Du er her

Eit rop om hjelp

Publisert
1. februar 2005

Kåseri halde på landsmøtet i Psykologforeninga i november 2004.

Kjære landsmøte.

Det er veldig godt å vere her.

Og det er ikkje berre noko eg seier, altså. Eg meiner det. Det er verkelig ekstremt godt å vere her. Det er alltid godt å oppsøke miljø som eg ikkje vanligvis vankar i, for å få bekrefta fordommane mine.

Psykolog er sjølvsagt ein merkelig ting å bli når ein tenker på alle alternativa

Det er alltid godt når fordommar viser seg å vere sanne. Det skjer ikkje for ofte. Det finst fordommar og standardoppfatningar om dei fleste grupper i samfunnet vårt. Alle lærarar er venstrefolk. Alle kristne er innsnevra avholdsfolk. Bønder speler ikkje tennis. Alle NRK-folk er storkjefta, sjølvdiggande, forfylla sunnmøringar. Og alle psykologar er folk som skammar seg såpass over sine eigne låge instinkt at dei gjerne tek fleire års høgare utdanning for å skaffe seg ein grunn til å legge seg opp i andre folks problem.

Dei færraste av desse standardoppfatningane stemmer, sjølvsagt. Naturligvis er ikkje alle lærarar venstrefolk. I så fall må lærarmangelen her i landet vere langt meir akutt enn tidligare antatt. Alle kristne er ikkje innsnevra avholdsfolk. Eit par av dei drikk litt. Bønder speler både tennis og golf. Og det er sjølvsagt heller ikkje sant at alle NRK-folk er storkjefta, sjølvdiggande, forfylla sunnmøringar. Hans-Wilhelm Steinfeld er for eksempel frå Bergen.

Standardoppfatningane om psykologar, derimot, ser ut til å stemme. Dei om at psykologar er folk som ikkje berre legg seg opp i andre folks problem, men i tillegg skaffar seg nok erfaring til å kunne fortelje folk at det finst mange andre med same problem, slik at folk skal få vite at dei ikkje berre har problem. Dei er også uoriginale.

Psykolog er sjølvsagt ein merkelig ting å bli når ein tenker på alle alternativa. Eg meiner, dersom det no er slik at ein ønsker å legge seg opp i personlige problem til folk ein ikkje kjenner, viss ein ønsker å grave i andres kriser, så finst det jo så mykje anna ein kan bli.

Journalist i Se & Hør, for eksempel.

Som journalist i Se & Hør får du dessutan mykje betre betalt. Kravet til kvalifikasjonar er langt lågare. Og du får sjansen til å leve eit glamorøst liv på eksklusive kjendisfestar. I staden for å leve eit uglamorøst liv på Rica-hotell i Sandefjord.

Men det er no eingong slik at folk med litt utdanning liker å distansere seg frå slikt som Se & Hør. Poenget med å ta utdanning er jo i dei fleste tilfelle å lære seg eit fagspråk som gjer at ein kan interessere seg for det same som alle andre interesserer seg for, men på eit litt høgare nivå.

Alle yrkesgrupper har jo slike fagspråk. Fagspråk betyr som kjent å snakke på ein unødvendig innvikla måte for å gi inntrykk av at ikkje kven som helst kunne hatt jobben din. Alle gjer det. Går du inn i politiet eller forsvaret, seier du plutselig null åtte hundre i staden for klokka åtte, som friske folk seier. Blir du nyheitsjournalist, seier du «etter det vi har grunn til å tru» i staden for «Eg har høyrt eit rykte». Blir du prest, begynner du å snakke med eit merkelig syngande tonefall og bruker spesielle vendingar for at det du seier skal framstå som litt meir høgverdig enn det faktisk er. Og det verkar. Dersom ein prest seier for eksempel «Av religiøse overbevisningsgrunner finner jeg ikke å kunne gi nattverd til åpent praktiserende homofile», så høyrest det mykje betre ut enn «Eg stikk faen ikkje kjeks inn i kjeften på homsar».

Og blir ein psykolog, så kallar ein trøbbel for traumar og folk for klientar, noko som tyder at psykologar, i motsetning til Se & Hør-journalistar, også er interesserte i problema til folk som ikkje eingong er kjendisar.

Psykologar er altså interesserte i mykje av det same som Se & Hør-journalistar, men skammar seg såpass over det at dei tek fleire års høgre utdanning for å kunne interessere seg for det same som Se & Hør-journalistar, for langt lågare betaling og på ein måte som er mykje vanskeligare å forstå.

Psykologar er altså, i tillegg til alt det andre, folk som liker å gjere det vanskeligare for seg sjølve enn strengt tatt nødvendig.

No er ikkje akkurat det uvanlig i Norge. Folk liker å gjere det vanskelig for seg sjølv i dette landet. Vi lever trass alt i eit land av folk som påstår at dei liker å gå på ski, gjerne over Grønland eller til Nordpolen. Gjerne mutters åleine og utan armar og bein. Og på vegen dit fantaserer dei om god mat og drøymer og familien. Sjølv om alle med eit minimum av vett i skolten veit at dersom familien og god mat er det viktigaste i livet ditt, så er Nordpolen ein sabla dum plass å feriere.

Vi lever trass alt i eit land der folk påstår at dei liker å feriere på hytter, og der folk ser med djup skepsis på folk som utstyrer hyttene sine med kvalmande, unødvendig luksus som straum og vatn.

Det er klart at folk som ønsker å vere psykologar i eit slikt land, ber om bråk. Vi lever trass alt i eit land der dei heller enn å be om hjelp når dei har problem, sturer på hytter utan straum og vatn, eller tek seg ein skitur åleine over Grønland.

Psykolog i Norge er ein veldig spesiell ting å bli.

For å konkludere: De treng hjelp.

Spørsmålet er berre: Av kven?

Eg veit ikkje. Eg har ingen svar. Berre spørsmål. Alt eg veit er at det kan bli interessante nachspiel av dette.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 42, nummer 2, 2005, side 134-135

Kommenter denne artikkelen