Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kva var grunnen til at FN proklamerte eit Barneår? Det var vel mange grunnar, men det viktigaste var vel a) at demokratisk tenking tok til å få slik makt at jamvel dei veikaste, og mellom dei barna, kom med i tankane våre som menneske med rett til eit fullnøyande liv, b) at kunnskapen om barn har auka slik at vi veit meir om utviklingsgang og læringsprosessar, meir om behova hos barn og om verknaden av miljøfaktorar – og har fått røynsle for at psykologisk, medisinsk og sosiologisk kunnskap kan vera til hjelp og bør komme ut til fleire av dei som har med barn å gjøre.
Føremålet med eit barneår måtte vera å vekke interessa for barn, spreie kunnskap om barn, legge grunnlaget for større omtanke og omsut for barn, m.a. med å få samfunnet og folk flest til å bruke meir tid og pengar på den oppveksande generasjonen. Eit vidare føremål måtte vera å vekke opp folk i dei velståande landa til å kjenne ansvar for barn i heile verda, ikkje minst for å få dei med i arbeidet og kostnadene med å løyse dei overveldande problema i dei fattige landa.
Har vi så fått dei resultata av Barneåret som vi i våre beste stundar kunne håpe på? Vi kan vel ikkje enno sjå kvar langtidsverknad Barneåret kan få. Men det ser ut som vi i det minste har sådd ein del frø som det kan komme til å gro av i framtida, at vi har fått børja på ein del tiltak som ikkje kan sleppe att, og at vi har komme eit steg lengre mot ålmenn interesse og kjennskap til barn. Her i vårt eiga land kom det inn meir enn 75 millionar kroner ved innsamling til lidande menneske, og ikkje minst barn, ute i verda. (?) Vanskelegare er det å få auka løyvingar her i vårt eiga land til barnehagar, leikeplassar og andre tiltak for å gje våre eigne barn betre utviklingskår. Det er ein underleg motsetnad her, og vi kan undre oss over grunnane til slikt: Ser vi klårare svolt hos barn langt borte enn psykisk mangel eller «åndeleg svolt» hos barna rundt i kring oss? Eller kjenner vi oss meir «snille» om vi gir av vår eigen pung enn når pengane blir utlikna gjennom solidariske skattar?
(?) Framfor alt er det nå legitimt å tale om krav som gjeld barna i samfunnet. Slik tale blir ikkje lenger møtt berre med ironiske kommentar som så ofte før. Det er nå lovleg å stri for barna! Det kan tyde på at det held på å bli eit omskifte i haldninga til barn hos alle som har med barn å gjøre, kanskje jamvel hos deg som har makt til å løyve pengar. Vi får også gradvis sjå at det er godkjent i samfunnet å bruke tid for barn, at foreldre med godkjenning frå miljøet tar seg tid til å vera saman med barna sine framfor å arbeide overtid eller sjå på fjernsyn.
Åsa Grude Skard på lederplass i februar1980
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen