Du er her

Facebooktips mot sjølvmord

Britiske Facebook-brukarar som ser urovekkande statusoppdateringar, kan no seia frå til Facebook Help Centre.

Publisert
5. april 2011

Ein britisk Facebook-brukar delte nyleg med 1048 vener at ho hadde teke overdose. Dette har utløyst eit samarbeid mellom Facebook og Samaritans, ein veldedig organisasjonen som i snart 60 år har gjeve støtte til folk som slit med tankar om sjølvmord, mellom anna gjennom hjelpetelefonar.

No får det sosiale nettverket sine 30 millionar britiske brukarar moglegheit til å skaffa hjelp til vener som tenkjer på å ta sjølvmord, skriv The Guardian. Om ein ser urovekkande statusoppdateringar eller oppslag på veggen til ein ven, kan ein seia frå til Facebook Help Centre, som igjen vil formidla kontakt mellom rådgjevarar hos Samaritans og den ein fryktar har det tungt.

Samaritans har òg lansert ein åtvaringskampanje via si eiga Facebook-side. Her kan folk få råd om korleis dei kan oppdaga teikn på at vener slit, og tilby dei hjelp.

Konsernsjef i Samaritans, Catherine Johnstone, kallar det å dra nytte av krafta som finst i venskap.

– Vi ønskjer å minna folk på at om ein ven seier at livet ikkje er verdt å leva, så må ein alltid ta det seriøst. Facebook er ein del av dagleglivet til så mange av oss. Vi må sørga for at personar som er pålogga, òg kan få støtte når dei treng det, seier ho i ein kommentar.

Tidsskriftet

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 4, 2011, side 367

Kommenter denne artikkelen