Du er her

Genialt om interaksjonen mellom den ytre og indre verda

Donald Woods Winnicott: Playing and Reality (1971) 

Publisert
2. november 2020
Donald Woods Winnicott: Playing and Reality (1971) 

Denne diamanten av ei bok, som er Winnicott si siste utgjeving då han levde, oppdaga eg då eg var ung psykolog i BUP. Den opna opp mi forståing av miljøet si tilrettelegging for den indre identitet og sjølvstendeutvikling hos barn og vaksne. Det blir sagt at dersom ein har integrert den kunnskapen som er i denne boka, er ein i stand til å drive ein sjølvstendig behandlingspraksis! 

Det er to hovudtema: å finne det ekte sjølvet og å tolerere tap (i vid forstand). 

Ifølge Winnicott må ein ha ei oppleving av å vere/eksistere før ein kan gjere. Å vere (barnet sin identitet gjennom mor-som-spegl) ligg til grunn for kreativiteten og for det første eige indre symbol. Det er viktig i psykologisk utvikling å ha utgangspunkt i ei oppleving av psykisk formløyse. Formløyse som utgangspunkt er essensielt for at eiga psykisk form (symbolikk) skal kunne bli skapt. 

Å tolerere tap er berre muleg dersom det eksisterer eit potensielt formlaust område (ein avventande haldning eller stillheit) mellom mor og barn eller mellom terapeut og pasient. Dette området vil kunne bli det kulturelle området, og den beste illustrasjonen på dette er personen sitt skapte overgangsobjekt (suttekluten, bamsen o.l.), og i behandling: symboldanninga i den frie assosiasjonen eller leiken. 

Boka har spesiell aktualitet i dag, der det i mange behandlingsinstitusjonar blir mykje «reality»; tilpassing av folk til ytre krav og skjema/planer. Dette inneber fokus på å gjere og ikkje på å vere, den eksistensiell identitetsdimensjonen. Pasientar vil på den måten ikkje få hjelp til å oppdage eigen identitet, eigen symbolikk og livsmeining. Behandlarar vil bli «samlebandsarbeidarar». Gjennom å ikkje få plass til det kreative i sitt behandlingsarbeid vil behandlarar ha ein tendens til å gå tom for inspirasjon og slutte i arbeidet, slik vi ser mange gjer i dag. 

Ole Johan Finnøy, psykologspesialist i avtalepraksis i Oslo og undervisingsleiar ved Institutt for psykoterapi. Han utfordrar Asle Rypdal til å ta stafettpinnen vidare.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 57, nummer 11, 2020, side 857

Kommenter denne artikkelen