Du er her

Smarttelefon kan gjera late tenkarar latare

Det kan vera samanheng mellom hyppige oppslag i søkemotoren og svekka intelligens.

Publisert
5. april 2015

Dette hevdar Ph.d.-kandidaten Gordon Pennycook ved universitetet i Waterloo, Canada. Han har studert samanhengen mellom smarttelefonbruk og tenkestil hos 660 forsøkspersonar, skriv HealthDay.com 6. mars i år. Intuitive tenkarar heller mot å basera seg på magefølelsen og instinkt når dei tar avgjerder, medan analytiske tenkarar investerer meir tankeverksemd når problem skal løysast.

Å gjera seg for avhengig av smarttelefonen kan vera uheldig for personar med hang til å ta intuitive avgjerder, då det kan sjå ut til at teknologien gjer dei endå mindre motiverte til å bruka hjernen, fordi informasjonen bare er nokre skjermtrykk unna. Dei kan enda med å slå opp ting dei eigentleg veit eller lett kunne læra seg, men er uvillige til å ta jobben med å grubla seg fram til, seier Pennycook.

Dei canadiske forskarane understreker at det er for tidleg å seia noko om kor vidt smarttelefonane fører til lågare intelligens, men dei fann at intuitive tenkarar ofte brukte søkemotoren i staden for å tenka igjennom ting. Smarttelefonen gjev, slik dei ser det, intuitive tenkarar eit verktøy til å vera endå latare tenkarar. Om du avstår frå aktiv problemløysing, kan det ha alvorlege konsekvensar for hjernen når du eldest, hevdar forskarane, og held fram eit interessant poeng: Vi kjem truleg bare til å bli meir og meir avhengige av teknologiske hjelpemiddel som smarttelefonar. Det er viktig å undersøka korleis dette påverkar den menneskelege fysiologien før teknologien er så inkorporert at det blir vanskeleg å minnast korleis livet var utan.

– Kan henda er vi allereie forbi det punktet, seier medforfattar Nathaniel Barr.

Referanse: Barr, N., Pennycook, G., Stolz, J. A., & Fugelsang, J. A. (in press). The brain in your pocket: Evidence that Smartphones are used to supplant thinking. Computers in Human Behavior.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 52, nummer 4, 2015, side

Kommenter denne artikkelen