Du er her

Kjernejournalen

I midten av mars fekk alle innbyggarar i helseregion Vest-Norge og delar av helseregion Midt-Norge sin eigen kjernejournal.

Kjernejournal er ei ny elektronisk teneste som inneheld viktige opplysingar om enkeltpersonar si helse, som både innbyggarar og helsepersonell har tilgang til. Blir ein akutt sjuk, har helsepersonell rask og sikker tilgang til opplysingane i kjernejournalen, skriv Helsedirektoratet på helsenorge.no.

Kjernejournal erstattar ikkje journalen hos fastlegen, psykologen eller på sjukehuset, men utgjer eit viktig supplement, især i akuttsituasjonar der det hastar med å finna informasjon om helsetilstanden.

700 000 innbyggarar har per i dag fått kjernejournalen sin, skriv Helsedirektoratet. Planen er å utvida tilbodet til å gjelda for alle helseregionane i landet.

Innbyggarar som er registrert, kan sjølv gå inn på helsenorge.no/kjernejournal og registrera kontaktpersonar, sjukdomar og om dei har svekka syn, hørsel eller behov for tolk.

Ifølgje Helsedirektoratet vil journalen bli automatisk oppretta for alle innbyggarar i Noreg etter kvart som løysinga blir teken i bruk i kommunane. Det vil òg vera mogleg å reservera seg for tenesta.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 52, nummer 4, 2015, side

Kommenter denne artikkelen