Du er her

Høg temperatur i barnefordelingssaker

Publisert
1. januar 2004

«Psykologen må umiddelbart fratas lisensen, uten å få mulighet til å forklare seg!» Slik slutta den fagetiske klagen, som også var sendt som kopi til ein av dei meir profilerte stortingspolitikarane. Psykologen hadde vore rettsoppnemnd sakkunnig i ei barnefordelingssak. Temperaturen i barnefordelingssaka hadde vore høg, og språkbruken i klagen levna ingen tvil om at saka hadde vore ein smerteleg prosess for den tapande parten som nå klaga inn psykologen til Fagetisk råd (FER). Barnefordelingssaker har alltid ein tapar og ein vinnar på vaksensida.

Hadde psykologen brote dei fagetiske prinsippa i arbeidet som sakkunnig? Slik det var framstilt av klagar, var det ikkje tvil. Dersom psykologen ikkje hadde fått høve til å forklare seg, hadde saka vore grei, for då hadde ein berre hatt ein variant av historia å forhalde seg til.

Når FER utgreier ei klagesak, får begge partar høve til å forklare seg, slik at rådet har synspunkta frå båe sider før det konkluderer. I den konkrete saka ovanfor var det fleire spørsmål som rådet stilte seg då det skulle ta stilling til om psykologen hadde handtert fagetikken på ein god måte, eller om han hadde gjort seg skuldig i eitt eller fleire fagetiske brot. Det er mange punkt i Etiske prinsipper for nordiske psykologer som er relevante når ein arbeider som sakkunnig. Eg skal komme inn på nokre av desse.

Under kapitlet om respekt, kjem ein mellom anna inn på punktet om informert samtykke og valfridom. Hadde psykologen informert tilstrekkeleg om kva han hadde plan om å gjere, og om kva som kunne bli konsekvensane av arbeidet hans? Handlingsetikken har også ein viktig plass i fagetikken. Gjekk psykologen fram på ein slik måte at begge partar fekk syne kva omsorgsevner dei hadde? Måten som ein går fram på signaliserer mykje om kva respekt ein har for den andre parten.

Under kapitlet om kompetanse, er det mange punkt som den sakkunnige psykologen må vurdere. Hadde den påklaga psykologen tilstrekkeleg kompetanse til å arbeide som sakkunnig? Var metodane relevante i høve til det som psykologen skulle gjere? Var konklusjonen i samsvar med dei avgrensingane som låg i metodane og framgangsmåtane? Som sakkunnig er det også viktig at ein knyt det som ein gjer til omsorgsevne.

«Saka vert granska i fullt dagslys»

Psykologen hadde komme fram til ein annan konklusjon enn det som klagar hadde ønska, og det var lett å forstå fortvilinga til klagar. Rådet gjekk gjennom sakkunnigrapporten, utskrift frå rettsbok og annan dokumentasjon. I tillegg hadde ein bede den påklaga psykologen om å drøfte klagen i høve til nokre av prinsippa i EPNP. Ut frå dokumentasjonen som rådet først hadde fått, var det uklart om psykologen hadde følgt desse punkta på ein forsvarleg måte. Psykologen gjorde greie for dette på ein slik måte at det såg ut til å vere innanfor ramma av fagetikk. På denne måten vart klagaren også gjort kjend med dei etiske vurderingane som psykologen hadde gjort under vegs. Etter å ha utgreidd saka, kom rådet til at den påklaga psykologen ikkje hadde brote fagetikken i denne konkrete saka.

Mange klager

Rundt ein tredjedel av sakene som blir klaga inn til FER gjeld psykologar sitt arbeid som rettsoppnemnde sakkunnige i barnefordelingssaker. Er det då slik at sakkunnige psykologar er ei gruppe som har ein langt dårlegare etisk standard enn resten av psykologprofesjonen? Mange av desse klagesakene er nok eit uttrykk for at den tapande parten klagar til FER som ein del av eit juridisk spel. Dersom FER finn noko å utsetje på arbeidet til den sakkunnige psykologen, kjem advokaten til å bruke denne kritikken for alt det han er verd. Mange advokatar gjer også eit stort nummer av at «den sakkyndige psykologen sitt arbeid er nå til granskning i Psykologforeningens Fagetiske råd». Opp mot halvparten av klagene på sakkunnig arbeid vert avvist av FER, utan at ein finn grunn til å opne dei som fagetiske klager. Når ein går gjennom den sakkunnige rapporten og dei andre dokumenta som følgjer med klagen, ser ein at det ikkje er grunnlag for å trekkje den etiske standarden i tvil. Mange av desse arbeida er så gode at ein kunne brukt dei som mal på korleis ein skal skrive ein sakkunnig rapport.

Kva med dei sakene den FER finn at det er grunn til å kritisere den sakkunnige psykologen? Av sakkunnig-sakene som FER utgreier som klagesaker, får klagar medhald i to tredjedeler av desse. Det som går att av konkrete handlingar er særleg at ein ikkje har følgt mandatet, at det har vore uklart kva metodar ein har brukt, at det har vore uklart kva observasjonar ein har gjort, eller at ein har trekt alt for bastante konklusjonar. Ofte ser ein også at det er mange «tome rom» i den sakkunnige rapporten, ved at psykologen refererer ulike funn som ikkje vert relatert til omsorgsevne.

Generelt om sakkunnigsaker

Som ein ser, er det stor risiko for å bli klaga inn til Fagetisk råd dersom ein arbeider som sakkunnig. Slik er det på arenaer der trykket er høgt. Mange av sakene som vert melde til rådet, er så gode at ein kunne brukt dei som mal for korleis ein skal utforme ein god sakkunnig rapport. Såleis må ein leve med at det i ein del høve kan vere vikarierande motiv for å melde saka inn. Slike saker vert avvist av rådet. I nokre av sakene finn ein grunn til å gå fagetikken nærare etter i saumane, og då ser ein nokre gonger at det er klar grunn til å kritisere psykologen.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 41, nummer 1, 2004, side 44

Kommenter denne artikkelen