Du er her

Etterlyser psykologar i rettsvesenet

– Vi treng psykologar i dette arbeidet! seier Anthony Hawke etter fire år som einaste psykolog ved domstolen i Haag.

KRYSSFORHØYR: Etterforskarar frå tribunalet i Haag saman med eit vitne frå det tidlegare Jugoslavia. – Det er enormt viktig å undervisa i korleis ein snakkar med traumatiserte vitne, seier Anthony Hawke. Foto: ICTY

I Nederland har han halde kurs for Lawyers for Human Rights, ein uavhengig menneskerettsorganisasjon med utspring i Sør-Afrika, som har 30 års erfaring med mellom anna fri rettshjelp til offer for politisk vald og overgrep.

– Eg spurte gong på gong om dei hadde fått opplæring i korleis ein kryssforhøyrer ein person som har opplevd valdtekt. Men dei har aldri høyrt om dette, sjølv om det er så viktig for dei. Vitna kan svara så mykje betre om dei blir spurte på rett måte.

Tilsette av vitna

At psykologar engasjerer seg på ein slik måte, slik Hawke og medarbeidarane gjorde ved tribunalet for krigsbrotsverk i det tidlegare Jugoslavia, er heilt nytt. Det handlar ikkje om arbeid som sakkunnig, understrekar Hawke.

– Vi er på eit vis tilsette av vitna. Ein representerer ikkje partane, men sørgjer for at vitna sine behov blir tekne vare på. Dette er heilt nytt i Noreg.

I august i år fekk Noreg si første krigsforbrytarsak i moderne tid. Ein 42 år gamal bosnisk muslim som kom til Noreg som asylsøkar i 1993, sto mellom anna tiltala for brotsverk mot menneskeheita, tortur og valdtekt under krigen i Bosnia.

– Eg veit at psykologar blei henta inn i denne saka, seier Hawke. Men det handla bare om å vurdera om vitna ville tåla påkjenninga i rettssalen. Dette arbeidet må vi psykologar tyngre inn i, for vi har mykje å bidra med.

Krev profesjonalitet

– Per i dag er det heile overlate til frivillige gjennom Røde Kors, noko eg reagerer sterkt på. Dette er ingen kritikk mot dei, men eg vil påstå at mykje av dette bør ligga i det profesjonelle. Eg ventar ikkje å bli møtt av folk frå Røde Kors når eg går til lege. Vitneoppfølging i rettsvesenet er veldig krevjande og komplisert arbeid om det skal gjerast ordentleg. Vi treng psykologar tilsette i rettsvesenet som skjønar korleis partane tenkjer og systemet fungerer. I dag bygger alt slikt arbeid på at ein hentar inn kompetanse, noko som gjer at fagfolk bare får tak i brotstykke.

Psykologforeningen står utanfor

Sosionomar går ofte inn i det, fortel Hawke, og understrekar kor viktig det er at psykologstanden og Psykologforeningen engasjerer seg i dette.

– Domstolsadministrasjonen kom nyleg med eit hefte om vitnestøtte i vanskelege saker. Men eg trur ikkje Psykologforeningen veit noko om dette eller har vore engasjert. Det er til dømes enormt viktig å undervisa i korleis ein kryssforhøyrer traumatiserte vitne, understrekar Anthony Hawke.

arne.olav@psykologforeningen.no

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 46, nummer 12, 2009, side 1202-1203

Kommenter denne artikkelen