Du er her

Hei Høie!

Publisert
1. oktober 2019

Eg går og spikkar og pussar
på nokre ord til deg.
Men det vert liksom ikkje heilt slik eg hadde håpa.
Det blir for tannlaust.
For tamt.
For noko som en burde gått i krig for,

stått på barrikadane

eller i det minste gått i tog for.
Laga nokon gode banner.
Men dette blir ikkje noko tog,

eller eit hoggormbit av en kronikk.
Det blir berre ord.

For tunge for en fanebærar.

For lang for en parole.

Eg har nyleg forlate ein jobb.
I BUP.
Eg elska den jobben.
Hata kor utilstrekkeleg eg kjende meg.
Eg trur eg måtte vidare.
For å overleve.
Ikkje drukne
i menneskelege skjebnar,

dokumentasjonsarbeid
og eigen utilstrekkelegheit.

Eg tok min hatt og gjekk.
For å overlate min plass til nokon
som forhåpentlegvis er større og sterkare.
Nokon som strekk meir til.
Nokon som jobbar smartare,
Ikkje går tom for empati etter ein lang dag.
Nokon som ikkje treng ammefri eller henta i barnehagen.

Makan til melodrama!
Det er godt mulig det er meg det er noko i vegen med.
Eg må ta høgde for det.
Eg veit jo ikkje om mi oppleving er

ei EKSTRAORDINÆR ei.
Ei utanom det vanlege.

Ein anomali, om du vil.
Eg berre kjenner på ein uro.
Ein uro som har vakse fram i meg dei siste åra.
Kanskje det er alderdommens uro som har erstatta ungdommens iver.
Eg veit ikkje.
Eg berre går her,

og kjenner på denne frykta for at

det ber galt av sted.

Kor er me på vei?
Kor skal dette enda?
Dette rotteracet
av eit tellekantsystem,
som ét empati og kloke tankar.

Eg skulle ønske det var eit tog eg kunne forlate på neste stasjon,
men det kjennes meir som eit fly
ein må hoppe ut av.
Utan å vite om sekken på ryggen inneheld fallskjerm.

Det kjennes slik.
For meg.
Eg veit det er andre
som er usamde.
Som lurar på kva me brælar etter.
Faens sjølvmedlidande pakk!
Slik er arbeidslivet!

This is «The New Deal»!

En del av «Pakka».


Men eg veit at det har vore annleis.
Dei åra BUP og eg hadde saman
har ikkje alltid vore slik
eit rotterace av eit dokumentasjonshelvete.
Menneskeleg liding har alltid vore tungt å bæra.
Men vondare når ein kjenner at ein ikkje rekk til,
ikkje strekk til.

Ein blir hjelpelaus,

hodelaus,

hjartelaus.


Det blir for mange pasientar,
Ansvarsområder,
Arbeidsoppgåver.

Skjebnar.
Eg seier ikkje at alt var betre før.
For det var det ikkje.
Men eg trur me hadde betre tid,
Meir rom til å være der for pasientane våre.

Eg trur ikkje eg når fram til deg.
Mange har allereie prøvd.
Gitt deg fakta.
Eg ville berre dele kjenslene.

I fall du ikkje visste det.
Eller kanskje har du visst det,
men gløymt det.
Eg måtte berre seie det.

Takk for merksemda.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 56, nummer 10, 2019, side 768-769

Kommenter denne artikkelen