Du er her

Tidspress gjev betre avgjerder

Sjølv i naudsituasjonar er ei dårleg avgjerd betre enn mangel på avgjerd.

Vi menneske har ein tendens til å unngå å ta vanskelege val så sant vi kan, fordi vi fryktar å måtta angra på dårlege avgjerder. Men ei ufullkomen avgjerd kan vera betre enn inga avgjerd. Har ein teke eit val, kan følgjene observerast og evaluerast – og avgjerda om nødvendig endrast. Medan passivitet avlar passivitet. I tillegg vil utsette avgjerder halda fram med å bruka mentale resursar, slik at andre avgjerder blir tyngre å ta.

At dette også gjeld i pressa situasjonar, blei tydeleg då Liverpool’s Centre for Critical and Major Incident Psychology (CAMI) simulerte ei kompleks og realistisk ulukke. Nær 200 profesjonelle aktørar frå 14 naudprofesjonar skulle ta stilling til realistiske data frå eit tenkt flyhavari over eit byområde. Her var mellom anna politi, transportpersonell, ulike helseprofesjonar og vitskaplege rådgjevarar.

Når problemstillingar trengte svar frå fleir enn to profesjonsgrupper, var det større sjanse for at avgjerdene blei vellukka dersom dei involverte opplevde tidspress. Mangla dette, sløste etatane vekk verdifull innsatstid på å samla meir og meir informasjon internt frå si eiga gruppe, i staden for å koordinera avgjerder og tiltak med dei andre gruppene.

Funn frå slik forsking på naturleg avgjerdtaking viser at tidspress fører ekspertar inn i presis intuitiv mønstergjenkjenning, skriv BPS Research Digest. Når ekspertar tek avgjerder innanfor sitt eige felt, er det naturleg at avgjerdsprosessen inneheld sprang mellom avgjerdsnivå, i staden for utforsking av kvar minste detalj. Tidspress favoriserer desse spranga.

Forskarane bak studien nemner klart uttalte strategiske mål som ein måte for å koma over trongen til ikkje å ta avgjerder. Tidspress er vanskelegare å skapa om det ikkje allereie er der, men det kan vera fruktbart både å setta kunstige tidsfristar og å gjera implisitt tidspress meit uttalt.

Referanse: Alison, L., Power, N., van den Heuvel, C., Humann, M., Palasinksi, M., & Crego, J. (2015). Decision inertia: Deciding between least worst outcomes in emergency responses to disasters. Journal of Occupational and Organizational Psychology DOI: 10.1111/joop.12108

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 52, nummer 6, 2015, side

Kommenter denne artikkelen