Du er her
Kåseri
Det er ein mørk og stormfull haustkveld, og eg veit at eg bør vera forsiktig no på den våte, sleipe vegen. Hovudet til kona heng litt slapt, ho søv tungt i setet, ungane søv i baksetet òg alt, men eg har gassa på, heilt usakleg, ja eg innrømmer det, rett og slett ein primitiv reaksjon på at eg er så uuthaldeleg frustrert. Framfor meg krek ein førtidspensjonist med altfor stor bil seg av garde, femtiåtte i syttisona, så eg må bremsa heile tida, men eg ligg likevel tett på, ingen tusenogein-tusenogto-tusenogtre. Eg skal snart fisa forbi slik at han skvettar i kjørebuksene sine. Så enkel vel eg å vera i kveld. Av og til må ein unna seg å ikkje vera så nyansert. Av og til må ein skjera igjennom. Fyren har på sett og vis rota seg inn i intimsona mi, no når eg er sjuk av frustrasjon, ein kan gjerne kalla meg overdramatiserande eller krisemaksimerande, men skal eg vera ærleg, og det skal eg, så kjennest det som om det som står på spel, er heile retten min til å eksistera.
Eg tåler kritikk, det er ikkje det. Eg var einig med konsulenten i fleire ting, også denne gongen, særlig det der med å ikkje bidra til ytterligare sentimentalisering av bilkjøring på mørke og våte vestlandsvegar. Det kan han ha rett i. Ein må tåla kritikk, og det gjer eg, ein må vera villig til å gå inn i seg sjølv, høyra på andre, ikkje forsvara alt ein held på med. Men sjølve konklusjonen hans om å parkera manus går det ikkje an å vera einig i. Same korleis eg snur og vender på det, og eg er van med å snu og venda, det er så å seia livet mitt, eg ser alltid alt frå fleire sider, så kan eg ikkje forstå kvifor dei ikkje vil gi ut romanen. Eg har retta på alt dei har sagt, tatt tak, vore open, tre rundar har vi hatt, skrive om og skrive om, heile manus, til slutt kjente eg at eg ikkje kunne selja sjela mi billigare, men skreiv likevel om enda ein gong, og no stemte alt, eg kjente det berre, ting var på plass. Så kvifor denne endelige konklusjonen? Forstår dei likevel ikkje ironien, er den for opplagt? Eller er det motsett, at dei ikkje forstår meta-nivået som ironiserer over meta-nivået i romanen? Det er farligare å overvurdera folk enn å undervurdera dei. Også forlagsfolk. Eg har gitt alt. Og litt til. Kva er det som plagar dei? Kvar er det det buttar?
Eg høgg i bremsene. Der framme står dei, pitle meg. Her, no, mens eg faktisk kjører på ein våt, mørk vestlandsveg, står politiet der. Dei viftar meg inn. Det må vera ein slags multi-sjekk. Ein politimann står i full uniform bak ein lasermålar og fiklar på stativet, to andre står og viftar alle bilistar inn med små, raude lyskjegler i hendene. Fire raude lyskjegler i det store mørkret. Og sistemann, som er ei dame, går rundt og ber bilistane blåsa i apparatet. Dei ser ut som Lego-menn, eit sett med fire Lego-politimenn frå same øskja som viser heile politiarbeidet, komprimert ned slik berre Lego kan gjera det. Det er fartsmålings-politimannen, sjekkedekk-politimannen, sjekke-sertifikat-politimannen og alko-test-politimann-dama.
I same øskja er eg den potensielt rå bilisten med påmalte skjeggstubbar som blir vifta inn slik at politiet kan vera sysselsett på ein aude veg ein sein søndagshaustferie-kveld der det så å seia ikkje er ein kjeft ute og kjører. Eg er ein av dei få som legitimerer kontrollen deira, som gjer at tre menn og ei kvinne får fleire hundre prosent overtid. Eg og førtidspensjonisten. Med påmåla rutete vest.
Eg kjører rolig inn, men stoppar utan å skru av tenninga, slik at ungane og kona ikkje vaknar. Eg kviskrar, og peikar på dei som søv. Politiet er empatiske no. Dette skal ikkje ta lange tida. Dei finn heller ingenting på meg. Eg har nok djupn i dekka, og eg har slett ikkje kjørt for fort, for eg låg bak førtidspensjonisten i femtiåtte. Eg har sertifikatet med meg, og eg tillèt meg å bruka lang tid på å leita det fram. Politimann-dama skjønar kanskje til og med at eg heile tida visste kor eg hadde det, men ho let seg ikkje hissa opp, det ligg mellom Peppes- og Falken-medlemskapskortet. Ikkje har eg drukke heller, ungane mine har ikkje ein fyllekjørande far.
– Alt i orden, seier politimann-dama etter å ha sjekka sertifikatet, og vinkar meg vidare.
Eg ser bort på førtidspensjonisten i SUV-en. Ja visst. Han slit. Har han gløymt den vesle klistrelappen på skiltet? Lagt igjen sertifikatet?
Eg dryger det litt.
– Ja, her er alt på stell, seier eg. – Ser du ungane eg har? Ei jente og ein gut. Randi og Knut, enkle, norske namn. Dei har kvart sitt fadderbarn. Eitt i Brasil og eitt i Tanzania. Og sjå kona mi som søv så tungt. Er ho ikkje vakker? Ho er interiørarkitekt, reiser rundt og skapar venleik, fargespel, lys og luft i heimane til både fattig og rik. Ho prisar seg ikkje så høgt at ikkje vanlige folk skal kunna bruka henne. Kvar laurdag lagar vi mat saman, rettar frå Midtausten, koriander er det beste som fins. Og vi har kost oss med familien heile helga, ikkje for mykje og ikkje for lite, det gjeld å ha balanse heile vegen, kona driv og joggar med nokre venninner, eg spelar kompis-fotball og er leiar for sjøspeidarane.
Politimann-dama ler. Og SUV-en sig ut framfor meg.
– Eg tener bra i eigen praksis, men kjører likevel ein bensingjerrig bil. Vil du sjå refleksvesten min, kanskje? Den er lett tilgjengeleg.
– Du burde skrive kåseri, seier politimann-dama. Ho forstår at eg heile tida har gitt henne same autoritet som om ho hadde vore mann.
Eg smiler eit påmalt-skjeggstubb-legomannsmil, blunkar, sveivar opp vindauget og kjører.
Rundt svingen sløkkjer eg lysa og gassar på. Eg skal ta han igjen i tunnelen. Først når eg har komme rett i ræva på han, skal han realitetsorienterast, nett når han trudde at ting var greitt.
Kommenter denne artikkelen