Du er her

Vår mann i Haag

Anthony Hawke (43) ønskjer å vera ein god ambassadør for den norske psykolog-standen. No har han som første nordmann fått jobb ved FN sin domstol for krigsforbrytarar frå det tidlegare Jugoslavia.

Publisert
1. mai 2006

FLEIRNASJONAL: – Heim er Trondheim, heimlandet mitt er Noreg, men fedrelandet mitt er Sør-Afrika, seier psykologen Anthony Hawke.

I 1987 kom ein ung psykolog til Noreg som flyktning frå Sør-Afrika. Heimlandet var i borgarkrig. Mora og faren, høvesvis arkitekt og lege, hadde begge vore aktivt med i ANC sin politiske kamp mot apartheidsregimet. Kampen kosta. Faren vart skoten og drepen i eit attentat då Anthony Hawke var 11 år. No var den unge mannen ferdig med studia, og vart kalla inn til verneplikt.

– Eg gjekk fleire gongar til Bishops Court for å samtala med Desmond Tutu om kva eg skulle gjera, fortel Hawke, som var ein aktiv kyrkjegjengar heime i Cape Town.

Alternativa var få: Anten kunne han gå inn i militæret, og truleg måtta reisa våpen mot gode vener blant dei svarte, eller han kunne gå inn i seks års sivilteneste. Det tredje alternativet, og mest ventande om han vart i heimlandet, var fengsel for militærnekting.

30. juni 1987, den siste dagen før styresmaktene stengde grensene ut av Sør-Afrika for personar i vernepliktig alder, drog han til Noreg.

Tung bør blir ressurs

– Bakgrunnen min som flyktning gjorde dei ganske skeptiske, fortel Hawke om jobbintervjuarane i FN.

– Dei var redde for at eg skulle bli forstyrra i jobben av tøffe røynsler frå mitt eige liv, og spurte mykje om dette.

Men Hawke har gjennom mange år arbeida med dei vonde opplevingane. Det som kunne vore eit trugsmål, står i dag fram som ein ressurs.

– Eg er stolt av jobben eg har gjort med meg sjølv, og at eg makta å formidla dette til folka i FN. Det handlar om å ta krutet ut or granaten, slik at den ikkje lenger er farleg. Den er der framleis, men manglar sprengstoff. Eg har lært å leva med bakgrunnen min gjennom å ta tak i den og arbeida med den mange, mange gongar. I dag gjev dette meg tryggleik og truverd i møte med klientar.

Hawke måtte igjennom mange og lange testar før han nådde opp blant 780 søkjarar og fekk jobben som psykolog for ICTY.

– Eg viste dei korleis eg jobbar. Dette veit eg ikkje, men eg vil tru at bakgrunnen min gjer meg i stand til å opptre trygt og truverdig i møte med vitna frå krigen i det tidlegare Jugoslavia. Dei merka nok at eg har vore ute i hardt vêr før.

Ein sørafrikanar i Noreg

Dei sørafrikanske røtene til Hawke har nok på fleire vis vore viktige for tilsettinga i FN.

– I Haag kjem eg til å jobba saman med folk frå 72 forskjellige nasjonar på same arbeidsplass. Då er det ei stor hjelp å vera vand med livet i Sør-Afrika, der det er 3–4 ulike religionar og ti ulike etniske grupper, alle med sitt språk. I Cape Town finst det til dømes eit stort muslimsk miljø, medan Durban har verdas største populasjon av indarar utanfor India, fortel Hawke.

Dei siste åra har han hatt jobb ved Familievernkontoret Sør-Trøndelag. Ifølgje Hawke sjølv har dette ikkje minst gjort han dugande til traumearbeid.

– Vi har lagt ned mykje arbeid i å utvikla ein god kriseberedskap. Folk kjem til oss når alt skjer seg fullstendig. Det er til dømes ikkje uvanleg at samlivsbrot leier til sjølvmordstankar.

Hawke understrekar kor viktig det er at familivernkontora har utvikla rutinar som til kvar tid gjer dei budde på slike situasjonar. Kontoret i Trondheim er av dei som er komne lengst i dette arbeidet, noko som utan tvil har vore med å kvalifisera han for jobben i FN.

Hard justis

I Nederland ventar store utfordringar på Anthony Hawke. Domstolen har tre store rettssalar der det blir prosedert frå morgon til kveld, med seks dommarar og sju til ti advokatar til stades. Saman med ein annan psykolog, som kjem frå India og har vore i Haag i to år, skal Hawke vera tilgjengeleg for vitna under opphalda deira. Dei tek imot vitna når dei kjem til byen, er med på innlosjeringa, og førebur dei på situasjonen i vitneboksen. Dei to psykologane dreg òg jamleg til ICTY sin utestasjon i Sarajevo, der dei har ansvar for å vurdera potensielle vitne.

– Målet er å sjå moglege problem. Korleis vil dei reagera på vitnesituasjonen? ICTY er ein domstol og tek omsyn til jussen, ikkje til vitna sin psykologi. Det er ei stor påkjenning å måtta gje att ofte grufulle personlege opplevingar frå krigen, for så å bli kryssforhøyrd av motparten sine advokatar som freistar så tvil, latterleggjera, undergrava og demontera vitnemåla.

Dei to ICTY-psykologane deler på å ha døgnvakt, slik at dei til kvar tid kan rykkja ut og hjelpa vitna, også når dei får eit samanbrot på hotellrommet midt på natta.

– Folk bryt saman, seier Hawke, og understrekar vidare at dei har tett kontakt med det psykiske helsevernet i Nederland.

– Det er til kvar tid mellom sju og ti vitne i Haag, frå begge sidene av konflikten. Det var veldig viktig for domstolen at eg ikkje hadde hatt kontakt med Jugoslavia før. Eg har aldri vore i området. Dei krev ikkje at ein skal vera nøytral, men upartisk.

Domstolen i Haag garanterer også for at vitna blir følgt opp på heimstaden i ettertid.

Ein nordmann i Haag

Hawke ser at det ventar han ei kjempeutfordring når han kjem til Nederland.

– Eg ser fram til å få oppleve klientane, det multikulturelle miljøet, bli kjend med FN-systemet og få vist kva eg er god for: kva norske psykologar er gode for. Eg gler meg til å få vidareutvikla kompetansen min og å læra av andre. I Haag vil eg arbeida saman med erfarne fagfolk frå ei rekkje ulike nasjonar, kvar med kunnskapar frå sine land, seier Hawke.

Det er noko han kvir seg for òg. FN er illgjeten for dårleg organisering. Psykologen reknar med mykje springing i dei «sjukehusgrøne» korridorane i Haag. Det knøttvesle kontoret, utan ein blom eller eit bilete, skal han dela med den andre psykologen og tre sjåførar.

– Slik er FN. Ein får ta det med tålmod og humør, konkluderer Hawke.

Han har fått permisjon frå jobben på familievernkontoret i dei fire åra han etter planen skal vera borte. Når Hawke i desse dagar set seg på flyet, let han etter seg fantastiske kollegar og mange gode vener. Før han for åtte år sidan kom til Trondheim, var han busett i Oslo og på Gjøvik. Bunaden sin har han frå Østre Toten.

– Eg tek med Noreg i meg, seier han.

– For 20 år sidan kom eg hit og bad om hjelp, og det har eg fått så det monar. Eg er uendeleg takksam for alt eg har fått, og håpar eg blir ein god ambassadør, både for Noreg og for norske psykologar, avsluttar Hawke.

ICTY

  • Forkortinga står for The International criminal Tribunal for the former Yugoslavia.
  • Domstol vedteken etablert av FN sitt tryggleiksråd 25. mai 1993.
  • Held til i Haag i Nederland.
  • Har i mandat å straffeforfølgja krigsforbrytarar frå konflikten i det tidlegare Jugoslavia i 1991–1992.
  • Tek opp grove brot på Genève-konvensjonen, brot på krigsretten, folkemord, og brotsverk mot menneskeheita.
  • Den første domsstolen i rettshistoria til å reisa tiltale mot ein statsleiar, nyleg avdøde Slobodan Milosevic.
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 5, 2006, side 498-499

Kommenter denne artikkelen