Du er her

Kva ligg øvst i bunken av fagstoff?

Vi har spurt forfattaren Einar Økland (som har psykologisk embetseksamen frå 1965) om litteratur og lesevanar.

Publisert
1. januar 2007

– Om ein ser bort frå alle manuskripta eg les som konsulent for Samlaget, ligg dei tre tjukke banda i Vestlandets historie øvst her. Eg har sjølv bidrege til det, og kom frå lansering i går kveld. Det veg sju kilo. Elles kjøper eg mykje bøker om bokhistorie, eller bokvesen som det ofte blir kalla i antikvariat. Det er forlagshistorie, bibliografiar, bøker om illustrasjonar og grafisk utforming, bibliotekvesen og litteraturhistorie men det siste er eg meir skeptisk til.

Eg les òg sporadisk psykologi, men det er rein con amore. Dotter mi er blitt som ein modell av Anna Freud og har gifta seg med ein dumsnill kunstinteressert psykolog. Det hender han gjev meg forskingsoppsummeringar frå psykologien. Og så hender det eg driv litt «industrispionasje» og les meldingar av psykologibøker.

Eg kjøper bøker heile året og er mellom anna svært oppteken av kunsthistorie. Ei eg ofte les i er boka Picasso om kunst: synspunkter i udvalg (red. Dore Ashton, på dansk ved Peter Laugesen). Eg finn det ofte meir interessant å høyra på kva kunstnarar seier om kunst enn kva forfattarar seier.

Kva tidsskrift les du?

– Eg abonnerte lenge på Die Zeit, noko eg var veldig glad for. Det er ikkje så mange som les tysk no. Eg heldt òg lenge Der Spiegel og Newsweek. Og så les eg jo dei norske tidsskrifta, som til dømes Samtiden og Syn og Segn, og det designhistoriske tidsskriftet Baseline. Eg er svært oppteken av grafiske uttrykk, og dette tidsskriftet tek for seg alt frå graffiti til gamal klassisk kunst.

Er dei ei fagbok du saknar på norsk?

– Å ja, det er jo absolutt det frå tid til annan. Særleg innan populær- og massekultur.

Eg saknar ein skikkeleg historikk over den jamne manns galleri, bileta folk har hatt rundt seg, som postkort eller framsider på vekeblad. Eg saknar eit verk som viser korleis tidsskrift har presentert artiklane sine gjennom historia, eller eit som viser alle framsidene på Norsk Ukeblad frå 1960-talet. Dette har gått inn i hovuda til folk, men finst ikkje dokumentert nokon stad.

Kva les du av skjønnlitteratur?

– Eg les som motgift og let bok fordrive bok. Dei svenske poetane Harry Martinson og Gunnar Ekelöf les eg stadig. Dei er personlege vitaminpiller for meg.

Elles les eg nett no ei utklyppsbok om Doris Day. Dette er ei bok som bare finst i eitt eksemplar. Det er slike bøker eg finn på antikvariat. Å gå på antikvariat er som å gå på konsert for meg. Eg har ei anna slik privat utklyppsbok laga av ein som må ha vore fantastisk schizofren og glitrande paranoid. Den er full av kodar og hemmelege språk. Eg trur eg fann den på eit antikvariat i Telemark.

Sånne bøker ser eg i kvar dag. Dei er menneskelege dokument som gjev nye innfallsvinklar til tida og samfunnet. Eg hugsar òg ei eg angrar veldig på at eg ikkje kjøpte. Den var laga av ein som hadde samla alt han fann om gjørmebryting.

Kvar er du helst når du les?

–Eg har vore skrivande husmor i heimen i mange år no. Eg er heime for meg sjølv og spelar musikk og les og skriv til nokon kjem heim.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 1, 2007, side 47

Kommenter denne artikkelen