Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
WHO vil ha retningsliner for rettvis prioritering av helse.
Tenk deg at du leier ei sjukehusavdeling med 100 pasientar. Den eine halvparten av pasientane treng ei pille for å overleve, den andre treng to. Du har 50 piller. Kven skal få medisinen?
Over halvparten av dei som får dette spørsmålet svarer at vi skal redda dei 50 som bare treng ei pille, fortel Dan Wikler, professor i moralfilosofi ved Harvard University og tidlegare etisk rådgjevar for Verdas helseorganisasjon (WHO), til Hubro.
Men kva med å gje ei halv pille til alle? Eller kva med å halda eit lotteri, der dei som har størst utbytte bare ei pille har litt større sjanse for å vinna? Skal vi kanskje gje ein treddel av pillene til den eine gruppa og to tredelar til den andre? Helsepersonell og beslutningstakarar bør trenast i å tenka igjennom etiske dilemma som dette.
Nordmenn blir i snitt 80,5 år. I Tanzania er gjennomsnittleg levealder 50,3 år, med høg dødsrate i nesten alle aldersgrupper.
– Eg vart oppringt frå Etiopias helseminister, som ba om hjelp til å prioritere. Han hadde tre dollar per innbyggjar å bruke på helse. Ingen afrikanske land har luksusen å velja, sa Tessa Tan-Torres Edejer frå WHO på ein workshop i Tanzania i sommar, der filosofar, spesialistar i medisinsk etikk, legar, økonomar, sjukehusdirektørar og representantar for WHO diskuterte korleis ein kan fordele helseressursar meir rettvist. Vert var Ole Frithjof Norheim, som er professor i medisinsk etikk ved Universitetet i Bergen. I 2004 fekk han midlar på programmet Yngre framifrå forskarar (YFF). Han nytta dei mellom anna til å bygga opp ei forskingsgruppe i medisinsk etikk. Workshopen markerer ei avslutting på dette prosjektet, skriv Hubro.
Tidsskriftet
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen