Du er her
James F. T. Bugental, The Art of the Psychotherapist (1987)
Boka er skriven i eit klart humanistisk dynamisk grunnspråk. Men mest av alt er ho ein viktig studie av mikroprosessar, kommentert med stor klinisk visdom.
Eg las The Art of the Psychotherapist for første gang i 2005. Då var boka allereie nesten 20 år gamal, og enda var ho tidleg ute. Og då byrja vinden å snu, vekk frå den skiljelinjeopphengte, tingleggjorte konkurranseforskinga, og mot den integrative, inkluderande, involverande og involverte. Menneska, pasienten og terapeuten, som heilt faktisk, og ganske standhaftig, fyller psykoterapi med meining, fekk kome fram i lyset og bety noko i forskinga.
Bugental fyller 300 tettskrivne sider med tre basisferdigheiter og fire kjerneprosessar. Til dette kjem ei lang rekke terapitranskript som han brukar til å forklare, konkretisere og utvikle innsiktene han formidlar. Basisferdigheitene er å kome på sams kommunikasjonsnivå, å vere levande til stades som terapeut og jobbe med alliansen, og å drive med terapeutisk mellommenneskeleg press. Kjerneprosessane for terapeutar er å kome parallelt med innhald, med kjenslekvalitet, med konkretiseringsnivå og med merksemdsfokus, i arbeidet med å hjelpe pasienten til endring.
Christian Moltu utfordrar Pål Ulvenes til å ta stafettpinnen vidare
Kommenter denne artikkelen