Du er her
Ein annleis psykolog
Vonleg er ikkje overskrifta eit resultat av mi stigmatisering av Nadia Ansar. Ho kallar seg nemleg sjølv annleis, og Noregs første pakistanskætta psykolog har lært seg å setja pris på den særmerkte bakgrunnen sin.
«Muligens er jeg summen av de rollene jeg utspiller i hverdagen. Likevel er jeg aldri fullt ut meg selv.» Dette seier psykologen Nadia Ansar i boka Mellom to kulturer. Antologien inneheld 12 artiklar av «innvandrarar» som skriv om det å leva i Noreg og samstundes ha ein annan kultur i bagasjen. Med det identitetsutforskande perspektivet ho sjølv har drege opp, i mente spør vi: Kven er Nadia Ansar?
– Ei ung pakistansk jente som er engasjert i samfunnet og som har ein draum om å gjera ein liten forskjell i verda, svarar ho, og legg til at nett slik har ho aldri definert seg sjølv før.
Svaret slår meg som svært typisk for den unge kvinna eg sit overfor. Ein open og ærleg person med eit høgt medvit og ein aldri avslutta refleksjon kring eigen identitet, kombinert med ein tilforlateleg idealisme.
Ein fot i kvar leir
Vi sit i ei lys stove i ein villa ti minuttar på føtene frå Sandvika sentrum. Interiøret vitnar om ein innreiar med solid økonomi og sikker stilsans.
– Du kallar deg norsk-pakistansk, ein bindestreks-identitet …
– Ja. Eg kjenner meg veldig 50/50. Eg er veldig norsk for eksempel når det gjeld maten eg et, måten partilhøvet fungerer, og fritida mi. Når eg har kontakt med familien, kjem det blanda fram. Då er eg ganske så pakistansk, fortel Ansar, som vitjar foreldra sine eit par gonger i veka.
– Der et vi tradisjonell pakistansk mat. Mamma går kledd i pakistanske klede … Heile stemninga blir annleis.
Samstundes kjenner ho seg litt framand i veldig typisk norske settingar, for eksempel festar.
– Eg kan ikkje identifisera meg med alt. Det er som eg skriv i boka: Eg kjenner meg meir norsk når eg er med pakistanarar og meir pakistansk når eg er med nordmenn.
Den største opplevinga av å passa inn har Nadia Ansar når ho er med dei norske veninnene frå Psykologisk institutt i Oslo.
Vegen inn
– Kvifor blei du psykolog?
– Det var litt tilfeldig. På vidaregåande blei eg kjend som problemløysaren – og parfiksaren, seier tjuesjuåringen og ler.
Kjærasten hennar, som ho har vore saman med sidan ho var 16, og som no er mannen hennar, sa at ho hadde passa bra som psykolog, eit fag som viste seg å vera mindre mystisk enn ho trudde.
– Eg møtte ein del motbør. Det var mange som sa at det ville bli for vanskeleg, men då tenkte eg at dette her, det må eg klare. Eg ville bevisa for både dei hine og meg sjølv at eg var god nok.
Men at ho skulle ta ei høgare utdanning, låg i korta, sjølv om foreldra ikkje har mykje skulering. Mora tok ein toårig Bachelor i Pakistan, noko som er ei bra utdanning der, men lite etter norske tilhøve. Faren har inga utdanning.
– Dei måtte ofra dei utdanningsmessige behova sine til fordel for økonomiske, fortel dottera.
– Dette er typisk for mange. Foreldra som kjem til Noreg, har ofra si eiga utdanning for å kunna gje borna ein sjanse, og har difor sjukt høge forventingar til borna. Dette er noko pakistanske foreldre har felles. Høg utdanning gjev respekt. Men det er ofte eit motsetningsforhold mellom det foreldra ventar, og evna deira til å legga til rette for og stimulera til læring for borna. Dette gjeld til dømes tidsbruken. I pakistanske miljø finst det ingen tradisjon for å lesa bøker. Foreldra kan nytta heile dagen til å sjå fjernsyn og video, og blir slik dårlege rollemodellar for borna.
Mykje avheng difor av borna sin personlegdom og deira vilje til å ofra. Tal frå medisinstudiet viser at innsats- og offerviljen må vera svært så stor hjå mange. Det er relativt sett langt fleire norskpakistanarar enn andre nordmenn som studerer medisin.
Urdu og feminisme
Likevel skriv Nadia Ansar i boka Mellom to kulturer om dei pakistansk-norske jentene Fatima og Aesha frå ungdomstida som ikkje tok høgare utdanning, dei som gjekk inn i tradisjonelle pakistanske kjønnsrollemønster og synest å vera nøgde med det. Kvifor blei ikkje ho ein av desse?
– Det er heile tida det med personlegdomen, svarar ho, og fortel at ho nok er ein type som aldri blir nøgd.
– Eg hadde alltid behov for å vera saman med både nordmenn og pakistanarar. Mange pakistanarar gjekk i forsvar i møte med det norske: «Sånn er vi. De får godta oss.» Eg derimot ville til dømes ikkje lukta for sterkt av krydder og åt så lite eg kunne når mamma serverte pakistansk mat. Eg var litt flau over det. Eg ville heller ikkje snakka urdu i klassa, men mange av dei andre prata ein masse på det pakistanske språket. Eg har nok alltid vore veldig var for korleis andre oppfatta meg. Eg trur det har vore ein viktig eigenskap, og ikkje bare negativt. Det har ført til at eg har lukkast i samfunnet. For mange andre er det nok å vera ei god kone og mor, men det er det ikkje for meg, seier Nadia Ansar.
Under heile intervjuet har tvillingane Sara og Maya på ni og ein halv månad krabba rundt på golvet og gjort alt dei kunne for å få merksemd, både frå mamma og journalisten. Den eine liknar mor si. Den andre er svært så lik far sin, den norsk-pakistanske juristen Abid Q. Raja, som mellom anna er kjend som advokat for dei sikta i Rahila-saka. Å sjå Nadia Ansar saman med borna fjernar all tvil om kor vidt ho er ei god mor, men for henne er det altså ikkje nok.
– Dersom omstenda hadde vore annleis, kunne det då vore mannen din som var heime med ungane i staden for deg?
– Vi vurderte det. Han hadde veldig lyst, men det har ikkje passa.
– Er dette vanleg blant norsk-pakistanarar?
– Nei. Det er ikkje vanleg. Eg kallar meg sjølv ein aktiv feminist og kjenner at eg ikkje taklar dei veldig tradisjonelle kjønnsrollene i pakistanske miljø. Nordmenn er jo ikkje alltid komne så langt i praksis dei heller, men det er meir ekstremt i pakistanske miljø. Litt meir primitivt, kanskje. Eg har ein enorm rettferdssans som reagerer kraftig når nokon seier til kona at «sjølvsagt skal du laga mat og rydda huset».
Sjølvoppfyllande profetiar
– Eg har lese det du skriv om å veksa opp mellom to kulturar, og opplever at du seier: «Ja, det er slitsamt å alltid vera ein representant for ei gruppe, stå til rette for det andre har gjort, og blir avkravd meiningar om dette og hint, men det er greitt. Det er slik det må vera.» Kjenner du deg att?
– Ja. Eg har godteke at det er slik det er. Foreldra mine er første generasjons innvandrarar, og eg er andre generasjons innvandrar, sjølv om eg aldri har vandra inn nokon stad. Og Maya og Sara her blir tredje generasjons innvandrarar. Men eg brenn jo for folket mitt, og kjenner att eg byrjar å lika denne rolla. Det er rart å sjå korleis vi blir sjølvoppfyllande profetiar. Vi blir produkt av samfunnet sine behov i høve til tidsanden. Ein ser ofte dette i debattar på tv-en der innvandrarar irriterer seg over rolla dei blir tildelt samstundes som dei nyt å vera i fokus og kosar seg med det.
Sjølv kan ho oppleva det litt plagsamt når folk dristar seg til å spørja henne forsiktig: «Er du tvangsgifta?»
– Men det er jo litt hyggeleg og koseleg òg, seier ho, – og det opnar ofte opp for meir kontakt.
– Litt som å ha ein hund?
– Ja! Eller eit barn, ler ho.
– Og endå meir tvillingar.
– Ja.
Også si eiga rolle som psykolog har Nadia Ansar eit dobbelt forhold til. Då ho først byrja å jobba, fall det henne ikkje inn at ho skulle vera engasjert i minoritetsrelaterte spørsmål.
– Men alle spurte meg om dette og forventa at eg skulle jobba med det, og eg kjente at det var det som engasjerte meg òg. Det er vanskeleg å avgjera årsak og verknad her, reflekterer Ansar.
Ho legg heller ikkje skjul på at minoritetsbakgrunnen har sine fordelar:
– Som nyutdanna fekk eg tilbod om jobb på alle stadane der eg søkte – i Oslo! Det er utruleg.
Grunna fødsels- og morspermisjon har ho bare jobba åtte månader på BUPen i Groruddalen, der ho valde å byrja etter studia. Når ho i februar dreg ut att i arbeidslivet, går vegen til Alternativ til vold sine kontor i Oslo.
– Eg veit at eg ikkje fekk den jobben på grunn av dei utmerka psykologeigenskapane mine, seier ho og ler. – Eg fekk den på grunn av bakgrunnen og utsjånaden min, men det er heilt greitt. Det handlar om å innsjå realitetane utan å bli skuffa.
Viktige kulturforskjellar
– Kva er du mest oppteken av fagleg?
– Born og unge, heilt klart. Især dei som fell utanfor i samfunnet og til dømes blir utagerande eller rusavhengige, svarar Ansar, som fann det både interessant, utfordrande og spanande å byrja i jobb etter studia.
– Det var veldig herleg å for det første tena pengar, ler ho, – og å gjera ein liten forskjell for folk der ute.
Som den utålmodige sjela ho er, fortel den norsk-pakistanske psykologen at det ofte opplevdest vanskeleg når det tok lang tid før ho såg resultat av behandlinga. Dette gjer òg sitt til at ho er meir glad i teknikkar frå kognitiv åtferdsterapi enn psykoanalytiske og dynamiske metodar.
– Den amerikanske psykologen Kenneth Gergen har kalla psykologien «the Fort Knox of Individualism», individualismens høgborg. Opplever du at det er sider ved psykologien som fag, til dømes den sterke vektlegginga av individet, som ikkje gjeld i møte med den pakistanske kulturen? Som er for vestlege og kulturspesifikke i tenkjemåten til å brukast overfor denne?
– Ja. Det er kanskje ikkje noka overrasking at eg meiner dette, men eg synest det blir fokusert altfor lite på det sosiokulturelle aspektet. Sjølvrealiseringa blir framstilt som det optimale. Som om vi kan bli fullstendig realiserte bare med oss sjølve. Vi er jo sosiale vesen, totalt avhengige av kvarandre frå den dagen vi blir fødde.
– Psykologien slik den blir praktisert i Noreg, føreset ein heil del taus kunnskap. Det er mykje som eg har hatt vanskeleg for å forstå i norske familiar. Vi må bli mykje dyktigare til å fanga opp den tause kunnskapen.
Ansar har tru på psykologar som ikkje er så opptekne av å nytta dei rette formuleringane, men som tør bruka av seg sjølve. Ifølgje henne er det heilt nyttelaust å møta pakistanske klientar som den tilbakelente og lyttande psykologen som seier: «eg kan ingenting, det er de som er ekspertane i dykkar eigne liv.»
– Då får ein ingen respekt. Janteloven gjeld ikkje der, så om nokon seier at dei ikkje kan noko, så trur ein på dei. Innvandrarmiljøa har veldig stor tru på den medisinske modellen med fakta og diagnosar. Det handlar om å møta dei forventingane litt. Dei har respekt for kunnskap og ventar å møta ein ekspert, så du må seia: «Eg kan dette. Eg meiner dette. Eg kan hjelpa deg. Dette må du gjera. Dette må du ikkje gjera.» I møte med folk med ein annan kultur treng ein psykologar med ein klarare og tydelegare stil. Etter seks års psykologistudium kan vi mykje. Vi må visa det, avsluttar Nadia Ansar.
Kommenter denne artikkelen