Du er her

Kjønnsbalanse og generasjonsskifte

Det kan bli betre plass til yngre kvinner ved universiteta.

FOTO: YAY MICRO

27 prosent av dei tilsette i vitskaplege stillingar ved Universitetet i Bergen nærmar seg pensjonsalderen. 252 personar i faste vitskaplege stillingar ved UiB er mellom 60 og 69 år. 198 av dei er menn.

Universitetsstyret har kalla det komande generasjonsskiftet «en gyllen anledning» til å endra på den skeive kjønnsbalansen ved universitetet. I dag er berre 20 prosent av professorane ved UiB kvinner. Målet er å nå 50 prosents kjønnsbalanse i dei høgaste stillingane ved UiB.

– Vi ser positive tendensar på førsteamanuensisnivå, men ikkje hjå professorane. Fortset ein slik som i dag, vil ein ha kjønnsbalanse i 2040, seier likestillingsrådgjevar ved UiB Anne Marit Skarsbø til På Høyden.

45 prosent av alle dei nye professorane i 2009 var kvinner. På stipendiat- og postdoktornivå er målet om 50 prosent mellom dei nytilsette oppfylt.

Biologiprofessor Vigdis Vandvik, som er fødd i 1968 og dreg den professorale snittalderen ned, peikar på at kvinnene forsvinn i større grad enn menn i alle ledd i den akademiske kjeda. Ho trur den skeive fordelinga vil halda seg, med mindre ein gjer noko aktivt for å endra dei underliggande årsakene til at det er slik.

– Stereotypen på ein professor er jo ein godt vaksen, kanskje litt distré, mann. Slike indre bilete gjer at dei som rekrutterer, ofte ikkje vel kvinner, og at kvinner som er aktuelle for ei professorstilling eller eit prestisjetungt stipend ofte ikkje søkjer, seier ho.

Tidsskriftet

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 4, 2010, side 333

Kommenter denne artikkelen