Du er her
SexQuiz
Kva veit du om seksualitet? Ta vår uformelle SexQuiz, som er utvikla i samarbeid med Esben Esther Pirelli Benestad og Elsa Almås.
- Kor stor del av befolkninga (over 16 år) har til ei kvar tid seksuelle problem som dei har behov for profesjonell hjelp til å løysa, 1%, 5%, 10% eller 15%?
- I kva for eitt av desse landa kan ein få pass der ei form for tredje kjønn er eit alternativ i tillegg til «mann» eller «kvinne», USA, Thailand, Sør-Afrika, India eller Danmark?
- Kor stor er klitoris, 1–2 cm, 4–6 cm, 10–12 cm eller 20–30cm?
- Kor stor prosentdel av kvinner reknar ein med får vaginal orgasme ved samleie (cirka), 10%, 30%, 60% eller 80%?
- Kor mange genar har ein påvist som har tyding for kjønnsdifferensiering av hjernen (cirka), 50, 80, 100 eller fleir enn 100?
- Kva for to faggrupper vil folk helst oppsøka dersom dei har eit seksuelt problem, allmennlege, psykolog, prest, helsesøster, sexolog eller sosionom?
- Kva for eitt av desse er aldri registrert som eit seksuelt tenningsmønster, tannregulering, bli overkjørt av bil, bli kokt som ein kalkun, bli treft av lynet eller smella ballongar?
- Kva blir rekna som «den aristoteliske perversjonen», tilbeding av kjempar, menstruasjonsblod, Pony play (hest og ryttar), eller Golden shower (urin)?
Svar: 1. 5% (Basert på data fra MMI/Synovate as undersøkelse 2007/2008). 2. India 3. 10–12 cm 4. Ca 30% 5. Fleir enn 100 6. Allmennlege og sexolog 7. Bli treft av lynet 8. Pony play
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 2, 2013, side 123
Kommenter denne artikkelen