Du er her

For nokre tiår sidan kjende alle psykologistudentar denne boka

Harald Schjelderup: Innføring i psykologi (1966)

Harald Schjelderup: Innføring i psykologi (1966)

Denne boka var mitt første faglitterære møte med psykologien, og den opna ei inspirerande verd av nye omgrep og samanhengar. Spennvidda i temaa var stor: frå læring ved betinging til mystikk. Den samanhengande, saklege og fordomsfrie framstillinga gjorde inntrykk. 

Etter kvart kom kapitla om motivasjon, personlegdom og dei dynamiske prosessane i sentrum. Teksten er uvanleg språkleg meiningsklar, og den klarer å romme fleire forståingsnivå hos lesaren. Dette kan vere ein av grunnane til at boka bevarer aktualitet. 

Under kapitla om personlegdomen og konfliktane i den får ein omtale av psykoanalytiske grunntema og omgrep, og relasjonane og dynamikken mellom desse. Framstillinga er kortfatta, men med stor formidlingskraft. 

No verkar det som at teksten og forfattaren er lite kjend blant dei yngre kollegaene

TV-serien Brave New World skildrer sjokkerende treffsikkert hvor samfunnet vårt er på vei. 

Betydninga av det ubevisste er i fleire kapittel heilt eksplisitt formulert. Dette går også elles fram av teksten som ein under- eller overtone. I kapitlet «Selvet og jeg-bevisstheten» skriv forfattaren på ein språkleg enkel måte om eit kjernetema i psykologien. Forfattaren siterer ofte filosofar og diktarar for å tydeleggjere psykologiske tema. Samla kan dette vere ein grunn til at teksten framstår som så integrert og tidlaus. 

For nokre tiår sidan kjende alle psykologistudentar denne boka. No verkar det som at teksten og forfattaren er lite kjend blant dei yngre kollegaene. I psykisk helsevern er det mykje fokus på grundig symptomkartlegging i diagnosearbeidet. Utfordringa for psykologen blir å forstå desse symptoma i ein djupare samanheng. I Schjelderup si bok er det eit kapittel med overskrifta «Nevrotisk og sunn personlighet». Innhaldet i mellom anna dette kapitlet viser haldningar og ein psykologisk tenkjemåte som er svært nyttig for psykologen. 

Asle Rypdal er psykologspesialist i avtalepraksis i Ålesund og medlem og rettleiar ved Institutt for psykoterapi. Han utfordrar Øyvind Støylen til å ta stafettpinnen vidare. 

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 57, nummer 12, 2020, side 926

Kommenter denne artikkelen