Du er her

Psykologar med ideologisk slagside

Oppmjuking av tabua rundt seksuelle overgrep fall saman med den radikale feminismen sin glansperiode på 1970-talet. – Å tru på borna blei like mykje ein ideologisk posisjon som ein fagleg, seier Anders Skuterud.

Publisert
1. november 2008

ROLLEBEVISST: Fagsjef Anders Skuterud i Norsk Psykologforening er oppteken av at både domsstol og sakkunnige må ta sin del av ansvaret dersom nokon blir dømde på feil grunnlag.

– Eg blir ikkje overraska, dessverre, seier Anders Skuterud.

Fagsjefen i Psykologforeningen er nett blitt presentert for intervjuet og debattinnlegga frå førre nummer av Psykologtidsskriftet som konkluderte med at norske psykologar kan ha medverka til justismord. Han er altså ikkje overraska, men han er bekymra. Trass i mange gode tiltak frå foreininga dei seinare åra retta mot sakkunne – i sær i barnefaglege spørsmål – kan altså slike situasjonar framleis oppstå.

– Kva trur du er bakgrunnen for at det i enkelte situasjonar synest å vera så vanskeleg for psykologar å halda seg til mandatet sitt som sakkunnige i ein rettssal?

Skuterud svarar at det å halda seg fagleg oppdatert ikkje er enkelt for nokon.

– Men viktigare er det at mange sitt tilhøve til incest ser ut til å ha fått ei ideologisk slagside som kan ha svært uheldige følgjer.

Ideologi i rettssalen

– For tretti år sidan snakka ein ikkje om incest i det heile. Så, på slutten av 1970-talet, blei det veldig stor merksemd rundt slike overgrep. Dette fall saman med feministrørsla og oppvurderinga av born sin verdi og sine rettar i samfunnet. For psykologar og andre som tok del i denne utviklinga, blei det å tru på borna like mykje ein ideologisk posisjon som ein fagleg. Alt vi visste om hukommelse, fordreiing av minner og liknande, blei skuva i bakgrunnen for det å ta borna på alvor. Det finst framleis element av haldningane som seier at ein skal tru på kvinner og born. Dette var ein veldig sterkt feministisk posisjon, og den fekk stort gjennomslag i psykologprofesjonen.

Ifølgje Skuterud hadde rettsapparatet òg liten kompetanse på korleis dei skulle gå fram i høve til incestsaker, og som eit resultat av dette fekk dei sakkunnige for stort spelerom.

– Ideologien kom inn i rettssalane, dei sakkunnige fekk ein for sterk posisjon, og dette førte til gale konklusjonar.

Behandlingsivrige psykologar

I reportasjen i førre nummer hevda Trygve Lange-Nielsen at legane er blitt bevisste på at dei ikkje skal uttala seg om skuldspørsmålet, medan psykologane ikkje har gått ein tilsvarande veg. Skuterud er ikkje einig i denne beskrivinga. Han trur til dømes ikkje at psykiatrane er komne lenger enn psykologane.

– Vi har òg gjort mykje for å bli betre sakkunnige, men nett i denne situasjonen har det at psykologar blir brukt meir som sakkunnige, fått negative konsekvensar.

– Lange-Nielsen brukar uttrykket «behandlingsivrige psykologar».

– Det er eit treffande omgrep. Dette er ei anna stor utfordring. For psykologane som går inn som sakkunnige er det behandlarposisjonen som er den normale. Ein slepper sjølvsagt ikkje realitetsforankringa sjølv om ein er behandlar, men ein går lenger i å opna seg for den subjektive posisjonen. Dette igjen gjer at ein står i større fare for å bli kjenslemessig engasjert enn når ein tek ein meir nøytral posisjon.

– Psykologar bør vera tilbakehaldne med å koma med kausalforklaringar. Dei har sjeldan sett kva som har hendt, understrekar Skuterud.

– Og som eit generelt råd vil eg seia: Er du i ein behandlarposisjon, må du vera uhyre forsiktig med å gå over i ein sakkunnigposisjon.

Oppklaring av roller

Men fagsjefen er òg oppteken av å understreka kven det er som til sjuande og sist styrer i ein rettssal. Når psykologar får for stor makt og uttalar seg om skuldspørsmål, går dei inn på eit område som andre har trekt seg ut av. Desse andre er juristane.

– Når retten slepper tak i sitt eige ansvar, gjev dei for stort ansvar til dei sakkunnige. Det er avgjerande at retten har eit høgt medvit rundt rolla si.

Anders Skuterud innrømmer altså at samanblandinga av behandlarolla og sakkunnigrolla er eit problem Psykologforeningen har kjent til lenge. Vi spør om det ikkje burde finnast ein indre justis blant psykologar som gjorde at dei ikkje gjekk ut over mandatet sitt i ein rettssal.

– Mitt fokus er at vi kan bidra til ei betre rolleforståing og ei tryggare forankring i faget, seier Skuterud. Han viser til det pågåande prosjektet «Psykologen og loven» som har eit klart siktemål om å kvalitetssikra psykologar sitt arbeid – mellom anna når dei opererer som sakkunnige.

Ingen krav til sakkunnige

Til våren vil Psykologforeningen ha utdanna nær 190 psykologar og psykiatrar i barnefagleg sakkunne – ei oppgåve foreininga fekk av Barne- og familiedepartementet i 1997. Tanken er at ein i løpet av neste år skal starta opp ei ny utdanning som skal bestå av ein felles grunnmodul og tre moglege påbyggingar innanfor barnefagleg sakkunne, rettspsykologi og erstattingsrett.

– Blir det stilt krav til gjennomført kurs i sakkunne for at ein skal kunna ta slike oppdrag for rettsapparatet?

– Nei. Og slik kan det heller ikkje vera, understrekar Skuterud.

– Den faglege kompetansen må vera det viktigaste, og retten må stå fritt til å velja kven dei finn best skikka som sakkunnig i kvar enkelt sak.

Ifølgje Rygaard burde Psykologforeningen ta seg ein prat med representantar for norske juristar for å koma til rette med problema som er knytte til det rettspsykologiske feltet. Skuterud er usikker på om den danske psykologen har riktig adressat.

– Dette handlar etter mi meining meir om domstolsforvaltinga og advokatane sin respekt for si eiga rolle. Her har domarane ei viktig oppgåve. Dei skal irettesetta sakkunnige som dreg konklusjonar og uttalar seg om skuld.

DETTE ER SAKA.

  • I førre nummer av Psykologtidsskriftet hevda den danske psykologen Niels Peter Rygaard at han hadde vore vitne til det han meinte var eit justismord i ein norsk rettssal
  • Dei sakkunnige psykologane i saka Rygaard refererer til tok aktivt stilling til påklagaren sitt truverde og indirekte òg til skuldspørsmålet
  • På grunnlag av psykolograpporten kritiserte Rygaard òg dei sakkunnige for å trekka for bombastiske diagnostiske slutningar, og for å stilla leiande spørsmål i utspørjinga av vitnet
  • Lagmann og høgsterettsdommar Trygve Lange-Nielsen og psykiater og leiar av Den rettsmedisinske kommisjon Randi Rosenquist bekrefta på eit generelt grunnlag at slike hendingar ikkje er ukjende i norske rettssalar
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 45, nummer 11, 2008, side 1416-1417

Kommenter denne artikkelen