Du er her

Kommunepsykolog

Austrheim kommune - Avdeling psykisk helse

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) er i ferd med å løfte seg etter ein periode med økonomiske utfordringar. Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!

Austrheim og Fedje har ledig interkommunal stilling som kommunepsykolog med Austrheim som vertskommune.

Stillinga vart oppretta for to år sidan og stillinga har vore ledig siste mnd. Vi søkjer ein engasjert og løysingsorientert psykolog til å arbeide i 1. linjetenesta i kommunane våre.

Stillinga er plassert i Avdeling psykisk helse som inngår i avdeling for helse, omsorg og frivillighet i Austrheim. Begge kommunane har psykisk helsetenester. I Austrheim er dette ein del av helseavdelinga med kommunalsjef som næraste overordna. I Fedje er det ei sjølvstendig eining. Fedje kjøper i tillegg tenestene jordmor, PPT og barnevern frå Austrheim. Ei av helsesjukepleiarne har fellesstilling mellom Austrheim og Fedje. Vedkomande som får stillinga som psykolog, vil samarbeide med alle desse i begge kommunane i tillegg til legane i båe kommunar.

Stillinga er 80 % i Austrheim og 20 % i Fedje. 2 flotte kommunar ved havet. Her er det gode mogeligheiter for friluftsliv og aktiviteter. Søkjar må ha sertifikat og bør disponere eigen bil.


Arbeidsoppgåver

  • Aktiv deltaking i plansystem og utviklingsarbeid
  • Helserfremjande og førebyggande arbeid mot retta mot grupper, individ og lokalmiljø
  • Rettleing og fagstøtte til andre tenesteytarar og faggrupper i kommunen
  • Bidra til å styrke tverrfagleg samarbeid på tvers av sektorane
  • Medverke for å styrke samhandling mellom kommunen og 2. linjetenesta
  • Lågterskel på oppfølgingsarbeid for born,ungdom, familiar og eldre
  • Delta i det psykopsosiale kriseteam i kommunen


Krav til kompetanse

  • Offentleg godkjent psykolog/psykologspesialist
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Sjølvstendig og trygg med personlege eigenskaper som høver i arbeidet med målgruppa
  • Ønskjeleg med relevant erfaring
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjent politiattest ved oppstart i stillinga


Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar ta kontakt med kommunalsjef Monika Kvamme på tlf. 918 65 391, e-post monika.kvamme@austrheim.kommune.no eller leiande psykiatrisk sjukepleiar Kristine Fanebust på tlf. 900 90 954.


Vi kan tilby

  • Ganske nyoppretta spanande jobb med mogeligheit til å påvirke og utvikle tenesta
  • Ein triveleg arbeidsplass med godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning
  • Løn og arbeidsvilkår etter det som gjeld til ei kvar tid i lover,avtaleverk , reglement m.m.


Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56 16 20 00.
 

Lenke til annonsen og søk på stillingen

 

Søknadsfrist
2. juni 2020