Du er her
Winnicott nærmar seg med varme og audmjukskap
Donald Winnicott: The Child, the Family, and the Outside World (1964)
Som forfattar utmerker Winnicott seg ved å bevega seg i eit landskap mellom nytenkjande og avansert teori på den eine sida, og gjennom veldig observante og nære kliniske skildringar på den andre. Boka som eg vil framheva her, er The Child, the Family and the Outside World. Den har eg lese når eg sjølv var på veg til å bli far og i barselsperioden. Det er ei samling av tekster og føredrag som Winnicott heldt mellom anna på BBC radio med tittelen «The ordinary devoted mother and her baby», og sjølv om fokuset ligg på mødrer, er det også rom for fedrar her. Barnelegen og psykoanalytikaren gjer seg tankar om kvardagslege og stort sett ikkje-patologiske fenomen i familiar. Språket er dimed også kvardagsleg og lett tilgjengeleg for fagframande, men det står trygt plassert på eit fundament av psykoanalytisk tenking. Både påverknaden av Freud og Klein er synlege for den observante lesaren samt Winnicott sine eigne teoretiske bidrag til faget.
Han tek føre seg dyaden mellom mor og barn og konkrete aspekt i deira samspel, for å sjå på familien der far trer inn. Til slutt ser han på barnet i sosiale omgjevnadar som barnehage og skule. Vi fylgjer altså barnets utvikling frå dyade til triade til samfunn. Winnicott nærmar seg alminnelege menneskelege vanskar med enorm varme og audmjukskap, og det skapar gjenklang i lesaren. Eg har funne mykje glede og trøyst hjå Winnicott når eg sjølv tok mine fyrste steg som pappa.
Psykologspesialist Florian Johannes Richarts utfordrar psykologspesialist ved Kronstad DPS og kandidat ved Institutt for Psykoterapi Kjell Grønnevik til å ta stafettpinnen vidare.
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 57, nummer 8, 2020, side 615
Kommenter denne artikkelen