Du er her

Rwanda – ein runddans av audmjuking

Publisert
5. mars 2010

TOTAL AUDMJUKING: Biletet viser rwandiske flyktningar som krysser grensa til Tanzania i mai 1994. Nær ein million menneske blei drepne og tre gongar så mange drivne på flukt under folkemordet i Rwanda. Foto: REUTERS/ Jeremiah Kamau

Grunna det store talet mistenkte ville sjølv verdas mest effektive rettssystem brukt meir enn 200 år på å sørgja for rettferd for alle dei som blei mistenkte for medverknad til folkemordet.

Geraldine Umugwaneza, tidlegare rådgjevar ved rwandisk Høgsterett

Hutu og tutsi er namnet på to folkegrupper i Rwanda. For tusen år sidan kom hutu-folket til området og busette seg som jordbrukarar. Rundt fire hundre år seinare kom kveghaldarane i tutsi-stammen til det same området. Desse var i mindretal, men bygde opp eit strengt hierarkisk styresett der dei innlema hutuane, og i mange hundre år gav dette ein stabil sosial situasjon.

Men då kolonimakta Belgia i 1920 tok over styringa, favoriserte dei tutsi-gruppa og skapte langt på veg dei motsetnadane som i 1994 førte til folkemord. Bakgrunnen for at tutsiane fekk høge posisjonar, var i stor grad tidas raseteoriar. Tutsiane hadde den utsjånaden som belgiarane meinte var mest europeisk. Favoriseringa av tutsiane, og den parallelle undertrykkinga av hutuane, vekte til liv hutu- og tutsi-identitetane og eit hat frå hutu mot tutsi-mindretalet. Dette førte fleire gongar til brutale aksjonar mot tutsiar frå 1959 og framover.

Etter eit militærkupp i 1973 tok hutu-generalen Juvénal Habyarimanas makta i landet, og blei etter kvart vald til president (utan motkandidatar). Under ein pågåande demokratiseringsprosess i landet blei flyet til Habyarimana skote ned og presidenten drepen 6. april 1994. Denne hendinga – som ekstreme hutuar i Habyarimana sin eigen tryggingsstyrke truleg stod bak – utløyste systematiske forsøk på å utrydda tutsi-befolkinga. Over 100 dagar, frå 6. april til midten av juli 1994, miste 937 000 menneske livet. Folkemordet var sentralt organisert, men blei i stor grad utført av vanlege borgarar, ikkje av soldatar eller statsmakta. Ekstremistiske hutu-militsar blei forsynte med våpen frå hæren og tok på seg oppgåva med å reinska landet for tutsiar og moderate hutuar. Gjennom hatefulle radiosendingar oppmoda òg dei ekstremistiske styresmaktene hutuar flest til å gripa macheten og valdta, audmjuka og drepa tutsi-naboane sine. Mange følgde oppmodinga.

Overgrep mot hutuar, utført av tutsiar, i nabolandet Burundi bidrog til å skapa eit klima for forfølginga av tutsiane i Rwanda. I 2000 sat rundt 120 000 menneske i rwandiske fengsel skulda for folkemord og krigsbrotsverk.

Folkemordet førte òg til ein av dei mest dramatiske flyktningsituasjonane i vår tid. Som følgje av frykt for represaliar etter at partiet FPR, med røter i tutsi-gruppa, tok over makta sommaren 1994, flykta over ein million hutuar til Zaïre. I alt flykta over tre millionar rwandarar i 1994.

Kjelder: Store norske leksikon, Wikipedia og www.hks.harvard.edu

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 3, 2010, side

Kommenter denne artikkelen