg kanskje over stoda til andre som står dei nær, fordi dei er ledige eller risikerer å bli det. Andre vansmektar i eit arbeidsliv som vert stadig hardare og meir krevjande; vanskar på arbeidsmarknaden forplantar seg til arbeidslivet. Ikkje alle klientar er direkte ramma av slik problematikk, men forholdet til arbeid og arbeidsliv er ein viktig dimensjon i livet til dei fleste, og særleg sentralt vert dette for menneske som slit med psykiske plager.

Psykologar sitt viktigaste bidrag i samband med arbeidsløyse har vore av forskingsmessig karakter. Då eg disputerte for dr.philos.-graden på ei avhandling om psykiske konsekvensar av arbeidsløyse i 1987, var dette første gong ein psykolog i Skandinavia tok doktorgrad om dette emnet. Då eg søkte etter relevant faglitteratur om emnet i første del av 1980-talet, var det enno mogeleg å skaffe seg tilgang til alt publisert materiale om psykososiale konsekvensar av arbeidsløyse på språk som var forståelege for meg (nordisk, engelsk og tysk). I dag kan eg konstatere at forskingslitteraturen nærast har «eksplodert», og det verkar nesten uoverkommeleg å skaffe seg oversyn. Det kan vere vanskeleg å orientere seg og skilje det vesentlege frå det mindre sentrale, sjølv om det også vert skrive informative review-artiklar.

Funna spriker også ein del. Det kan til dømes vere slik at arbeidsløyse genererer meir angst eller depresjon, men dette varierer avhengig av til dømes alder, kjønn, sivilstatus, utdanning, tidlegare arbeidskarriere, grunnen til at ein vart arbeidslaus, meistringsstrategiar, og psykisk helse før ein vart arbeidslaus. Dersom ein trekker inn kontekstvariablar som den lokale og nasjonale arbeidsmarknaden, og kor godt utbygde velferdsordningane er, vert biletet endå meir samansett. Lista over avhengige variablar har også blitt utvida; her er det nok å ta av, jamfør diagnosemanualane, som vert stadig meir voluminøse. Når det gjeld sistnemnde, kan ein sette spørsmålsteikn ved den tiltakande medikaliseringa av arbeidsløyseproblematikk. Arbeidsløyse gjeld ikkje berre helse!

Kan denne galopperande positivismen, og denne oppflisa knappenålshovud-orienteringa, komme til å skygge for meir vesentlege innsikter? Når ein ikkje «ser skogen for berre tre» i fokuseringa på det særeigne og på variasjon, kan det kanskje vere klokt å skode ut over det større landskapet frå ein åstopp? For på dette området trengst det også sårt til teoretiske perspektiv for å forstå dei observerte samanhengane, samanfatte dei og setje dei inn i ein større samanheng.

Kan hende skulle vi støtte oss meir på sunn fornuft i slike samanhengar, sjå meir heilskapleg på dette og søke etter forklaringar knytt til kva arbeidet har å seie for mennesket? Det å vere arbeidslaus tyder at ein står utan arbeidsinntekt. I eit samfunn der pengar er ein sentral verdimålar og eit universelt bytemiddel, kan dette vere fatalt for livsutfalding og livsglede. Arbeidsløyse og fattigdom er som tvillingbrør. Som arbeidslaus vert ein sett utanfor arbeidsfellesskapet, og ein vert gjerne også sedd ned på av di ein bryt viktige normer og ikkje lever opp til sentrale kulturelle verdiar og ideal – jamfør den protestantiske arbeidsetikken. Ein får ikkje høve til å bidra samfunnsmessig og vere til nytte, slik folk i arbeid kan. Passivisering, sosial isolering og oppleving av meiningsløyse kan lett bli resultatet. Dessutan misser ein den strukturen på livet som eit arbeid gjev, og viktige framtidsprosjekt kan bli skadelidande. Slikt noko kan røyne på både sjølvvørdnad og identitet, velvære og livskvalitet, men gjeld også objektive eller sinnsuavhengige livsinteresser.

Eg undervurderer ikkje kva det har å seie å stadig vinne meir kunnskap om arbeidsløysa sine psykososiale konsekvensar. Men den erkjenningsleiande interessa kan også vere emansipatorisk, for å låne eit uttrykk frå Habermas, og ein kritisk teori kan då vere eit medium for kollektiv sjølvrefleksjon og frigjering. Kan hende skulle vi låne øyre til Karl Marx sine ord frå 1845: «Hittil har filosofane vore opptekne av å fortolke verda, det som er viktig er å forandre henne».»Vær utålmodig, menneske,» skreiv Inger Hagerup. Veit vi ikkje snart nok til å handle?

Psykologar skal hjelpe klientar som slit med arbeidsmarginalisering, og treng då kunnskap om arbeidsløysa sine psykososiale følgjer. Men dersom dei djerve tankane over skal takast på alvor, trengst det også noko meir. Vi må ha eit breitt historisk og samfunnsmessig perspektiv på kva som konstituerer arbeidsløyse, fattigdom og andre sosiale problem, og som dermed influerer på store klientgrupper sitt liv. Visst skal vi vere psykologar og ta vare på faget og profesjonen sin eigenart, og det fremste kompetanseområdet vårt er ikkje historie, økonomi og politikk. Men eit kritisk samfunnsperspektiv er ikkje for mykje å krevje. Dessutan trengst sosialpolitisk engasjement.

I globaliseringa sin tidsalder er det lett å misse vona og trua på at det nyttar, og det individuelle sjelsliv og dei lukka rom vert gjerne dyrka. Men vi treng ein vidare horisont og aksjonsradius. Vi skulle lære av pionerane i arbeidarrørsla, som stilte krav om arbeid til alle, og som fekk dette nedfelt i Grunnlova. I SN si menneskerettserklæring vert arbeid omtala som ein grunnleggjande menneskerett.

Vi treng i dag eit arbeidsliv som er genuint inkluderande, der det er plass til alle som kan og vil arbeide. For dei som ikkje kan, eller slett ikkje vil, burde innføring av ei garantert minsteinntekt eller ei borgarløn, vurderast seriøst. Meir avgrensa sosialpolitiske krav kan vere ein jobbgaranti for ungdom og ein tilsvarande garanti om å stille fremst i køen av arbeidssøkande etter eit halvt år utan arbeid, for å unngå langtidsarbeidsløyse. Vi skulle som psykologar vite og forstå nok om arbeidsløysa sin psykologiske pris til å kunne argumentere overtydande for slike reformer. Spørsmålet er likevel om det noverande politiske og økonomiske systemet vårt er i stand til å handtere massearbeidsløyse og fattigdom – og for den saks skuld andre store utfordringar, som trugsmålet om eit økologisk ragnarokk – på ein konstruktiv måte.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 7, 2010, side 632-633

Kommenter denne artikkelen