Du er her

Ingen rusmisbrukar er ei øy

Namnet Frid er i slekt med ordet fred. I 30 år har Frid Anny Hansen gjort skam på namnet sitt ved å heva lansen mot individualpsykologiens øydande drake.

Publisert
4. oktober 2013

SLÅTT TIL RIDDAR: Fagsjef Frid Hansen ved Borgestadklinikken.

Foto: Arne Olav L. Hageberg

Rundt henne er det energi, framdrift, temperatur, latter og tårer. Men fred? Sjeldan. Frid Hansen blei nyleg slått til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden. Gjennom 27 år som psykolog og fagsjef ved rusbehandlingsinstitusjonen Borgestadklinikken i Skien har ho nær sagt eine og åleine skapt eit paradigmeskifte innanfor rusomsorga i Skandinavia. Ikkje mindre, skal vi tru festtalarane. Eit skifte frå å sjå rusmisbrukaren som ei øy til å sjå han som nokon sitt barn, barnebarn, far, mann og bror.

– Eg har aldri opplevd ein einaste pasient som har sagt at han eller ho ønskjer å skada sitt eige barn, seier Frid Hansen.

Men når dei ser attende på livet sitt, ser dei at det er nettopp dette dei har gjort. For mange handlar det om å repetera mønster dei sjølv lærte som born av eigne rusmisbrukande foreldre. No er det dei sjølve som ikkje har kledd ungane sine, ikkje gjeve dei mat, ikkje fått dei i seng om kvelden eller opp om morgonen, ikkje har trøysta dei når dei var redde. Mange har også gjort grufulle ting mot ungane sine, eller mot ektefellen, foreldra, søsken.

Midt i dette held Frid Hansen fast ved at foreldre vil ungane sine vel, og at langt dei fleste vil kunna endra seg slik at dei blir dei gode foreldra dei ønskjer å vera. Og klinisk erfaring har vist at ho har rett.

Familieperspektivet

Familieperspektivet. Ordet dukkar opp overalt der Frid Hansen blir omtala og der Borgestadklinikken blir nemnt. Verksemdsideen er å vera eit nasjonalt anerkjent behandlings- og kompetansesenter for rus- og avhengigheitsrelaterte problem i eit familie- og generasjonsperspektiv. Det handlar om å forstå og ta på alvor noko som heile den individuelt orienterte terapitradisjonen har mista av syne, seier Frid Hansen.

Hei Frid, ville bare sende deg en mail og takke for artikkelen du skrev i tidsskriftet i 2008 om «Feige hjelpere og glemte barn», du aner ikke hvor godt det gjør å føle at noen står på for å gjøre en innsats for de barna. Jeg er nå 30 år, og du beskriver utrolig godt hvordan jeg hadde det og har det nå i voksen alder.

Frå ein e-post til Frid Hansen[1]

Frid Hansen fekk barne- og familieperspektivet inn med den faglege morsmjølka. Under profesjonsstudiet ved Universitetet i Oslo var ho ei av mange som skreiv hovudoppgåve knytt til Hanne Haavind sitt prosjekt «Omsorgsfunksjoner og verdioverføringer i småbarnsfamilier».

Etter enda studium gjekk vegen vidare til ei nyoppretta stilling som psykolog ved PP-tenesta i Rissa i Sør-Trøndelag, ein kommune som i 1980 husa 5000–6000 innbyggarar. Psykologar hadde den gongen ein mykje mindre framskoten posisjon i samfunnet enn dei har i dag. Ho møtte folk som såg i bakken for at ho ikkje skulle lesa tankane deira, men fekk snart ry på seg for å vera ei det gjekk an å prata med.

Arbeidsgjevarane i kommunen hadde òg stor tiltru til kva den nyutdanna tjueåtteåringen kunne utretta. Til tider for stor. Som då ho bad kommunen om å få lov til å organisera ei ordning med fagleg rettleiing – som einsleg og fersk psykolog kjente ho seg naturleg nok litt vel fagleg frittgåande. Det var også mykje å grubla på rundt rolla ho skulle ha og funksjonen til ein skulepsykolog i eit lite og gjennomsiktig samfunn. Men kommunen var i starten lite open for å senda henne til Trondheim for å samtala med ei fagfelle. «E’ det itj’ du som e eksperten?» var kommentaren.

RIDDAR: Frid Hansen (til høgre) blei 22. mars i år slått til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden. Fylkesmann Anne Enger hadde det ærefulle oppdraget.

Foto: Arne Olav L. Hageberg

Barndomsheimen

«Veldig på plass» er orda ho sjølv bruker for å skildra oppveksten sin. Det var stabile rammer rundt familielivet, tydelege vaksne som formidla gode haldningar og verdiar, slik som omtanke for menneske som strevde med livet sitt. Frid Hansen opplevde å bli sendt med klespakker frå mora til nabofamiliar som sleit med å få endane til å møtast.

Ho var mellomst i flokken, med ei fire år eldre søster og ein ni år yngre bror. Veggane i barndomsheimen kasta attende lyden av klassisk musikk og av diskusjonar, og foreldra sin store kjærleik til bøker smitta fort over på Frid. Delar av det sosiale engasjementet hennar kan kanskje sporast attende til då ho i ung alder las Huckleberry Finn.

– Det gjorde eit vanvitt inntrykk å lesa om den alkoholiserte pappaen som sprang etter guten sin med øks, fortel Frid Hansen.

Slik Frid hugsar det, hang mora stadig over mattebøkene hennar. Ho var ei husmor med stor nysgjerrigheit, som elska å læra, og som blei med i den tidlege miljørørsla. Faren var prosessoperatør ved Hydro i Porsgrunn, men utfordra posisjonen han var tildelt som «ein på gølvet», gjennom å finna opp ting for å betra produksjonen, noko han jamvel fekk prisar for. Han var dessutan krigsseglar med Kongens fortenestemedalje, fortel Hansen.

Bestemorlova

I 1986 sto Frid Hansen ved eit vendepunkt i livet. Etter år som skulepsykolog i Rissa, og i Barne- og ungdomspsykiatrien både i Trondheim og Skien var det nok.

– Eg var lei av å jobba med ungar, seier Frid Hansen, som hadde ansvar for å laga gode tiltakskjeder for dei svært ulike klientane. Det var ikkje ungane som var problemet, fortel ho. Heller ikkje avmakt; psykologen opplevde at faget og rammene ho jobba i, var til hjelp for mange. Men rammene måtte også tøyast. Som då ho byrja å reisa der ungane var, for å sjå korleis dei fungerte i det naturlege miljøet sitt. Dette var nybrottsarbeid.

– Eg har veldig lita tru på det å snakka med eit barn åleine på eit kontor. Det er heilt framandt, seier Hansen, som under klasseromobservasjon meir enn ein gong opplevde at det ikkje var ungen som var problemet, men læraren som hadde rapportert ungen inn.

– Læraren kunne vera oppteken av å «ta» eleven, og leita etter feil. Då måtte eg prøva å læra dei å bruka bestemorlova og knipa ungen i å gjera noko bra.

Gjennom heimebesøk og observasjon fekk ho også smertefulle møter med familiar der rusen rådde som ein hard herre. Til slutt fekk ho nok. Det blei for tungt. Som den analytiske personen ho er, tenkte Frid Hansen: Kva for områder av psykologien er det som endå ikkje har oppdaga at det finst ungar? Svaret gav seg sjølv: vaksenpsykologien og rusomsorga. Ok, då fekk vegen gå dit. Frid skulle bli individualpsykolog.

Garantert barnefri

I Skien, tvillingbyen til hennar eigen heimstad Porsgrunn, bygde organisasjonen Blå Kors midt på 1970-talet opp Borgastadklinikken. I dag er dette Noregs største behandlingsinstitusjon for rus og avhengigheit. Her fekk Frid Hansen seg i 1986 ein garantert barnefri jobb – tenkte ho. Men det gjekk ikkje lenge før ho igjen sat på huk for å møta ungar utan kontroll over eigen livssituasjon.

PÅ LIKEFOT: Det handlar ikkje om oss og dei – det handlar om det felles menneskelege, understrekar Frid Hansen etter 33 år i rusomsorga.

Foto: Arne Olav L. Hageberg

– Far si lever tåler uendeleg mykje meir fyll enn det born sin psykososiale helsetilstand vanlegvis gjer, seier Frid Hansen i ei typisk spissformulering.

For kva var det Frid Hansen møtte i forteljingane til rusmisbrukarane då gifta forlét kroppen og dei fekk kontakt med seg sjølv og sine eigne kjensler, alt dette dei har døyvd med medikament og drukna i alkohol – ofte gjennom år? Kva er det som rir dei som ei mare når dei kjem til seg sjølv (sjeldan har uttrykket vore meir på sin plass) ved Borgestadklinikken si avgiftingsavdeling, det som gjer at dei gong på gong flyktar attende inn i rusen, ofte med stadig større grunn? For svært mange handlar forteljinga om born og familie, om å bli sviken og om sjølv å svika.

Vil ikkje skada

– Heile fagfeltet har vore så individorientert. Ein snakkar om at det kan legga stein til børa for rusmisbrukarane om ein tar opp med dei konsekvensane misbruket har hatt for borna og familien deira, om at alliansen kan bli øydelagt!

Frid Hansen ser sjokkert ut. Ho har opplevd det så mange gongar, at dette slettes ikkje er stein til børa, at det er dette det handlar om. At graving i omsorgssvikt og dårleg samvit er enormt avlastande.

– Å sjå inn i kostnadane misbruket har hatt, kan føra til ein snuoperasjon i eige liv, seier ho.

Ho held fast ved at ho aldri har opplevd ein einaste pasient som har sagt at han eller ho ønskjer å skada sitt eige barn. Midt i historier om massiv vald, seksuelle overgrep – sjølv pedofili.

– Det er mykje krenking. Men midt i all denne forskruddheita … når dei vaknar opp, klarnar av, får hjernen fri …

Frid Hansen blir blank i augo. Tar seg til hovudet. Seier korleis ein som terapeut må hjelpa folk inn der dei finn og får tak i den tråden som gjev muligheit til å nøsta. Til å finna svar på spørsmålet: «Kven blei du som konsekvens av di eiga avhengigheit?» Til å skilja mellom den ein er og det ein gjer.

– Midt i alt dette … om ein får tak i den fine kontakten mellom eiga smerte og det å sjå borna. Då skjer det mykje forandring. Då kan dei sjå attende på det landskapet, den øydemarka, som livet deira er blitt, og seia: «Eg ville ikkje at det skulle sjå sånn ut. Herregud! Kvifor såg eg det ikkje før?»

Strålande soler

Frid Hansen har sett mange familiar som får det godt, ungar som går frå å teikna svarte teikningar til å skriva dikt og fargelegga blomar og strålande soler.

– Då synest eg livet er bra.

– Eg ville blitt deprimert om eg hadde vanleg energi, eg må brukast!

Terapien har alltid vore det som ligg nærast hjarta hennar, det å jobba direkte med pasientar. Samstundes ser ho at posisjonen ho har i dag – ho kallar seg sjølv utanriksminister – i liten grad gjev rom for det. Men tilbakemeldingar på at arbeidet skapar endring, får ho stadig. Som når ho møter att born av rusmisbrukarar som ho var med på å hjelpa for år tilbake, ikkje som pasientar, men som kollegaer. Eller som når ho held foredrag eller uttalar seg i media og får tilbakemeldingar på at folk går ut av auditoriet som endra menneske.

Jeg ville bare takke for et fantastisk foredrag om Rusmiddelbruk i et barne- og familieperspektiv du holdt i går.

Det jeg ble mest takknemlig for, var å få høre deg fortelle om alle disse historiene. Jeg har også min historie som kom rett imot meg da du begynte å forelese. Det var jeg helt uforberedt på. En tidligere samboer og far til mitt eneste barn var og er rusmisbruker. […]

Jeg ble så lettet etter å ha hørt på deg. Det var akkurat som jeg gjorde meg ferdig med min historie på ett plan og kan nå bruke den til noe rasjonelt på et annet plan. Det gav meg en god følelse. Selv om jeg felte en del tårer, var det ikke vondt. Jeg har også fått et annet syn på min datters far. Bitterheten og hatet løsnet litt og slapp taket. Jeg ser at jeg kunne gjort mye annerledes, men samtidig er jeg stolt over at jeg gjorde mye bra og fornuftig.

Nå er jeg f… meg klar til å møte kampen mot rusen for ungenes del. Jeg ble veldig motivert.

Frå ein e-post til Frid Hansen

À jour på feltet

Dei levande augo. Dei ville krøllene. Røykelatteren. Dei opne armane. Alle som har møtt henne, har merka det: det store hjarta – og energien. Kor tar ho det frå?

– Eg har alltid hatt ein enorm energi. Ho bankar i bordet.

– Når eg trur på noko, så er det bare målet som gjeld. Eg har eit veldig fokus, og får energi gjennom det. Eg ville blitt deprimert om eg hadde vanleg energi, eg må brukast!

Ho har passert 60 og seier sjølv at ho merkar at ho brukar litt meir tid på ting enn før. Men faget går og går. Ho kan bekrefta at ho er à jour på kunnskapsoverføringa. Ho frydar seg når kollegaer tar faget vidare, og når samarbeidet fungerer. For det er dessverre ikkje alltid slik. Allereie som skulepsykolog opplevde ho mykje profesjonsbasert kiving og posisjonering. Men det er ikkje effektivt om både pedagogar, sosionomar og psykologar skal jobba med behandling av pasientar. Nokon må kunna lovverket, andre må koordinera ettervernet.

– Tverrfagleg samarbeid handlar om å bli seg bevisst at samarbeid ikkje er same arbeid. Dette er eg veldig oppteken av. Det er akkurat som om noko arbeid blir rekna som finare enn anna. Men det du er god på, treng jo ikkje eg å vera god på.

Og apropos det å vera god, Frid Hansen har bestandig spurt pasientane sine korleis dei syntest terapien dei har motteke, har vore.

– Etter timar der eg sjølv har tenkt «No var du dritgod!», har dei gjerne sagt «Nei, eg har sett deg betre». Andre gongar, når eg har tenkt at terapien var bare kaos, har dei opplevd stor endring og framgang. Ein ting er kva du trur du gjev, ein annan ting er kva pasientane faktisk har motteke.

FULLBOOKA: Eg har alltid hatt ein enorm energi, seier Frid Hansen og viser korleis kalenderen til ein «utanriksminister i rusomsorga» kan sjå ut.

Foto: Arne Olav L. Hageberg

Livsfjern forsking

Frid Hansen seier sjølv ho har ei audmjuk haldning til kva som skapar endring. Det er så uføreseieleg. Samstundes har ho gjennom heile sitt faglege virke vore ein pådrivar for forskingsbasert behandling. Men, sett i lys av den kliniske erfaringa, synest ho det finst mykje bortkasta og meiningslaus terapiforsking? undrar vi.

– Ja. Det er mange AB-design-studiar som er ribba for kompleksitet. For oss som vassar i vald og faenskap og det besudla livet, er det av og til så ein må le over kor verkelegheitsfjern noka forsking er. Forsking er frykteleg viktig, men ikkje all forsking. I terapi blir person og metodikk integrert.

– For oss som vassar i vald og faenskap og det besudla livet, er det av og til så ein må le over kor verkelegheitsfjern noka forsking er

Og også person og person, skal ein tru Frid Hansen, som i samtalen stadig kjem attende til at det ikkje handlar om oss og dei – det handlar om det felles menneskelege. Som då ho kom til Borgestadklinikken i 1985 og opplevde å få ein klassekamerat frå gymnastida som ein av dei første pasientane, ein gamal festekamerat. Ho gjekk til sjefen sin og sa at han her kunne ho ikkje behandla. Svaret var at dette måtte ho finna ut av, skulle ho jobba her.

– Det enda i ein god prat om dei forskjellige utviklingsløpa våre, om korleis eg hadde kome der eg hadde kome, og korleis han hadde kome skeivt ut med hasj og alkohol. Mitt liv handlar om mykje av det same som pasientane sitt liv.

Intervjuet er ferdig. Eg pakkar saman skriveblokka og finn fram kameraet.

– Er du fotograf også? Kommenterer Frid Hansen.

– Eg juksar i faget med alt eg held på med, svarar eg, som sant er, og som eg alltid pleier å svara. Den vande responsen er ein liten latter og ei forsikring om at eg er så flink og allsidig.

– Juksar du? Ja, det hadde ikkje gått om du hadde jobba med rus, der må ein vita kva ein held på med.

Epilog: Om å fanga vinden

Men å prøva å få ein intervjuavtale med henne er som å freista å fanga vinden. Og når du endeleg får det til, viser det seg også å vera litt som å snakka med vinden. Ikkje det at Frid Hansen er flyktig og ustabil. Vinden er ikkje ustabil, den er stabilt på veg ein annan stad. Vil du ha fanga den, må du vera der når den fer framom. Er du heldig og får det til, kan du oppleva at seglet ditt blir fylt, at framdrift blir skapt, og at greiner blir reinska for gamalt lauv.

Kanskje er det ei gudgjeven kraft. Eit karakterdrag som i ei mindre opplyst tid hadde blitt justert med medisinar og terapi. Det finst eit felt rundt henne som er godt å vera i, men som krev deg fullt og heilt. Ein energi som nær sagt strålar ut gjennom krøllene.

Hei, Frid.

Jeg så ditt smilende fjes i fagbladet «Metaforum », og fikk så lyst til å sende en liten hilsen. Det er snart 20 år siden jeg var hos dere, så årene flyr. Jeg har det godt både på arbeid og privat. Er gift med min Petter og vi har to herlige barn. Jeg har en lederjobb i det statlige barnevernet, og det er en jobb jeg trives med og synes er kjempespennende.

Jeg håper alt står bra til med deg og dine. Jeg ser av artikkelen at du er like glødende engasjert, og det er flott!

Frå ein e-post til Frid Hansen

BORGESTADKLINIKKEN OG FAMILIEPERSPEKTIVET

  • Borgestadklinikken Blå Kors Sør er ei spesialisthelseverksemd for rus- og avhengigheitsproblematikk med avdelingar i Skien, Drammen og Vennesla.
  • Borgestadklinikken er landets største behandlingsinstitusjon for menneske med rus-og avhengigheitsrelaterte problem. Klinikken er eigd av Blå Kors og har driftsavtale med Helse Sør-Øst.
  • Eit familie- og generasjonsperspektiv handlar om å erkjenna av at vi menneske påverkar kvarandre og er prega av relasjonar, og at nære relasjonar som familie, også over generasjonsgrensene, innverkar på «her og no-situasjonen».

Born av rusmisbrukarar, ektefelle/sambuar, annan familie og andre nærstående personar opplever ofte så stor belasting at også dei kan trenga profesjonell behandling for eigen del. Det eksisterer eit rusproblem når rusbruken går ut over menneske som står misbrukaren nær, seier ein ved Borgestadklinikken, der ein også er oppteken av å auka medvitet rundt faren for at ufødte born tar skade av mor sin rusbruk.

 

Fotnoter

  1. ^ Alle dei attgjevne e-postane er anonymiserte, personlege data er endra og skrivarane har godkjent at dei blir brukte.
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 10, 2013, side 1016-1023

Kommenter denne artikkelen