Du er her

Tortur-nei frå APA

Amerikanarane snur i spørsmål om psykologar i fangeleirar.

Publisert
1. oktober 2008

FOTO: WIKIMEDIA COMMONS

Medlemane i den amerikanske psykologforeininga (APA) har i ei uravstemming sagt frå at dei ønskjer ein ny politikk i høve til psykologar sitt nærvære i fangeleirar som Guantanamo på Cuba.

– Dette er eit veldig viktig steg. No kjem APA på linje med resten av verda på dette feltet, seier president i Norsk Psykologforening, Tor Levin Hofgaard. Saman med leiarane i dei andre nordiske psykologforeiningane har han i den siste tida lagt aktivt press på APA for å få dei til å legga om politikken sin i denne saka.

Den nye resolusjonen, som seier at psykologar ikkje skal jobba i omgivnader der folk blir haldne fanga i strid med internasjonal eller amerikansk lov, blei i midten av september vedteke med 8792 mot 6157 stemmer.

Totalt har APA meir enn 148 000 medlemer, men ei uravstemming som dette krev bare simpelt fleirtal. Ifølgje APA sine retningslinjer kan resolusjonen bli implementert først på generalforsamlinga i august 2009.

– Med dette har amerikanske psykologar sagt at dei ikkje ønskjer at psykologar skal vera til stades i fangeleirar som er i strid med FNs torturkonvensjon, Genèvekonvensjonen eller amerikansk lov, med mindre dei er der for å hjelpa fangane eller som ein nøytral tredjepart som overvakar og observerer, seier Hofgaard.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 45, nummer 10, 2008, side 1307

Kommenter denne artikkelen