Du er her

Gregory Batesons Mind and Nature (1979)

Av og til kan møtet med ein tekst bli skjebnesvanger. Gregory Bateson ga meg eit nytt språk, skriv Tor-Johan Ekeland, som er førstemann ut i vår stafettspalte Klassikeren.

Akademisk liv er eit liv i lesing av fag. Det meste er «meir av same slaget» – til utdjuping og utviding av perspektiv ein alt er innanfor. Av og til kan møtet med ein tekst bli skjebnesvanger – ein blir merkt slik at det er ingen veg tilbake (til slik ein tenkte før). For meg var lesinga av Gregory Batesons Mind and Nature (1979) ei slik oppleving. Først gir boka motstand, irriterer fordi ein skjøner at her er noko viktig, men ikkje kvifor. Så blir ein svimmel når «gamle» modellar i eige intellekt krakkeler og går i oppløysing. Deretter dett bitar av kunnskap på plass i ein ny orden, og ein opplever den kognitive gleda det er å sjå noko ein tidlegare ikkje hadde sett. For å nytte ein Bateson-inspirert metafor: det er skilnad på å lære gloser og å lære eit språk. Bateson ga meg eit nytt språk: alt (liv) er kommunikasjon, og slik vi har delt opp verda for å skjøne den (psykologi, biologi etc.) er ei oppdeling i språket og ikkje nødvendigvis ei oppdeling i verda.

Tor-Johan Ekeland utfordrer Kim Larsen til å ta stafettpinnen videre.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 51, nummer 10, 2014, side 877

Kommenter denne artikkelen