Du er her

Menneskerettar og fattigdom

Publisert
10. april 2007

Kjell Underlid, denne månedens kronikkforfatter, er dr.philos. og professor ved Høgskolen i Bergen. Sammen med Ingunn Skre, Anne Skard, Peder Kjøs, Magne Raundalen og Marit Netland er han invitert av Tidsskriftet som fast kronikør. Neste gang (juni): Ingunn Skre.

I denne kronikken vil eg prøve å sjå fattigdom i samanheng med menneskerettar. Eg byggjer her på eigen studie, som er omtalt i boka Fattigdommens psykologi. Oppleving av fattigdom i det moderne Noreg (Underlid, 2006) og verdsfråsegna om menneskerettane, vedteken av Sameinte Nasjonar (SN) i 1948.

Uttrykket nedverdigande behandling gjekk igjen i mange av forteljingane om møtet med ulike offentlege instansar

I artikkel 1 heiter det at «alle menneske er fødd frie og med same menneskeverd og menneskerettar». Respondentane mine opplevde at dei vart verdsett svært lågt, og særleg i møtet med sosialkontoret. Den sosiale devalueringa kom til uttrykk i negative reaksjonar frå andre, og særleg frå sosialkontortilsette. Ein kan spørje: Kva er menneskeverd utan verdsetting?

I artikkel 3 står det at alle har rett til liv, fridom og tryggleik. Lever gjer dei, og ingen tek livet av dei. Men dei misser – som gruppe – statistisk mange år av livet sitt; i Oslo-undersøkelsen vart det påvist at fattige menn på Austkanten døyr 7,3 år tidlegare enn rike menn på Vestkanten. Formell fridom hadde dei kanskje, men dei kjende seg særs ufrie – og var det – av materielle grunnar. Dei var som i tjor, der dei vart gåande i husværa sine og i nærmiljøet – utan å komme seg stort lengre. Armoda gjorde at dei måtte føreta seg mykje som var ulystbetont, og dei måtte forsake mangt som dei skulle ønskje. Tryggleik hadde dei også lite av. Det gjeld den nære og konkrete utryggleiken: Korleis skal det gå om eg ikkje får betalt husleiga i morgon? – og den meir eksistensielle: Korleis går det med livet mitt og barna mine, som ikkje eingong arvar noko etter meg?

«Ingen må haldast i slaveri eller trældom», heiter det i artikkel 4. Nei, slavar var dei ikkje i vanleg forstand, men somme opplevde likevel at dei var slavar under sosialkontoret, med stivbeinte krav og vilkår og kontrollregime.

I artikkel 5 står det at ingen må utsetjast for tortur, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Torturerte vart dei ikkje, men uttrykket nedverdigande behandling gjekk igjen i mange av forteljingane om møtet med ulike offentlege instansar.

Dei neste artiklane tek for seg rettstryggleik, som å bli godkjent som rettssubjekt, likskap for lova, ikkje-diskriminering i rettslege samanhengar og tilgang til rettshjelp. Dei fattige i mitt utval opplevde at dei stilte veikt som isolert part i møtet med sosialkontoret, og opplevde at dei ikkje hadde økonomiske midlar til å søke juridisk hjelp i samband med krenkingar som dei kjende seg utsette for. Ein kan spørje seg om ikkje den gamle klassejustisen lever vidare i vår moderne tid – i nye former.

I artikkel 12 står det at ingen må utsetjast for vilkårleg innblanding i privatliv, familie, heim og korrespondanse, eller for åtak på ære og omdømme. Respondentane mine klaga over at dei måtte «brette ut livet sitt» og «vrenge sjela» for å få sosialstønad, som er behovsprøvd, skjønsprega og lite rettsorientert. Sosialkontoret kan krevje innsyn i den minste detalj, t.d. via kontoutskrifter. Mange opplevde at sosialklientstatusen også svekte omdømmet deira.

Artikkel 13 tek for seg retten til å bevege seg fritt. Ingen nektar sosialklientane det, men mange kjenner seg som i stavnsband og tjora fast av di økonomien avgrensar aksjonsradiusen.

I artikkel 17 står det at alle har rett til å eige eigedom, åleine eller saman med andre, og at ingen må vilkårleg fråtakast eigedommen sin. Men dei av sosialklientane som har eigedom, risikerer å måtte kvitte seg med det dei har, for å kunne motta sosialstønad over tid, og dei må gjerne selje unna for å overleve. Dei har ikkje råd til å skaffe seg eigedom. Dei vert eigedomslause. Og lån kan dei jo ikkje ta opp – som anna folk. Har dei nokre kroner på bok, t.d. for å sikre konfirmasjonen til yngsteguten til våren, eller dei mottek ein uventa pengeslump som andre ville ha gledd seg over, risikerer dei å misse dette.

Dei neste artiklane gjeld hovudsakleg politisk deltaking. Ingen nektar sosialklientar det, men dei er nesten utan unntak marginalisert politisk. Kor mange har sett ein listekandidat oppført med tittelen sosialklient? Når ein har meir enn nok med dagleg sut for å overleve, og organisasjonskontingenten, bruk av telefon, bussbillett for å gå på møte o.a. vert tunge barrierar, så vert politisk passivisering gjerne konsekvensen. Det same gjeld for artikkel 27, som seier at alle har rett til å delta i det kulturelle liv. Respondentane i utvalet mitt hadde ikkje råd til det.

I artikkel 22 heiter det at alle har som medlem av samfunnet rett til sosial tryggleik og krav på dei økonomiske, sosiale og kulturelle gode som er uunnverlege for menneskeleg verde og fri utvikling av personlegdommen. Respondentane i utvalet mitt vart i svært stor grad «snytt» for dette.

I artikkel 23 står det at alle har rett til arbeid, til fritt val av yrke, til rettferdige og gode arbeidsforhold og til vern mot arbeidsløyse. Men sosialklientar har jamt over ikkje arbeid, og i alle fall ikkje heiltidsarbeid. Ingen i mitt utval! Dermed vert også retten til fagorganisering, som er nemnt i same artikkel, illusorisk. I artikkelen står det at alle har utan diskriminering rett til lik betaling for likt arbeid. Alle har også rett til ei rettferdig og god betaling som sikrar familien og ein sjølv eit menneskeverdig tilvære. Men respondentane i mitt utval vart sende på ymse tiltak som i praksis var gratisarbeid, og som dei ikkje kunne avslå utan å risikere sanksjonar. Dei gjekk side om side med fast tilsette med heilt andre løns- og arbeidsvilkår – som ein pariakaste. Sosialklientar vert i praksis diskriminert på arbeidsmarknaden også på andre måtar; dei er ikkje førstevalet ved tilsettingar.

I artikkel 25 står det at alle har rett til ein levestandard som er tilstrekkeleg for helse og velvære, og som omfattar mat, klede, bustad, helseomsorg og nødvendige sosiale ytingar. Men levestandarden til mine respondentar var ikkje tilstrekkeleg. Når dei små inntektene var brukt på det mest nødvendige, var det mest ingenting att å leve for. Dei levde i eit av dei dyraste landa i verda, omgitt av velstand og rikdom på alle kantar. Men fleire tala om det tidvis tomme kjøleskåpet, og kosten vart lite næringsrik. Bustandarden var skrøpeleg, i somme tilfelle helseskadeleg, og leigeforholdet var gjerne usikkert. Mange unnlét å nytte helsetenester av økonomiske grunnar. Det var eit liv i konstant spinking og sparing under eit knappleikstyranni.

SN sine menneskerettar utgjer eit udeleleg heile; dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane er ikkje mindre viktige enn dei sivile og politiske. Dei er universelle, udelelege, gjensidig avhengige og samanvevde med einannan. Noreg har slutta seg til menneskerettane, og er såleis forplikta av dei.

Basert på eiga fattigdomsforsking og gransking av menneskerettane er eg kommen til den konklusjonen at mange fattige i Noreg er i ein slik situasjon at dei er særs sårbare, sett ut frå eit menneskerettsperspektiv. Dels er det tale om brot på menneskerettane, dels om svekte menneskerettar, dels at desse er under trugsmål og press, og dels er det tale om ein situasjon som generelt gjev lite vern når det gjeld sikring av menneskerettane.

Menneskerettane må ikkje berre forståast som kald og hard juss – desse rettane er også av sosial, politisk og ikkje minst moralsk natur. Dei byggjer på det synet at alle har det same menneskeverd. Vi skal hugse på at fattige i Noreg får minst av materielle gode i den samfunnsmessige fordelinga. Dei får også minst av immaterielle gode som tryggleik, autonomi (fridom), vørdnad og sjølvvørdnad. Dei slit med kjensler som tristheit, sinne, angst eller frykt og skam- og skuldkjensle. Helsemessig kjem dei dårlegare ut enn andre grupper. Slik sett rører dette ved behov, fordeling, sosial rettferd og andre verdiar, makt og jamvel klassesisme – diskriminering og trakassering på klassemessig grunnlag. Mange er ute av stand til å artikulere krenkingane som dei vart utsette for. Men her til lands er krenkinga av menneskeverdet ved fattigdom meir av uformell enn av formell karakter, og krenkinga må forståast opplevingsmessig, relasjonelt og kontekstuelt.

Av di Noreg er det rikaste landet i verda – og såleis har høve til å endre dette biletet – vert den norske fattigdommen ekstra ille frå ein moralsk synsvinkel.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 4, 2007, side 464-465

Kommenter denne artikkelen