Du er her

Velferdskontraktar – sosialpolitisk nyvinning eller tilbakesteg?

Publisert
10. oktober 2006

Kjell Underlid er professor dr. philos. og spesialist i klinisk psykologi. Saman med Ingunn Skre, Anne Skard, Peder Kjøs, Magne Raundalen og Marit Netland er han invitert av Tidsskriftet som fast kronikkør. Neste månad: Ingunn Skre.

I Soria Moria-kunngjeringa varsla regjeringa at det vil bli innført ein rett til velferdskontraktar for mottakarar av økonomisk sosialhjelp. Dei sosialklientane som underskriv slike kontraktar, vil få monaleg høgare økonomiske ytingar enn dagens sosialhjelpssatsar: opp mot Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) sine satsar. Gjenytinga deira vert at dei skal forplikte seg til å ta relevant arbeid eller opplæring eller gjennomgå behandlingsopplegg. Velferdskontraktane står i nært slektskap med arbeidslina, som vart innført som velferdspolitisk strategi i byrjinga av 1990-talet.

… slik kontraktsbruk i sosialtenesta har sitt opphav i land som vi helst ikkje vil samanlikne oss med

Dette er relevant for psykologar. Mange av dei menneska som vil bli tilbydd slike kontraktar, vil ha psykiske vanskar, og psykologar vil møte dei som klientar – i diagnostiske og terapeutiske samanhengar.

I skrivande stund veit vi lite om det konkrete innhaldet i dei nye velferdskontraktane og rammene kring desse. Vi står også ved terskelen til innføringa av den store NAV-reformen, så mykje er uvisst når det gjeld det sosialpolitiske landskapet og klimaet i sosialtenesta i tida framover. Sjølv om velferdskontraktane vil sikre rettar og gode for mange sosialklientar, finn eg likevel grunn til å formulere nokre uromeldingar, jamvel om tidspunktet for bastante påstandar kanskje ikkje er det rette.

Kontraktsinngåinga vil byggje på ein asymmetrisk relasjon, der klienten vil vere den veike, underlegne og avhengige parten. Det er sosialkontoret som vil ha maktfordelane, og spesielt maktmidlane. Kva med sosialklientane sin rettstryggleik?

Kontraktsinngåinga vil i mange tilfelle berre tilsynelatande vere frivillig, på grunn av sanksjonane og ulempene ved ikkje å inngå slike kontraktar. Vil det vere tale om fritt val i reell meining?

Mange sosialklientar vil nok ikkje ha føresetnader for å sjå rekkevidda og konsekvensane ved slik kontraktsinngåing, og mange vil truleg ikkje makte å etterleve dei krava og forpliktingane som kontrakten inneber. Dette kan skuldast helsetilstand og psykososial stode meir allment. Freistnader på å innfri avtaler som er inngått i kontrakten, vil kunne vise seg å vere helseskadelege i mange tilfelle, til dømes dersom klientar vert pressa inn i arbeidsforhold som dei ikkje vil makte.

Bruk av slike kontraktar vil kunne innebere ei individualisering av sosialt arbeid; det vert på eit vis den einskilde klient mot eit stort byråkratisk og profesjonalisert apparat. Universelle rettar vil lett måtte vike for individuelt skjøn.

På den andre sida kan det vere grunn til å ottast at slike kontraktsinngåingar vil bli standardiserte etter ei tid, slik at dei i liten grad vert tilpassa den einskilde sine behov og unike livssituasjon. Trongen til å effektivisere arbeidet på grunn av stor klienttilstrøyming og avgrensa ressursar kan komme til å drive fram ei slik utvikling – eit byråkratisk skjemavelde. Dette vil kunne verke framandgjerande både på klient og sakshandsamar.

I samband med kontraktsinngåinga, og handheving av kontraktane, kan det også vere grunn til å uroe seg ved manglande utgreiingskapasitet når det gjeld klientane sin helsetilstand. Mange har samansette og «diffuse» plager, som er av ein slik karakter at lidingane ikkje utan vidare vil gje trygderettar. Mange vil vere ute av stand til å følgje opp i forhold til arbeid og utdanning av årsaker som ikkje vert fanga opp av noko diagnosesystem. Det kan til dømes gjelde tilpassingsproblem, sosiale vanskar og personlegdomsmessige tilhøve. Kan vi vere sikre på at «gjennomsnittssakshandsamaren» har kompetanse til å forstå og forhalde seg til slik problematikk, og kan vi vere trygge på at det finst tilgjengeleg utgreiingskapasitet internt i det sosiale tenesteapparatet og eksternt?

Sosialklientar har lenge vore dei uverdig trengande i hjelpeapparatet. Dei mottek minst støtte, vert i størst grad utsette for behovsprøving og kontroll, og hjelpa er mindre rettsbasert enn det som er tilfellet for andre klientgrupper. Ein risikerer no at sorteringa vert endå meir finmaska, ved at vi kan få eit A-lag og eit B-lag av sosialklientar: Dei som av ulike grunnar kan og vil inngå slike kontraktar, og dei som ikkje kan og/eller vil. Dei sistnemnde kan bli ein «pariakaste», som vert straffa økonomisk og m.o.t. andre hjelpetiltak. Ei slik ytterlegare sortering kan oppfattast som urettferdig, for denne kategorien vil gjerne omfatte dei som stiller veikast i utgangspunktet, særleg helsemessig. Det er denne gruppa som eigentleg treng mest hjelp.

Dei nye velferdskontraktane vert lanserte med ein retorikk som er prega av mange honnørord. Ein kan likevel setje spørsmålsteikn ved grunnfilosofien bak det som den danske professoren Niels Åkerstrøm Andersen kallar «borgerens kontraktliggørelse», og særleg når det gjeld bruk av slike kontraktar i sosialt arbeid. Den avgjerande «testen» vert likevel korleis slike kontraktar vil fungere i praksis – for brukarane. Røynslene frå ein del andre land er nedslåande, og det finst jamvel døme på at fattigfolk har gjort opprør mot det dei oppfattar som inhuman «slavebinding» og ei slags «reføydalisering» basert på slik kontraktsbruk («workfare»). Det er elles eit tankekors at slik kontraktsbruk i sosialtenesta har sitt opphav i land som vi helst ikkje vil samanlikne oss med – frå ein sosialpolitisk synsvinkel.

Finst det alternativ til slike velferdskontraktar? Alternativet er å halde fram som no utan – slik gjeldande praksis i all hovudsak faktisk har vore i sosialt arbeid i Noreg fram til i dag. Alternativet er vidare eit arbeidsliv som er genuint inkluderande, ein sosialpolitikk med mindre «pisk og gulrot» (ein slags åtferdsterapi) og med avgjerande vekt på forbetra stønadsordningar for alle sosialklientar.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 10, 2006, side 1079-1080

Kommenter denne artikkelen