Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Ein ny doktorgradsstudie avslører kjønnsforskjellar i hangen til samansverjingar som går ut over fellesskapen.
Doktorgradskandidaten Åshild Auglænd Johnsen ved Universitet i Stavanger lét forsøkspersonar spela to variantar av eit såkalla fangens dilemma-spel, eit klassisk dilemma som ofte blir nytta som døme på den enkelte sitt valg mellom bare å tenka på seg sjølv og å tenka i ein større samanheng. I den klassiske varianten tener begge deltakarane mest når dei samarbeider, for eksempel 40 kroner kvar. Men om den eine ikkje samarbeider, får vedkomande 50 kroner, medan den som ønskjer samarbeid, bare får 12 kroner. Dersom ingen av dei samarbeider, får begge 25 kroner. Det er altså risikabelt å forsøke å samarbeida.
Johnsen samanlikna resultata av eit slikt klassisk spel med ein variant der deltakarane bidrog til fellesskapen når dei lét vera å samarbeida. Hypotesen var at dette skulle leia til mindre samarbeid.
– Eg observerte i staden at samarbeidet blir styrkt når det går ut over fellesskapen, seier Johnsen til forskining.no.
Deltakarane valde oftare å samarbeida, og samarbeidet varte lenger, når dette gjekk ut over ein tredjepart
– Dette illustrerer at relasjonar kan spela ei rolle i situasjonar der samarbeid går ut over fellesskapen, som ved korrupsjon og kartellverksemd, forklarar Johnsen.
Då Johnsen delte opp svara etter kjønn, viste det seg at det først og fremst var kvinnene som var pådrivarar for samansverjingane som gjekk ut over ein uskuldig tredjepart.
– Menn samarbeidde meir enn kvinner i det klassiske spelet, medan kvinnene var meir samarbeidsvillige i spelet der samarbeidet gjekk ut over fellesskapen, seier Johnsen, og introduserer ei mogleg forklaring:
– Det finst teoriar som seier at menn føretrekker store nettverk med mange og svake relasjonar, medan kvinner føretrekker tette nettverk med få og sterke relasjonar. Når kvinnene får valet å samarbeida tett med ein partnar, så vel dei denne i staden for å prioritera tredjeparten.
Referanse: Åshild Auglænd Johnsen: «Conspiracy against the public – an experiment on collusion» i Essays on Cooperation and Distribution, doktorgradsavhandling, Universitetet i Stavanger, 2015.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen