Du er her

Til Hollywood

Publisert
1. oktober 2008

FILMSTJERNE: Jennifer Aniston under filmfestivalen i Toronto. Skodespelaren har rolla som Ellen J. Langer i spelefilmen Counter Clockwise.

Foto: Nathan Denette/Scanpix

Skodespelaren Jennifer Aniston skal spela Ellen Langer i ein ny Hollywood-film. Aniston er nok best kjent som Rachel frå komiserien «Friends». I tillegg til å spela hovudrolla som psykologen Langer skal Aniston òg vera produsent av Counter Clockwise, som filmen skal heita.

Handlinga tek utgangspunkt i ein studie rundt motarbeiding av aldring som Langer utførte i 1979. Psykologen plasserte ei gruppe aldrande menn i omgivnader som overbeviste dei om at tida var skrudd tjue år tilbake. Tidsskrifta, avisene og musikken dei fekk sjå og høyra, var to tiår gamalt, og forsøkspersonane blei forklart at dei skulle oppføra seg og snakka som om årstalet var 1959.

Resultata var oppsiktsvekkande. Mennene si fysiske åtferd følgde deira psykologiske overtydingar. I løpet av ei veke såg teikna på aldring ut til å snu, og forsøkspersonane såg påviseleg yngre ut. Dei blei meir fleksible i ledda, rettare i ryggen, og lengda på fingrane deira, som vanlegvis blir mindre med alderen, auka.

Langer har naturleg nok aldri vore med på noko liknande som ei slik filminnspeling, og er spent.

– Denne forskingsstudien betyr svært mykje for meg, så det mest spanande er at den vil nå eit større publikum, uttalar Langer til The Harvard Crimson.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 45, nummer 10, 2008, side 1317

Kommenter denne artikkelen