Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Det ser ut til å vera ein samanheng mellom høg intelligens og det å vera engsteleg.
Alexander Penney og kollegaer fekk over hundre studentar til å svara på testar som kartla uro, angst, depresjon, grubling (rumination), sosial fobi, grubling på sosiale hendingar i fortida, verbal intelligens og ikkjeverbal intelligens. Deltakarane rapporterte også stemningsleiet sitt i testsituasjonen og angst i testsituasjonar, slik at ein kunne kontrollera for dette.
Dei som engsta seg og/eller grubla mykje, skåra høgare på verbal intelligens (målt med Wechsler Adult Intelligence Scale). Den positive korrelasjonen mellom verbal intelligens og tendensen til å uroa seg var statistisk signifikant (0,19). Saman med målingar av grubling, stemning og testangst blei verbal intelligens berekna til å forklara 46 prosent av variansen i engsting (worry).
Studentane som grubla mykje på sosiale hendingar i fortida, skåra derimot lågare på ikkje-verbal IQ.
Resultata må lesast med varsemd; dette er ein liten studie med eit ikkje-klinisk utval. Men det finst òg ein klinisk studie frå 2012 som fann korrelasjon mellom engsting og intelligens i ei testgruppe som var diagnostisert med generalisert angstliding, fortel BPS Media Centre.
Kjelde: Penney, Alexander et al. (2015). Intelligence and emotional disorders: Is the worrying and ruminating mind a more intelligent mind? Personality and Individual Differences, 74. S. 90–93. DOI: 10.1016/j.paid.2014.10.005
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen