Du er her
Politiet kan vurdere risiko for partnarvald
Forfattaren utfordrar politiet i Noreg til å ta i bruk instrumentet SARA: PV (Spousal Assault Risk Assessment Guide: Police Version), for å kunne identifisere potensielle partnarvaldsutøvarar. Politiet i Sverige byrjar å få nyttige erfaringar med bruk av instrumentet.
Ein kopi av instrumentet SARA: PV kan fåast ved å kontakte forfattaren.
For fem år sidan vart regjeringa sin handlingsplan Vold mot kvinner lagt fram (Justis- og politidepartementet, 2000). Året etter vart Kvinnevoldsutvalget etablert for å greie ut stillinga for kvinner som vert utsette for fysisk og psykisk vald, trugsmål og overgrep frå noverande eller tidlegare samlivspartnar. Myndigheitene har sett særleg fokus på den grove valden. Dåverande justisminister Odd Einar Dørum skreiv i ein kommentar til Regjeringa sin handlingsplan: «Det er en grunnlegg-ende menneskerett å leve et liv uten frykt for eller erfaring med vold. Det er samfunnets ansvar å bidra til å forebygge vold og overgrep både på gaten, arbeidsplassen og i hjemmet.» (www. odin.dep.no).
På nettsida til Barne- og familiedepartementet kunne ein i 2004 lese følgjande: «Vold mot kvinner er et stort samfunnsproblem, og innebærer store fysiske og psykiske plager for ofrene. Vold i nære relasjoner utøves for det meste av menn, og ofrene er kvinner og barn. Barn som ikke selv er direkte offer for vold blir like skadet og får like store psykiske problemer og blir indirekte offer for fars vold mot mor. Slike overgrep blir ofte benevnt som familievold» (www.odin.dep.no). Frå 1980 og til i dag er det etablert 50 krisesenter kringom i landet, som gir lavterskeltilbod til kvinner som opplever familievald.
I 2003 kom rapporten NOU 31 Retten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner i nære relasjoner. Utvalet definerer valden slik at den omfattar fysisk, psykisk og seksuell vald, og understrekar viktigheita av auka offentleg innsats for å førebyggje menn sin vald mot kvinner og born.
Mange norske born er vitne til at «far slår mor». Men lite av denne aggresjonen er synleg for andre enn dei som er i familien. I 2003 måtte 3000 kvinner søkje ly hos landet sine krisesenter. Mange av desse hadde med seg born som hadde vore vitne til vald og mishandling (Solum, 2005).
Omfanget av partnarvald i Noreg er ikkje kjent (Pape, 2003). I Nord-Amerika er omfanget estimert til å vere mellom 3 og 14% av alle kvinner. I Canada står partnarvalden for 80% av all valden som vert rapportert til politiet. I USA er fleire enn ein million kvinner utsette for vald frå sine ektefellar (Belfrage & Rying, 2004). Eksisterande forsking er nesten utelukkande om kvinnelege offer, men også mange menn rapporterer at dei blir ramma av aggressiv åtferd i parforhold (Pape, 2003).
Eriksen (2000) stiller spørsmålet: «Kan hun ikke bare gå?», og meiner at det ikkje er tilfeldig at kvinner blir verande i forhold som er valdelege – det blir skapt ei avhengigheit som det er vanskeleg å bryte ut av. Det kan vere vanskeleg for folk å forstå at ei kvinne kan halde fram med å vere glad i ein mann som stadig slår henne.
Råkil (2002) meiner på si side at vald mot kvinner er brot på likestillingsideal og grunnleggjande menneskerettar, og at vald er ei viktig årsak til utvikling av psykiske problem. Han hevdar at det er fleire faktorar som held valden mot kvinner ved like, som usynleggjering, eksternalisering, benekting, bagatellisering og fragmentering.
Kriminalpolitiet sin drapsstatistikk frå til dømes 1993, 1995 og 1996 viser at 50% av alle kvinnene som vart drepne i Noreg, vart drepne av samlivspartnaren sin (Nøttestad & Haugan, 2000). Forfattarane viser til at vi i Noreg ikkje har undersøkingar om kva form for vald menn utøver i samliv, og heller ikkje kor ofte denne valden førekjem. Dei viser til uttale frå kriminalsjef Roger Andresen at «29% av anmeldelsene av vold til Oslo politikammer» dreier seg om vald i heimen. Forfattarane legg til at årsakene til partnarvald er mange og forklaringsmodellane mangefasetterte.
Mange studiar har estimert at berre ein liten prosentdel av all partnarvald vert rapportert vidare til politiet. Men ulike studiar viser også større sprik i førekomsten som vert rapportert, frå 7% til 56% (Apsler, Cummins & Carl, 2002).
Vald mot kvinner er altså vanleg, og i åtte av ti tilfelle kjenner kvinna mannen som slår. Dette hevdar professor Henrik Belfrage ved den Rättspsykiatriska kliniken i Sundsvall (Carlsdotter, 2000). Belfrage har for øvrig poengtert fleire offerfaktorar: Blant anna ekstrem frykt overfor valdsutøvaren, utrygg livssituasjon og personlege problem. Han har følgt opp valdsutøvarar i ein tolv månaders periode, og 24% av desse residiverte. I Sverige vert det årleg gjort 20 000 anmeldingar om vald mot kvinner, og kvar månad vert ei til to kvinner drepne (Belfrage & Rying, 2004). Mange drapsmenn hadde emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, som det er mogeleg å behandle.
Det er skremmande lite som vert gjort for å stoppe partnarvalden, meiner Belfrage. Han er ansvarleg for det nye satsingsområdet i Sverige, og har henta erfaringar og kompetanse frå kollegaer i USA og Canada (jf. også liknande prosjekt i Italia, Portugal, Litauen, Tsjekkia og Irland). Belfrage har laga ei svensk omsetjing av risikovurderingsinstrumentet SARA:PV – «Spousal Assault Risk Assessment Guide: Police Version». Instrumentet er spesialutvikla for politiet, som ved å bruke dette verktøyet også kan setje i verk preventive og valdsreduserande tiltak overfor høgrisikopersonar, både i risikovurdering og etterforsking.
Sjekkliste for vurdering av partnarvald
Professor Belfrage har implementert den svenske versjonen av SARA: PV, og i dag vert instrumentet dagleg brukt av politiet i Sverige. Alfarnes fekk løyve av forfattarane Kropp og Hart til å lage ei norsk omsetjing av instrumentet i 2004 (førespurnad om å lage ei ny norsk omsetjing av 2005-versjonen av instrumentet er send til forfattarane). Det er truleg få innanfor politiet i Noreg som har kjennskap til instrumentet og nytteverdien. Det er ikkje meininga at politifolk skal fungere som «psykologar» på dette fagfeltet, men heller at dei kan kome på bana i høve til preventive og valdsreduserande tiltak (jf. valdsalarm, forbod mot besøk, overvaking, melderutinar overfor mogeleg offer). Valdsavsnittet ved Oslo politidistrikt har for øvrig fått ein kopi av instrumentet.
Det er grunn til å tru at om politiet i Noreg implementerer instrumentet SARA: PV, vil førekomsten av partnarvald gå ned. Politiet kan bruke ressursar på å førebyggje og hindre partnarvald, ved å vere i kontakt med høgrisikopersonar. Dette er individ som tidlegare har utøvd vald mot ektefellen sin, eller som ein veit har oppført seg verbalt eller fysisk trugande.
Politiversjonen for vurdering av framtidig partnarvald byggjer på manualen SARA – «Spousal Assault Risk Assessment Guide» (Kropp et al., 1995). SARA er ei klinisk sjekkliste med 20 risikofaktorar som er omhandla i den empiriske litteraturen. Instrumentet er ikkje ein test, men skal brukast som eit verktøy for å predikere valdsrisikoen for partnarvald innan ei viss tid. Kvart einskild ledd vert skåra 0 (nei), 1 (ja, moderat eller 2 (ja, alvorleg). Blant risikofaktorane er til dømes «tidlegare familievald», «tidlegare vald mot framand», «valdstrugsmål», «valdeleg haldning», «rusmiddelmisbruk» og «psykotiske symptom».
Dei tjue ledda er organiserte under overskriftene «kriminell historie», «psykososial tilpassing», «partnarvaldhistorie», «noverande kriminell handling» og «andre vurderingar». Risikograden kan vurderast som låg, moderat eller høg, både i høve til partnar og i høve til andre menneske.
Sjølve politiversjonen SARA: PV (norsk versjon ved Alfarnes, 2004) inneheld berre ti risikovariablar, og er organisert under overskriftene «partnervold», «psykososial tilpasning» og «øvrige vurderingar». Risikograden blir vurdert som låg, moderat eller høg i høve til umiddelbar risiko (innan to månader), langtidsrisiko (innan eitt til to år) eller risiko for dødeleg vald. Skåraren kan dessutan skissere forslag til tiltak for å førebyggje og hindre partnarvald.
Eg vil utfordre det norske politiet til å sjå på denne sjekklista, og vurdere om ho kan vere til nytte i politiet si satsing for å førebyggje og hindre vald mot kvinner (og einskilde menn). I Sverige er SARA: PV i dagleg bruk hos politiet. Kanskje politiet i Noreg med rette bør følgje etter svenskane på dette feltet?
Alfarnes, S. A. (2004). SARA: PV – Risikovurdering av partnarvald – politiversjonen. Norsk versjon. Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri for HRØ og HRS, Ullevål universitetssykehus.
Apsler, R., Cummins, M. R., & Carl, S. (2002). Fear and expectations: Differences among female victims of domestic violence who come to the attention of the police. Violence and Victims, 17, 445–453.
Belfrage, H., & Rying, M. (2004). Characteristics of spousal homicide perpetrators: a study of all cases of spousal homicide in Sweden 1990–1999. Criminal Behaviour and Mental Health, 14, 121–133.
Carlsdotter, E. (2000). Hjälp för män som slår. Sundsvalls Tidning 18.10.
Eriksen, I. (2000). Kan hun ikke bare gå? Fagartikkel om mishandling og vold. Embla, 6, 26–34.
Kropp, P. R., Hart, S. D., Webster, C. D., & Eaves, D. (1995). Manual for the spousal assault risk assessment guide (2nd ed.). The British Columbia Institute Against Family Violence, Canada.
Norges offentlige utredninger (2003:31). Retten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner i nære relasjoner. Utredning avgitt fra et utvalg oppnevnt ved kongelig resolusjon 29. august 2001. Avgitt til Justis- og politidepartementet 4. desember 2003.
Nøttestad, J. Aa., & Haugan, G. S. (2000). Behandling og forebygging av vold i samliv. Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 37, 738–740.
Pape, H. (2003). Vold og krenkelser i unge menneskers parforhold. Tidsskrift for Den norske lægeforening, 122, 2016–2020.
Råkil, M. (2002). Umulige menn – eller menn med muligheter? Behandling av menn som utøver vold mot kvinner. Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 39, 10–12.
Solum, I. (2005). Ser far slå mor. Aftenposten 06.01.
Kommenter denne artikkelen