Du er her

Den pengegriske psykologen

Publisert
1. mars 2004

«Nærværende henvendelse til Norsk Psykologforening er hvorvidt Norsk Psykologforening kan understøtte at en psykolog som mottar en henvendelse omkring et tidligere arbeid – som psykologen har fått fullt og endelig oppgjør for – er berettiget til å ta seg betalt for et slikt svar.»

Bakgrunnen for klagen var at den påklaga psykologen hadde vore rettsoppnemnd sakkunnig i straffesak. Han hadde utgreidd moglege skadeverknader hos eit barn som hadde vorte utsett for overgrep. Rettssaka var avslutta og honoraret betalt ut. I klagen, som sitatet ovanfor er henta frå, skreiv advokaten at han berre hadde sendt eit brev der han bad om svar på eit par spørsmål som var knytt til den avslutta saka. Advokaten la ved fullmakt frå foreldra til barnet, så alt var formelt i orden. Då psykologen sende rekning for fire timars arbeid, vart advokaten i harnisk. Psykologen hadde fått si betaling som sakkunnig. Om han i ettertid vart beden om å svare på eit par spørsmål, var det heilt urimeleg å ta ekstra betaling for dette. Dessutan var fire timar alt for mykje.

Fagetisk råd (FER) syntest framferda til psykologen såg noko underleg ut, og valde å opne saka som klagesak. Det var fleire punkt i «Etiske prinsipper for nordiske psykologer» (EPNP) som kunne vere aktuelle å bruke her. Psykologen vart særleg beden om å gjere greie for dette i lys av kapittel II.3. Under punktet om ansvar står det noko om kontinuitet i tenester: «Psykologen erkjenner det ansvaret han/hun har for relasjonen til en klient etter at det profesjonelle oppdraget formelt er avsluttet».

Då psykologen gjorde greie for klagen, la han ved kopi av brevet som advokaten hadde sendt han. Det var slett ikkje tale om at han berre skulle svare på nokon enkle spørsmål, slik advokaten hadde hevda i klagen. Advokaten hadde spurt om psykologen kunne uttale seg noko om kva barnet kunne trenge av spesialpedagogiske ressursar. Dette skulle brukast saman med sakkunnig fråsegn i samband med søking om ekstra ressursar i skolen. Psykologen hadde gjort fleire vurderingar av barnet, inkludert fleire kognitive testar. Han hadde såleis tilstrekkeleg informasjon til å kunne uttale seg om funksjonsnivå, moglege lærevanskar og kva barnet kunne trenge av spesialpedagogiske tiltak. Dette hadde ikkje vore spørsmål som retten hadde spurt i samband med det sakkunnige arbeidet. Psykogen måtte difor gå gjennom materialet på nytt og skrive ei ny fråsegn ut frå den nye problemstillinga. Nå var det advokaten som var oppdragsgjevar, og ikkje retten. Fire timar for dette arbeidet? Ja, det var ingen i rådet som meinte det kunne gjerast på kortare tid.

Spør først?

Skulle ikkje psykologen ha kontakta advokaten først, og sagt kva arbeidet ville koste? Då hadde advokaten hatt sjanse til å seie nei, dersom han meinte det vart for dyrt. Dette drøfta medlemmene i FER temmeleg grundig, og det var mange synspunkt som vart lufta før rådet kom fram til konsensus. Vi er opplært til å informere om dei økonomiske vilkåra i forkant. Det forstod allereie Freud då han behandla sine nevrotiske, kvinnelege pasientar i Wien. Vi lærte om dette på grunnfag. Her kjem informert samtykke (under punkt II.1 i EPNP) inn som eit av punkta vi skal forhalde oss til. Dersom bilen skal på NAFtest veit alle at det kostar pengar. Rådet meinte at advokaten også kjende til at tenester ikkje er gratis, ikkje minst ut frå eigen praksis. Det hadde nok stilt seg noko annleis viss det var foreldra til barnet som hadde spurt om ein uttale frå psykologen. Det var semje i rådet om at psykologen burde ha informert om prisen på førehand, dersom det var ein av foreldra som hadd e kontakta den påklaga psykologen. Her kjem mellom anna asymmetrien i relasjonen inn. Kapitlet om integritet (under punkt II.4 i EPNP) er relevant her. Etter lengre drøfting kom rådet fram til at det ikkje var grunnlag for å seie at psykologen hadde brote dei fagetiske prinsippa.

Tenk etterpå

Denne fagetiske klagesaka illustrerer også dette fenomenet som eg har vore inne på fleire gonger i Tidsskriftet. Klagene ser ofte meir opplagte ut når dei vert sendt inn, enn det som dei syner seg å vere når ein får utgreiinga frå den påklaga psykologen. Dei aller fleste klagesakene trur eg verkar oppklarande og har ein pedagogisk funksjon, både for klagar og for den påklaga psykologen. I nokre få saker lurar eg likevel på korleis klagarar fortel om desse sakene når dei snakkar med andre. I nokre saker der klagar har fått medhald, og det har vore lite med fagetisk refleksjon frå den påklaga psykologen si side, er det ikkje fritt for at eg også lurar på kor vidt psykologen fortel om klagesaka og konklusjonen frå FER på ein nyansert måte til andre.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 41, nummer 3, 2004, side 218

Kommenter denne artikkelen