Du er her

Kommune­psykolog

Herøy kommune - Seksjon Psykisk helse og rus

Vi har ledig nyoppretta 100 % fast stilling som kommunepsykolog med særskilt fokus på barn og unge.

Herøy kommune har ein visjon om å vere ei båtlengd føre og ynskjer å gi eit betre og meir heilskapleg  tilbod til personar / familiar som står i fare for å utvikle helseproblem. Dette ynskjer ein å få til gjennom tiltak som er retta mot samfunnet, og mot enkeltindivid og grupper. Kommunepsykologane skal vere nøkkelpersonar i arbeidet med å styrke tidleg innsats og behandling for god psykisk helse for alle i kommunen.


Herøy kommune har hatt kommunepsykolog sidan 2007, og opprettar no i tillegg ny 100 % stilling for psykolog med målgruppe 0-23 år . Kommunen  vil da ha to psykologar, og den nye stillinga vil være i nært samarbeid med eksisterande kommunepsykolog som er knytt til Barn, familie og helseavdelinga,  seksjon for Psykisk Helse og Rus. Eksisterande kommunepsykolog vil kunne tilby vegleiing  og rettleiing for den nye psykologen.

Det vil vere eit nært samarbeid med fastlegane, teneste for psykisk helse og rus, helsestasjon, barnevern og andre samarbeidspartnarar i kommunen.


Arbeidsoppgåver:

  • Helsefremjande og forebyggande arbeid
  • Tett tverrfagleg integrert samarbeid
  • Tenesteretta arbeid: Rettleiing  og fagstøtte til ulike profesjonsgrupper i kommunen
  • Deltaking i system og  planarbeid og fagutvikling
  • Klinisk arbeid; kartlegging og behovsavklaring. Rask psykisk helsehjelp


Kvalifikasjonar:

  • Offentlig godkjenning / autorisasjon som psykolog / psykologspesialist
  • Engasjement for tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid
  • Relevant kompetanse og / eller erfaring med tidleg intervensjon, forebygging og   helsefremjande arbeid knytt til psykisk helse og rus utfordring
  • Gode samarbeidsevne og evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • God muntleg og og skriftleg framstillingsevne
  • Må ha sertifikat klasse B og kunne disponere bil


Personelege eigenskapar:

Vi ynskjer ein person som er “trygg nok i eigne sko” til å utgjere ein forskjell på born og unge sine arenaer i Herøy kommune.


Vi tilbyr:

  • Spennande stilling der du er med på å vidareutvikle det førebyggande arbeidet og  tenestetilbodet til målgruppa
  • Kompetente medarbeidarar i eit aktivt og engasjerande miljø
  • Rettleiing og tett samarbeid  med  eksisterande kommunepsykolog
  • Stor grad av autonomi med omsyn til arbeidsoppgåver
  • Deltaking i nettverkssamlingar og andre aktivitetar i regi av Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA)
  • Tilrettelegging for spesialisering for psykolog som har behov for dette
  • Lønn etter avtale og gjeldande regelverk
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar


Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.

Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga. StillingsID:  881

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad.

Aktuelle kandidatar kan rekne med å verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.


Kontakt: Svanhild Rise, seksjonsleiar Psykisk helse og Rus, e-post svanhild.rise@heroy.kommune.no, tlf. 990 90 691 og Inger Marie Tofthagen, avdelingsleiar barn, familie og helse, e-post inger.marie.tofthagen@heroy.kommune, tlf. 70 08 14 52 / 938 74 513 og Ivar Ørstavik, kommunepsykolog, e-post ivar.Orstavik@heroy.kommune.no, tlf. 916 36 698.

Lenke til annonsen

 

Søknadsfrist
1. juni 2019