Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Biologiske forklaringar reduserer helsearbeidarar sin empati med pasientane.
Matthew Lebowitz og Woo-young Ahn viste 200 psykologar, psykiatrar og psykisk helse-arbeidarar kliniske vignettar av pasientar med tilstandar som sosial fobi, depresjon eller schizofreni. Nokre lidingar blei forklarte med reine biologiske modellar som handla om gener og kjemiske prosessar i hjernen, andre med psykologiske faktorar som tapserfaringar eller å ha vore utsette for mobbing. Etter kvar vignett skulle helsearbeidarane skåra kjenslene sine i høve til ord som «medfølande», «uroa» og «varm».
Vignettar som blei følgde av biologiske forklaringar, førte til mindre empati enn psykologiske forklaringar gjorde. Dette gjaldt uavhengig av helsearbeidarane sin profesjon. Helsearbeidarane kjente like stor uro i møte med dei ulike forklaringane, så empatien med dei med psykologiske forklaringar kan ikkje vera ein effekt av at psykologiske forklaringar opplevest som meir urovekkande. Effekten blei gjenskapt i ein oppfølgingsstudie der pasientane blei ustyrte med forklaringar som blanda biologiske og psykologiske element, men der det eine eller det andre dominerte.
Lebowitz og Ahn meiner effekten kan koma av at biologiske forklaringar har ein avhumaniserande effekt, at pasienten står fram som eit system av interagerande mekanismar. Dessutan forsterkar slike forklaringar inntrykket av at lidinga er permanent, skriv BPS Media Centre.
Kjelde: Lebowitz, M. & Ahn, W. (2014). Effects of biological explanations for mental disorders on clinicians’ empathy Proceedings of the National Academy of Sciences, 111 (50), 17786–17790. DOI: 10.1073/pnas.1414058111
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen