Du er her

Fliret

Publisert
3. november 2007

Kjell Underlid, denne månedens kronikkforfatter, er dr.philos. og professor ved Høgskolen i Bergen. Sammen med Ingunn Skre, Anne Skard, Peder Kjøs, Magne Raundalen og Marit Netland er han invitert av Tidsskriftet som fast kronikør. Neste gang: Ingunn Skre.

Vi har nettopp bak oss ein valkamp med politiske TV-duellar. Prøv å sjå for deg debattantane, og rett særleg søkelyset mot kroppsspråket deira. Du vil då kunne identifisere ei rekke ulike trekk, mellom anna fliret. Spesielt éin av partileiarane flirte openlyst når somme politiske motstandarar hadde ordet. Vi kan i slike samanhengar tale om «kroppspolitikk». Men fliret er kjent frå dei fleste livssamanhengar. Ein kjenning av meg flirer støtt når samtalen kjem inn på somme tema. Om han ved eit slumpetreff skulle lese dette, ville han nok ikkje kjenne seg att, men han ville vel flire rått.

Den som vert flirt av, har lite å verje seg med dersom det går føre seg på ein subtil mate

Men kva er eit flir, kva vil det seie å flire? Psykologar som er sosialiserte inn i ein vitskapleg tradisjon, vil her stusse. Kan vi definere, operasjonalisere og mæle noko slikt? Du finn ikkje ordet i psykologisk faglitteratur. Det finst sikkert ord for dette på alle verdsspråk (eng. giggle, sneer), men det kan vere vanskeleg å vite om desse orda svarer heilt til det norske.

Det kan vere naturleg å plassere fliret under fagfeltet kommunikasjon. Som kjent kommuniserer vi språkleg (verbalt), nonverbalt («kroppsspråk») og via handlingar eller åtferd. Fliret høyrer helst til det nonverbale domenet.

La oss først «smake» litt på ordet. Språkpsykologar kan fortelje oss at når vi høyrer eller ser eit ord, så utløyser det minst tre delprosessar eller opplevingskomponentar. For det første har ordet ein referansekomponent: det ordet står for eller viser til. Ordet flir refererer til eit slags smil, ei viss forming av munnpartiet, og særleg munnvikane. For det andre har ordet ein assosiativ komponent. For mange av oss vekkjer dette ordet førestillingar om noko respektlaust, kanskje også noko skjelmsk og humoristisk. For det tredje har ordet ein emosjonell komponent; ordet flir kan aktivere kjensler som ubehag og kanskje harme eller tristheit.

I Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket kan vi lese at substantivet flir tyder følgjande: Lått; knising; smil; utidig, uhøveleg lått; spottande smil; glis; gjøn; ap; lått og løye; ein som ler utekkeleg; ein som ler i utide. Vi finn også ordkombinasjonar der flir inngår, som hånflir og kaldflir. Ordboka inneheld døme på bruksmåtar i skriftlege tekstar, til dømes «spott og flir var det einaste han kunne vente i si naud», «kringum munnen drog ein flir så kald», «han vilde ta fliren or augo på dei», «han flirte i godslige vondskapen», «dette er ikkje noko å flira av».

I norsk skjønnlitteratur er fliret omtalt utførleg av forfattarar som til dømes Jonas Lie (Livsslaven), Amalie Skram (Hellemyrsfolket), Olav Duun (Gapstokken), Ingeborg Refling Hagen (Loke saar havre) og Hans E. Kinck (Huldren).

Dersom ein kombinerer inntrykk frå språkanalyse og skjønnlitteratur med vanlege sendar–mottakar-modellar for kommunikasjon i sosialpsykologisk faglitteratur, er det mogeleg å grovtematisere flirets psykologi noko. Sendar kan vere ein enkelt person eller ei gruppe eller eit kollektiv av menneske, og sameleis på mottakarsida. Når forfattarar som Hans E. Kinck (Fru Anny Porse) og Tor Jonsson (Nesler) tek for seg «bygdefliret», vert søkelyset helst retta mot sosialt marginaliserte einskiltindivid som vert mobba av dei sosiale omgjevnadene. Sendaren sitt kommunikasjonsobjekt og sin bodskap er det tankeinnhaldet han/ho vil overbringe. Ofte er dette i denne samanhengen tilkjennegitt vanvørdnad for ein eller fleire personar og trekk som vert forbundne med vedkommande, til dømes personlegdom, veremåte, sosial bakgrunn, handlingar (til dømes at ein har skjemt seg ut offentleg), ideologi eller sosialt kategorimedlemskap. Mediet eller kommunikasjonskanalen er strengt tatt av visuell karakter; synet av dette draget i munnvikane. Likevel har fliret ofte ein rik «portefølje» i form av vokaliseringar (særleg lått) og røystføring, eller annan nonverbal kommunikasjon knytt til blikk og andletsuttrykk elles, verbale ytringar med ingrediensar av hån, spott, sarkasme, ironi eller skadefryd, og handlingar. Dessutan er sjølvsagt den sosiale konteksten kring fliret viktig.

Det er ikkje sikkert at mottakaren oppfattar fliret slik avsendaren intenderte; det kan tilleggjast ulik vekt, kanskje vert det ikkje ein gong oppfatta. Og mottakarane kan sjølvsagt gje ulike motsvar. Vi veit at menneske som er sosialt sårbare, ofte er særs skarpe sosiale observatørar med antenner for slikt – jamfør eg-personen i Sult (Knut Hamsun). Opplevinga vil naturlegvis bli merkt av korleis relasjonen mellom den flirande og den til-/avflirte er og korleis sistnemnde fortolkar dette. Fliret treng ikkje ein gong vere medvite og intendert, og her er det rikeleg med rom for misforståingar. Vi minnest handelsskulelæraren i Lasso rundt fru Luna av Agnar Mykle, Ask Burlefot, som plagdest av ein elev som heile tida «flirte» hånleg. Men «fliret» viste seg å vere ein effekt av at han hadde blitt skadd i leppa av ein fiskeongul!

Elitefliret er basert på sosialt, kulturelt og økonomisk, gjerne klassemessig, «overtak» – den vanvørdnaden som dei som står høgare på rangstigen, syner andsynes dei som er lågare plassert i hakkeordenen. Dette kan sjåast som eit aspekt ved klassesisme eller standshovmod. Det er storbondefliret, kaksefliret, embetsmannsfliret, som er eit uttrykk for ein overlegen status- og maktposisjon, eit herre–knekt-forhold. Fattigjenta Ann-Magritt i Nattens brød av Johan Falkberget fekk røyne dette. Ho reagerte med sinne, protest og opprør; andre «bøyer nakken». Småkårsfolk kan på si side nytte fliret som avverje- og motstandsstrategi når dei hånflirer av overmakta og autoritetane. Dette var embetsstanden i fleire av Hans E. Kinck sine romanar (Sneskavlen brast). Kinck var ein framifrå skildrar av klassekampens psykologi. Olav Duun skildrar noko av dette i novella Fattigkassa. Fliret kan også vere det skjoldet som ein nyttar når ein kjenner seg usikker og under åtak; jamfør Tor Jonsson si skildring av striden innbyrdes i drengestova i Nesler. Fliring kan dessutan vere nær forbunde med eigen personlegdom og kan vere sosialt lært. Sistnemnde er Haldor Laxness inne på i Sin egen herre; fliret hadde vore eit kjennemerke ved ein familie i bygda gjennom generasjonar.

Dei langtidsmottakarane av økonomisk sosialhjelp som eg intervjua i fattigdomsstudien min, klaga ofte over respektlause sakshandsamarar, men mange hadde vanskar med å setje ord på dette. Tidvis kunne ein skimte eit raseri som var retta mot sakshandsamaren sitt lette og veikt tilslørte flir når dei fortalde om eigen desperasjon. Eller kanskje det heller var eit overberande eller oppgitt smil dei såg, som dei tykte var malplassert? I kjøpesentra kunne sosialklientane oppleve all velstanden som storsamfunnet sitt «symbolske flir», der dei strevde med å finne dei billegaste matvarene. I somme fagmiljø innanfor helse- og sosialsektoren finst det subkulturar der det vert flirt og fleipa med klientar i bakromma. Ein slik praksis vert forsvart med at det er «god humor», og at alle treng å avreagere. Men det kan også vurderast annleis.

Vi ser såleis at det lèt seg gjere å teikne eit portrett av ein sosial realitet og sosiale prosessar som løyner seg bak fire bokstavar i eit ord som ikkje vert brukt i fagpsykologiske samanhengar. Det er eit tankekors at ein lyt vende seg til humaniora, kvardagslege observasjonar og common sense for å skildre slikt. Men sjølvsagt kan dette utforskast vitskapleg, til dømes via fenomenologiske djupnestudiar eller eksperimentelt.

I profesjonell kommunikasjon og i anna sosialt samspel, må ein vel konkludere med at fliret hovudsakleg er ein lite respektfull og elles uheldig måte å samhandle på. Ofte er det uttrykk for arroganse og dominans. Den som vert flirt av, har lite å verje seg med dersom det går føre seg på ein subtil måte. Ofte er dette subtilisert vald eller aggresjon, der andre måtar å mobbe på er stengde. Og det kan sjåast på som hersketeknikkar. Det er ei form for mobbing som ofte tek frå offeret høve til å forsvare seg avdi han/ho ikkje kan vise til konkrete og verifiserbare haldepunkt, og avdi fliret ofte seglar under humoren sitt banner og såleis vert legitimert. Visst kan fliret vere av det skuldlause slaget, skjemtsamt og skjelmsk. Men den til-/avflirte skulle vel helst ha definisjonsretten i slike samanhengar? Kan hende kan bevisstgjering om flirets psykologi ta brodden av fliret og vere første steg på vegen mot frimodige ytringar som «tørk av deg det ekle fliret»!

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 11, 2007, side 1402-1403

Kommenter denne artikkelen