Du er her

Kva ligg øvst i bunken av faglitteratur nett no?

Vi har spurt Anne-Kari Torgalsbøen, psykoseforskar ved Universitetet i Oslo, om litteratur og lesevanar.

Publisert
1. juni 2007

Foto: Ola Sæther

– Ei mengd artiklar om forlaup og prognose, betringsprosesser og nevrokognitive funksjonar ved schizofreni. Dette får eg aldri lese nok om. Eg vil dra fram Alan S. Bellack sin artikkel «Scientific and Consumer Models of Recovery in Schizophrenia» frå Schizophrenia Bulletin. Den handlar om korleis ein skal kunna måla betring vitskapleg.

Kva les du mest, artiklar eller bøker?

– Innanfor mitt felt er det mest artiklar som er relevant. Eg finn det meste relevante i tidsskrifta Schizophrenia Bulletin, Schizophrenia Reseach og The American Journal of Psychiatry.

Held du noko tidsskrift?

– Tidsskrift for Norsk Psykologforening, sjølvsagt. Men ellers har eg så god tilgang her på Universitetet i Oslo og via Internett at eg ikkje treng halda noko. Det er nok med eit raskt Google-søk, så er eg inne i godtebutikken.

Er det ei fagbok du saknar på norsk?

– Nei, eigentleg ikkje. Det einaste eg har sakna er ei oppdatert bok om schizofreni og schizofrenibehandling. Men no er den komen og har tittelen Schizofreni, redigert av Bjørn Rishovd Rund.

Les du noko skjønnlitteratur?

– Ja, det tek eg meg tid til fordi det er så gjevande. Eg er glad i litteratur som kan gje meg kunnskapar om menneske og som inneheld gode personskildringar. Ketil Bjørnstad er ein av mine favorittar, til dømes boka Tesman. Den handlar om ein psykolog som får samanbrot då sambuaren tek livet sitt. Eg vil anbefala alle psykologar å lesa boka, fordi den formidlar korleis vi, som er ekspertar på andre sine liv, kan enda med ikkje å ta vårt eige liv like mykje på alvor.

Og så likar eg mange av bøkene til Dag Solstad. Eg las til dømes boka om Gymnaslærer Pedersen like før filmen kom i fjor. Den var morosam å lesa som vaksen, sidan eg sjølv opplevde den radikale tida på 1970-talet. Lars Saabye Christensen er ein annan favoritt. Eg speler i band, og likte veldig godt å lesa boka Saabyes cirkus som handlar om ein 13-åring på Frogner som forelskar seg i ein gitar, ein raud Fender Stratocaster, som heng i vinduet hjå Bruns Musikk og Noter i Bygdøy Allé.

Kva med poesi?

– Då må eg dra fram Saabye Christensen igjen. Eg fekk ei samling av dikta hans av ein kollega då eg disputerte, og den har eg hatt veldig stor glede av. Dei er kloke og fulle av livsvisdom.

Kva for lesevanar har du?

– Eg les på fly og på flyplassar, noko på ettermiddagane i helgene. Og så les eg ein del i feriane. Eg les også fag i helgene og på kvelden. Det blir også noko i arbeidstida, men då er det mest som ein del av planlegginga av undervisning og forskingsprosjekt.

Mange er redde for at norsk fagspråk skal tapa for engelsk – kva syn har du på det?

– Eg les mesteparten av fagstoffet på engelsk, og eg skriv mykje på engelsk. Det har slått meg at dette kan gjera det vanskelegare å formidla faget på norsk. Når eg må omsetta fag til norsk, hender det at eg ser at ordet har ei litt anna tyding enn eg har tenkt. Eg skjønar det på eit anna vis når det er på norsk. Men som forskar må ein bare meistra engelsk. Jamvel søknadar til Forskingsrådet skal jo skrivast på engelsk. Men eg er glad for at vi har Tidsskriftet som ein formidlar av faget på vårt eige språk.

Du kan ta med deg ei bok i sommarferien. Kva blir det?

– Kan henda Jonas Wergeland-trilogien til Jan Kjærstad. Eg har lenge følt at eg burde lesa den. Eg har forsøkt òg, men har ikkje blitt så fascinert. Så då veit eg eigentleg ikkje heilt.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 6, 2007, side 771

Kommenter denne artikkelen